Ånestadvegen
Dei fire husa som ligg på rekke her, kan verta rivne til fordel for bustadblokker. Foto: Håvard Ovesen

– Dette har halde på i 17–18 år. Me får sjå kor lang tid det går, seier ein lettare frustrert Erling Skretting i Sentrumsplassen AS til Jærbladet.

Tidlegare i vinter skreiv Jærbladet om Leksaren på sørsida av Varhaug. Her er det planlagt eit større bustadfelt, men dyre rekkefølgekrav har gjort at framdrifta har stoppa opp.

Vil fortetta på sentrumstomt

På andre sida av jernbanesporet, nærmare stasjonen, finst det òg planar. Blant anna vil Sentrumsplassen AS riva ned fire av dei gamle husa som står langs Ånestadvegen og erstatta desse med lågblokker eller fleirmannsbustadar.

Eit par andre aktørar har planar i same område, ein i Hagevegen, og ein annan på dei eigedommane som ligg i krysset mellom Buevegen og Ånestadvegen.

Nyleg vedtok Utval for samfunn å senda ut detaljreguleringa for eit av prosjekta, delfelt BBB1, på høyring. Delfeltet ligg ut mot Ånestadvegen. Det er her Sentrumsplassen AS vil bygga.

Her vert det opna opp for opp til 44 bueiningar i blokker som kan vera opp til seks etasjar høge.

Dette er eit av fleire døme Egdastrek har laga på korleis utbygginga av delfeltet langs Ånestadvegen på Varhaug kan komma til å sjå ut.
Dette er eit av fleire døme Egdastrek har laga på korleis utbygginga av delfeltet langs Ånestadvegen på Varhaug kan komma til å sjå ut. Foto: Foto: Egdastrek

Av detaljreguleringa går det fram at minst halvparten av dei planlagde leilegheitene må ha eit bruksareal på over 70 kvadratmeter. Av desse må minst 15 prosent ha tre soverom og vera retta mot familiar.

For kvar bueining må det vera minst 25 kvadratmeter uteopphaldsareal. Dette skal ha høg kvalitet, gode soltilhøve og vera mest mogleg samanhengande.

Det er ikkje lov med leilegheiter med bruksareal på under 45 kvadratmeter.

– Eit løft

– Det ser veldig godt ut. Denne fortettinga gjer eit løft til området, sa Framstegspartiets Håkon Kvia då politikarane i Utvalet diskuterte saka.

Kvia la òg vekt på at det er meininga å stenga mellom Ånestadvegen og Buevegen og i staden laga til eit parkområde i den sørlege enden av Ånestadvegen.

– Det er eit veldig godt tiltak, meinte Kvia, og fekk støtte frå Gunn Hege Skretting Sirevåg (H) og Magnus Ånestad (KrF).

Håkon Kvia (Frp), her saman med partifelle Tone Karin Slettebø, trur prosjektet i Ånestadvegen kan verta eit løft for Varhaug.
Håkon Kvia (Frp), her saman med partifelle Tone Karin Slettebø, trur prosjektet i Ånestadvegen kan verta eit løft for Varhaug. Foto: Foto: Håvard Ovesen (arkiv)

– Det er bra om det skjer noko her. Nå skal dette ut på høyring, så får me sjå kva som kjem. Me får håpa det går an å få til noko, sa Ånestad.

Då Jærbladet i etterkant av avgjerda snakka med den eine utbyggaren, Sentrumsplassen AS, gav leiar Erling Skretting uttrykk for noko av det same håpet. Men direkte optimistisk går det ikkje an å seia at han var.

Han seier at prosessen med å regulera området har halde på i mange år.

– Første gongen saka var oppe, kom det rekkefølgekrav til ein plass mellom 50 og 70 millionar kroner. Det seier seg sjølv at det forslaget var dødt med ein gong, seier han.

Kven får rekninga?

Rekkefølgekrav er ein type vilkår styresmaktene, i samband med plansaker, kan krevja vert innfridd før ein utbyggar får lov til å ta eit nybygg i bruk. Det handlar ofte om infrastrukturtiltak.

Områdeplanen for heile området mellom Ånestadvegen, Hagevegen, Buevegen og Skulegata vart vedtatt i fjor sommar. Der ligg det blant anna inne krav om støyskjerming, gang- og sykkelveg og utbygging av parkområde. Ingen ny bustad kan heller takast i bruk før dagens utkøyrsel til Buevegen er stengd.

Fleire av desse krava gjeld for alle dei tre delfelta der det er planar om bustadutbygging.

For å gjera trafikken tryggare, skal krysset mellom Buevegen og Ånestadvegen stengast.
For å gjera trafikken tryggare, skal krysset mellom Buevegen og Ånestadvegen stengast. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Her ligg kimen til noko av frustrasjonen Skretting kjenner på. For reglane fungerer i utgangspunktet slik at det er den første som bygger ut som må ta heile kosten ved rekkefølgevedtaka, sjølv om dei andre utbyggarane òg er avhengige av dei same tiltaka for å få ferdigattest for bygga sine.

