– Me har ekstremt fulle skular. Det bular nesten ut, uttalte leiaren av opplæringsutvalet i Rogaland, Anne Kristin Bruns (KrF), til Stavanger Aftenblad tidlegare i mai.
Fylket har store byggeplanar i Egersund, Sauda, Strand, fleire stader i Stavanger og på Øksnevad.
På Bryne er det ingen tilsvarande planar – sjølv om det også her er knapt om plassen.
Inne i ein elevtopp
Med 1671 elevar er Bryne vgs. den nest største vidaregåande skulen i landet, bak .
Medrekna vaksenopplæringa er elevtalet nærare 2200, ifølge tal frå skulen.
Rogaland fylkeskommune har nyleg gjennomført ein areal- og funksjonsanalyse som viser at skulen har for få teorirom, særleg for klassar med femten elevar.
Det manglar også rom til lærararbeidsplassar, fortel eigedomssjef Cathrine Ekeberg Gaaseby.
– For å redusera dette avviket jobbar me for tida med å auka leigd bygningsmasse. Det er viktig for oss å presisera at me per nå er inne i ein elevtopp, og det er venta at denne vil reduserast utover på 2030-talet.
Har kjøpt tomt
Dei langsiktige linjene for investeringar i skulebygg er omtalte i fylket sin , som er eit politisk vedtatt dokument.
«En må forvente fortsatt utstrakt leie, både til vgs, VOV og kroppsøving. Det vil trolig også være behov for ytterligere leie i tilknytning til arbeidstrening og hverdagslivstrening», heiter det i planen frå 2025.
Bodskapen er den same nå sjølv om fylket, i januar i år, betalte 7,2 millionar kroner for ein eigedom på 1,5 mål i Trallfavegen.
– Per nå har ikkje fylkeskommunen nokon plan for utvikling av eigedommen, og han blir nytta til parkering. Ved eit framtidig behov for å utvida Bryne vidaregåande skule, kan tomta nyttast, opplyser Ekeberg Gaaseby.
Kjøpet vart godkjent av politikarane i fylkesutvalet i januar 2025. På grunn av langtidssjukefråvær skjedde oppgjeret først i år.
Trongt for tre studieprogram
Eigedomssjef Ekeberg Gaaseby forklarer at fylkeskommunane har utvikla eit verktøy for å rekna ut kor mykje areal (i kvadratmeter) som trengst når det blir bygd eller rehabilitert vidaregåande skular.
Modellen som blir brukt i alle fylke utanom Oslo, tar utgangspunkt i ei normert fordeling av kvadratmeter per elev, tilpassa ulike typar utdanningsprogram og fellesfunksjonar.
Ein analyse frå april i år viser at utdanningsprogramma sal, service og reiseliv (med 106 elevar) og bygg- og anleggsteknikk (med 145 elevar) har vesentlege avvik frå arealnorma.
I tillegg til dei nemnde programma, manglar også utdanningsprogrammet teknologi og industrifag (med 268 elevar) areal.
Spreidd rundt på Bryne
Campusen til Bryne vgs. i Hetlandsgata består av tre bygg: A-, B-, C-bygget, som stod ferdige til opninga i 2015. Dei er eigde av fylket.
Fylket eig også Brynehallen – bygg D. Hallen ligg 400 meter unna, ved barneskulen og ungdomsskulen på andre sida av jernbanen, og er ein siste rest frå då Bryne hadde to separate vidaregåande skular.
For å ha plass til å driva skulen, leiger fylkeskommunen undervisningslokale og idrettsfasilitetar for 11,71 millionar kroner i året.
Av dette beløpet går 5,7 millionar kroner til Time kommune for leige av Bryne storhall og til Bryne FK for leige av Jærhallen.
Per i dag leiger fylket undervisningslokale i Sandtangen og fleire stader i Hetlandsgata og Vardheia.
Dette er utilstrekkeleg på kort og mellomlang sikt, opplyser eigedomssjefen. På grunn av «elevtoppen» har fylkeskommunen lagt til grunn eit auka behov i ein tiårsperiode.