– Andre er overraska, og er litt overraska sjølv òg. Eg har vore så lenge i Tine at det er blitt ein del av livet, seier Dag Madland frå Varhaug.

For mange er han mest kjent som musikar, i bandet Dag & Stasjonsungane og før det i Silo & Saft.

Men mannen har òg lang erfaring frå yrkeslivet utanom. Han gjekk inn dørene på Tine som automatikar-lærling i 1993 og blei fast tilsett i 1988.

Den siste tida har han vore fagleiar for produksjonsstyring og automasjon. Kontorplassen er framleis i Kviamarka, men jobben er på tvers av heile Tine sin produksjonskjede, forklarer han.

Datasenter under bygging: 7. april i år var dei kome så langt på anleggstomta til Green Mountain på Undheim.
Datasenter under bygging: 7. april i år var dei kome så langt på anleggstomta til Green Mountain på Undheim. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Trigga av anleggsarbeid

1. september skal Madland ein heilt annan veg: Til Green Mountain sitt datasenter på Undheim, som er under bygging.

– Eg har ikkje vore på jakt etter nytt arbeid. Men då det dukka opp ved middagsbordet at Green Mountain trengde folk, meldte eg interesse, seier Madland.

Steget er i grunnen ganske typisk for han, meiner han sjølv.

– Eg har alltid lyst til å læra nye ting og har skifta roller ein del i Tine. Det er heller ikkje så ofte det dukkar opp sjansar så lokalt. Det som verkeleg trigga meg, var tanken på å kunna vera med på å bygga anlegg og organisasjon i ein ny bransje.

For det minner han om det han kallar den mest spennande fasen i yrkeslivet til nå: Då han var med og la ned fire Tine-meieri og fekk det nye i Kviamarka opp og stå, i perioden 2010 til 2014.

Over fire av ti er mot nye datasenter

Bransjen han nå skal trø til i, er omstridt. Ei meiningsmåling som Norfakta nyleg gjorde for Klassekampen, viste at 44 prosent av dei 1004 spurte, svarte nei på dette spørsmålet: «Støtter du bygging av nye datasenter i Norge?». Kvar tredje av dei spurte svarte ja.

Den påtroppande driftssjefen vil ikkje meina noko om dette.

– Mitt fokus blir på det tekniske og på å gjera det beste ut av dette anlegget, seier han.

Han legg til:

– Men eg les jo aviser. Det er sunt med ein faktabasert debatt i Norge, både om dette og om utbygging av kraftproduksjon.

På handelslaget på Varhaug har fleire fått med seg at Madland skiftar jobb. Mange har gratulert, fortel han.

– Ingen har kome med negative tilbakemeldingar.

I sommar spelte Dag & Stasjonsungane med Jæren symfoniorkester. Men framover kan det bli sjeldnare å få oppleva Richard Madland, til venstre, Dag Madland og dei andre: Jobben på datasenter-anlegg blir neppe ein ni-til fire-jobb, trur Dag Madland.
I sommar spelte Dag & Stasjonsungane med Jæren symfoniorkester. Men framover kan det bli sjeldnare å få oppleva Richard Madland, til venstre, Dag Madland og dei andre: Jobben på datasenter-anlegg blir neppe ein ni-til fire-jobb, trur Dag Madland. Foto: Foto: Privat

Green Mountain rekrutterer

Ennå har han ikkje begynt i jobben, og han veit ikkje kor mange han får personalansvar for.

– Green Mountain skal ha rundt 50 tilsette på Undheim. Men kven som får personalansvar for kven, er ikkje avklart ennå, seier Madland.

Akkurat nå er han ein av 13 personar som Green Mountain har tilsett dei siste månadene, ifølge selskapet. Dei skal til slutt – når datasenteret er oppe og går – ifølge konsernet ha fått selskap av knapt 90 andre.

Langt ifrå alle vil vera tilsette i Green Mountain, men dei skal ha arbeidsstaden sin på Undheim.

Mindre tid til å underhalda

Varhaugbuen Madland reknar med at jobben som driftssjef vil vera nokså travel dei første åra. Det vil bety mindre tid til å gjera det andre han er særleg kjend for – å spela og synga med Dag & Stasjonsungane.

– Eg legg det nok ikkje vekk. Men eg vil prøva å ha litt færre planar, både med golfkøllene og med stasjonsungane. Me får ein del invitasjonar til å spela i 60-, 70- og 80-årsdagar. Så dette får vera eit varsel om at me ikkje kan seia ja til alt framover, seier Madland.