– Spørsmålet er kven som vil starta opp først. Det ligg nokre millionar som må investerast her, før du får lov til å gå i gang med noko, seier Skretting.

Eit anna poeng er at sjølv om det nå er lite nye bustadar som kjem ut på marknaden på Varhaug, er marknaden likevel ikkje stor nok til at alle aktørane kan starta opp samtidig.

Vil ha kommunen på banen

Før jul skreiv Jærbladet om ei planlagt rundkøyring i Bernervegen på Nærbø. I dette området ligg fleire felt som er regulerte til bustad.

Problemet har vore at ingen av dei aktuelle utbyggarane vil gå i gang først, fordi dei fryktar dei endar opp med svarteper: Heile rekninga for ei rundkøyring som er sett som rekkefølgekrav for fleire utbyggingsplanar i same område.

For å få fortgang på utviklinga, har politikarane gått inn for å legga ut for rundkøyringa og heller krevja pengane betalt tilbake etter kvart som utbyggarane går i gang. Fordelinga av sjølve kostnaden vert ut frå kor mykje dei ulike eigedommane kan utviklast.

Ettersom denne rundkøyringa av ulike grunnar er usedvanleg dyr, har politikarane òg bestemt at kommunen skal ta delar av kostnaden.

Erling Skretting i Sentrumsplassen AS vil ha kommunen på banen for å få fortgang på utbyggingsplanane.
Erling Skretting i Sentrumsplassen AS vil ha kommunen på banen for å få fortgang på utbyggingsplanane. Foto: Foto: Håvard Ovesen (arkiv)

På Varhaug har det komme politiske signal om at kommunen kan vera med på noko av det same for å få fortgang på utbygginga av Leksaren.

Skretting ønsker seg ei liknande ordning for utbygging i området mellom Ånestadvegen, Buevegen og Hagevegen.

– Eg har prøvd å gjera eit arbeid for å få kommunen til å gjera opparbeidinga, slik at utbyggarane heller kan betala X antal kroner per bustadeining, fortel Skretting.

Så langt har han ikkje lukkast.

– Det må gjerast eit eller anna som gjer at me kjem i gang, viss ikkje stoppar utviklinga opp, seier han.

– Opp til utbyggarane

Ordførar Andreas Bjorland (KrF) seier at det nok ikkje vert aktuelt for kommunen å legga ut for eller betala delar av arbeidet med rekkefølgekrava i det sentrumsnære nabolaget på Varhaug.

– På Nærbø er tanken å få til ein avtale mellom de tre aktørane og få til ei fordeling. Det vert framleis slik at den som går i gang først tar rekninga for rundkøyringa, men så må dei andre ta sin del når dei går i gang med sitt, seier han.

Han understrekar at kommunen ikkje vil forskottera eller gå inn med eigne midlar i prosjektet. I prosjekt der kommunen er stor eigar eller har store interesser, kan det henda at dei gjer det, men stort sett har dei vore atterhaldne med dette, då dei er nøydde til å likebehandla alle aktørar.

Husrekka til høgre kan verta riven til fordel for fleire fleirmannsbustadar.
Husrekka til høgre kan verta riven til fordel for fleire fleirmannsbustadar. Foto: Foto: Håvard Ovesen

I tilfellet Leksaren stiller det seg litt annleis.

– Me kunne jo tenkt oss at rekninga der skulle vore fordelt på mange, men det er berre to aktørar på det prosjektet, seier Bjorland.

Her er det to rekkefølgekrav som gjer prosjektet særleg dyrt: Her krev fylkeskommunen ny rundkøyring og ny undergang under Varhaugvegen. Dette er krav kommunen ikkje har moglegheit for å lempa på.

– Spørsmålet er korleis kostnadane skal fordelast. Me har sagt at som kommune synest me det er viktig med ein undergang, og at me derfor kan vera med og bidra noko. Då er det ein til aktør å fordela på. Men i utgangspunktet må rekninga fordelast på dei aktørane som er, seier ordføraren.

Bjorland understrekar at i alle store prosjekt, vil kommunen setta seg ned med utbyggarane for å gå gjennom korleis dei kan la seg realisera.

– Men her er det nok opp til utbyggarane når dei kjem i gang, seier han.

– Kan verta fint

Skretting håpar Varhaug sentrum kan få ei oppgradering i Ånestadvegen.

– Det har vore så kolossalt mykje fram og tilbake i løpet av desse 17–18 åra. Nå får me håpa og sjå om det fell på plass, seier han.

Sjølv om reguleringsplanen opnar opp for blokker på opp til seks etasjar, tvilar Skretting på at dei vert så høge.

– Det skal mykje til for at dei kjem på meir enn to-tre etasjar. Marknaden er ikkje der i dag. Men for all del, dette kan verta fint. Det vert spennande å sjå om me får til noko. Her er det veldig sentralt, samtidig som det er litt luftig, med utsikt vestover over jernbanen, seier han.