Ei arbeidsgruppe beståande av politikarar og administrasjon, har arbeidd med bestillinga om å få sett av ei tomt i nærleik til Engelsvoll skule.

Gruppa landa på at to av fire alternativ dei fekk presentert av kommunens planavdeling, var dei beste å legge til grunn vidare:

Tomta der Engelsvoll barnehage ligg og ei av tomtene i Kvednadalen, den som gir størst sjanse for å unngå konflikt med verneverdig eikeskog.

Kommunestyret gjekk for det same, etter anbefaling av kommunedirektør Torild Lende Fjermestad.

Nokon vil akselerere, andre vil bremse opp

Politikarane var ikkje einige om kva for og kor mange tomter dei vil gå vidare med.

Ap ønskte å gå vidare med barnehagetomta, Kvednadalen og ei alternativ tomt på andre sida av fylkesvegen. Venstre og Sp ville gå for barnehagetomta.

Tore Bore (KrF) ville ha større fart på saka, og ønskte derfor å berre gå for tomta i Kvednadalen.

– Alternativ éin i saka, på det som no er barnehagen, vil tidsmessig plassere hallen på Klepp Stasjon nokså langt uti det blå, meinte han.

Børge Brunes (V) ville på andre sida sakke ned og sjå meir på behova i ein eventuell hall.

– Me må forstå problemet før me hoppar inn på løysing, sa han.

I vedtaket kommunestyret enda med, heiter det at tomta skal greiast ut under rullering av arealdel i kommuneplanen, som er etter valet neste år.

Brunes presenterte endringsforslaget om ikkje å greie ut tomta under rulleringa, men fekk berre med seg partifelle Martin Haukali på det. Derfor slo dei seg saman med Sp om å føreslå barnehagetomta.

– Betre å nytte arealet om igjen

Ein grendehall på barnehagetomta fordrar at barnehagen blir riven, ifølgje sakspapira. Plassane vil då etablerast i ein ny på Anda.

Ei barnehagetomt på Anda er allereie kjøpt, men det ligg ikkje inne midlar til denne i langtidsbudsjettet. Samtidig skriv kommunedirektøren at Kvednadalen har verneverdig eikeskog, som kan vere konfliktfylt.

Spennet mellom tidsbruk og arealbruk var ein stor del av diskusjonen i kommunestyret.

– Dagens barnehage kjem mest sannsynleg til å bli erstatta av ein ny på Anda-feltet. Areala til den gamle barnehagen vil då bli ledig, og det er etter vårt syn betre å nytte dette arealet om igjen, sa Roar Lima Grødeland (Sp), og heldt fram:

– Ein øydelegger eit flott område. Ikkje berre er det godt beite, men også viktige eiketre som det ikkje er så mange av i Klepp. Uansett kor ein plasserer ein hall i Kvednadalen, vil områdets karakter bli betydeleg rasert.

Morten Erga (H) slo også eit slag for barnehagetomta, men vil helst unngå å rive bygget frå 2002. Utan at han visste korleis løysinga kan sjå ut, uttrykka han eit ønskje om å gjere «noko smart» for å behalde bygninga.

– Noko kan jo vere at sjølve grendehuset og kjøkken kan vere der, i den grad det går an, eksemplifiserte han.