Eit bilde frå 1972 viser to drivstoffpumper i Kvernelandsvegen 41. I bustaden og bilverkstaden frå 1960-talet har det også vore bakeri, kontor, galleri og studio.
Murbygget er lett pussa opp – éin hybel og éi leilegheit vart lagt ut på leigemarknaden i sommar – men på litt lengre sikt ønsker eigarane ein større transformasjon.
Det var ikkje den gamle bygningen, men det meklaren kalla ein «sjelden flott eiendom med «strandlinje» til Frøylandsvatnet» som gjorde at Frøy Panorama bladde opp 6,45 millionar i 2017.
Vart stoppa sist
På vegner av selskapet varsla Head Energy i august oppstart av reguleringsplanarbeid for den nesten to mål store tomta.
Konstellasjonen av eigarar er – med eitt unntak (sjå faktaboks) – den same som i 2017 vart nøydde til å avslutta planarbeidet.
Årsaka var at den dåverande vegeigaren, Statens vegvesen, i eit høyringssvar sa nei til direkte tilkomst frå Kvernelandsvegen.
Sidan den gongen har Rogaland fylkeskommune overtatt eigarskapet av vegen. Det er òg blitt klart at det ikkje er ønske frå nærmaste naboar i sør om å gå saman om ei større heilskapleg utbygging.
Både kommunen og fylket er samde om at all utvikling sør for eigedommen må bruka same tilkopling til Kvernelandsvegen som utbygginga på Kverneland fabrikk-tomta.
Frykta for presedens er derfor betydeleg mindre enn tidlegare, skreiv samferdselsavdelinga i fylket til kommunen i fjor sommar. Dermed var det igjen mogleg å ta fatt på planarbeidet.
«Takk for tilbakemelding og endelig svar fra fylket. Dette var positivt!» svarte éin av dei som har vore med frå starten, Terje Thingbø.
Frå éi til to blokker
Som del av planarbeidet er det utarbeidd ein stadsanalyse som viser kva som er mogleg og ønskeleg å bygga på tomta.
Analysen presenterer to alternativ: eit med éi større blokk og eit som er mindre kompakt, med to bygningar og totalt ni bustader.
I 2017 var ønsket til utbyggarane éi større blokk. Sidan den gongen er Kvernalandtorg fullført på andre sida av vegen, og kjem i tillegg til fleire store leilegheitsbygg i Leirfenvegen.
Nå er utbyggarane klare på at dei føretrekker det andre forslaget, for å tilpassa prosjektet til marknaden og til omgjevnadene. Vestsida langs vegen mot vatnet består av einebustader, og i nord, mot brua over Frøylandsbekken, er det eit par lågblokker.
Sjølve tomta er flat eit stykke innover frå Kvernalandsvegen. Ned mot vatnet skrår terrenget mykje, med cirka åtte meter.
Utbyggarane ønsker éi tripp-trapp-blokk med tre bustader, som får kvar sin terrasse vendt mot vatnet.
I neste byggetrinn kjem ei lågblokk i bakkant, med seks leilegheiter, der den øvste og tredje etasjen ligg an til å få utsikt.
Offentleg friområde i forkant
Heile eigedommen er regulert til sentrumsføremål, men kommunen har opna for eit reint bustadprosjekt under føresetnad om at det bidrar til ei attraktiv gateromskjensle.
Mot trafikkerte Kvernelandsvegen har kommunen etterlyst opnare fasadar i første etasje. Med tid og stunder er ambisjonen at fylkesvegen skal bli ei kommunal sentrumsgate.
I forkant av lågblokka blir det eit fellesområde for bebuarane. I forkant av den terrasserte blokka, heilt nede ved vatnet, blir det kommunalt friområde.
I kommuneplanen er det sikra eit grøntbelte langs vasskanten som det ikkje kan byggast på, frå Kverneland fabrikk-eigedommen og opp til Frøylandsbekken og kommunegrensa i nord.
Opp til og med verkstadeigedommen skal grøntbeltet vera ein park for allmenta. Langs plangrensa i nord er det teikna inn eit framtidig turdrag, som startar ved Frøylandsvatnet, går over bilvegen og opp Gretebakken.