– Det går slag i slag.
Pål Undheim opnar døra for ein potensiell medarbeidar. Han skal tilsetta to eller tre nye i familiebedrifta P. Undheim, der han nyleg er blitt dagleg leiar.
Med på intervjurunden er byggmeister Jarle Kartevoll. Sist Jærbladet møtte han, var då P. Undheim lanserte bustadfeltet Bringen i Sælandsvegen for tre år sidan.
Kartevoll har for lengst busett seg i eitt av husa, og nå har han naboar på alle kantar. Også den nye lågblokka i Bruavegen, i sentrum, er selt ut og overlevert til kundane.
P. Undheim er klare for å bygga meir i Sælandsvegen og har ei tomt klar i Skjærpevegen, der ein grusplass skal bli seks bustader.
Det Jærbladet for godt to år sidan kalla ein aldri så liten byggeboom på Undheim, er ikkje over.
– Fantastisk. Me får berre håpa at det varer.
Ferdig regulert
Aktivitet og arbeidsplassar var grunngjevingane Pål Undheim kom med i 2021. Då stod han midt i reguleringsarbeidet for ei stor næringstomt langs Undheimsvegen.
– Det er drivet med arbeidsplassar som starta dette, for å halda den utviklinga me skal ha i bygda, sa han.
Etter ei justering av planen i 2023 er tomta ferdig regulert og lagt til rette for kraftkrevjande industri.
Bak planen står eit anna familieselskap, Weatherlands/VUU1, som har søkt kommunen om rammeløyve til å bygga datasenter.
Nyleg skreiv Stavanger Aftenblad at Green Mountain, éin av pådrivarane for Kalberg-utbygginga, er klare for å satsa på Høg-Jæren.
Ordførar Andreas Vollsund uttalte at utbygginga kan godkjennast administrativt, sidan ho er i samsvar med godkjent plan.
– Her er alt gjort etter boka, og planane er godkjende både av lokale, regionale og nasjonale myndigheiter. Eg trur at dette blir rein plankekøyring reint planmessig. Eg ser ingen som helst utfordringar, sa Vollsund til avisa.
Fått godkjenning
9. april gav administrasjonen JoB Arkitekter rammeløyve til oppføring av datasenteret i Undheimsvegen.
Vilkåret for løyvet er at utbygginga blir sett i gang innan seinast tre år.
Mette Berger Gulbrandsen, marknads- og kommunikasjonsdirektør i Green Mountain, skriv i ein uttale at dei ikkje er klare til å starta.
«For Green Mountain er Undheim-prosjektet fortsatt i en tidlig fase, og det er foreløpig ikke tatt noen avgjørelse om byggestart. Nå som rammesøknad er godkjent kommer vi til å bruke noe tid på videre vurderinger før vi kan ta en slik beslutning, skriv ho.
Berger Gulbrandsen skriv at Green Mountain ikkje har avklart kva selskap som eventuelt skal vera leigetakar.
Det kan bli éin eller fleire kundar, men det blir ikkje kryptovalutaaktørar eller verksemder som kan utgjera ein tryggingsrisiko for Green Mountain eller samfunnet, opplyser Berger Gulbrandsen.
Spørsmål om straumforbruk og arbeidsplasser er på nåverande tidspunkt for tidleg å svara på, skriv ho.
«Green Mountain har fått tildelt strøm til tomten som er regulert til kraftkrevende industri. Hvor mye vi har behov for kommer an på evt. leietakere og hvor mye vi velger å bygge ut. Men det er tilstrekkelig strøm for at vi skal kunne utvikle et solid prosjekt.»
Berre plass til data
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har gjeve konsesjon til eit datasenter på 100 megawatt langs Undheimsvegen.
Straumforbruket er fem gonger høgare enn då Weatherlands starta med planen fordi datasentera er blitt meir arealeffektive.
– Det har vore ei vanvitig utvikling i bransjen. Det er ei positiv endring, meiner Undheim.
Ifølge søknaden om rammeløyve, har dei to datahallane med tekniske bygg eit fotavtrykk på 32.600 kvadratmeter.
Medrekna alle etasjane er bruksarealet cirka 70.000 kvadratmeter. Fasaden er nesten 360 meter, viser tekniske teikningar.
Fasaden blir dermed like lang som Storgata på Bryne, målt frå torget til M44. Kjøpesenteret M44 er knappe 200 meter.
Storleiken på datasenteret gjer at det ikkje blir plass til anna næring som kan utnytta restvarmen frå datasenteret.
– Før var det tale om 20 megawatt. Når det er tale om så mykje meir, er det viktig å få til synergiane, seier Undheim.
Derfor har Weatherlands AS starta arbeidet med endå eit næringsområde, som tar sikte på å løysa eit skitproblem.
Frå torv til biogass på Myrebø
I 2027 begynner gjødselvareforskrifta å verka. Bønder som ikkje har ein plass å gjera av all gjødsla, må redusera buskapen tilsvarande.
Det har opna ein marknad for biogass. Anlegg av ulik storleik er under planlegging på Grødaland, Øksnavad, Skurve og Undheim.
Cirka 1,5 kilometer frå datasentertomta har Pål Undheim funne fleire grunneigarar som vil ha biogassanlegg på sin eigedom.
To av grunneigarane er Vidar og Else Undheim, som i 2022 fekk Time kommune sin kulturpris for å formidla kunnskap om torvskjering.
I framtida kan det bli biogass- og gjødselproduksjon på Myrebø, der overskotsvarmen kan nyttast til å fjerna fosfor frå gjødsla.
Det er eitt av svara til konkurrenten på industriområdet Skurve i Gjesdal, som meiner anlegget på Undheim har gal plassering.
Pål Undheim seier at Skurve-anlegget blir mange gonger mindre enn deira, og at det ikkje løyser problemet med fosfor.
– Det er ingen vits for bøndene på Jæren å levera inn gjødsel viss dei ikkje får det tilbake utan . For det er fosfor som avgrensar kor mykje gjødsel dei kan køyra ut. Så det er det me meiner er hovudnøkkelen her oppe.
Planen er å legga til rette for eit biogassanlegg med kapasitet på mellom 350 og 500.000 tonn gjødsel i året.
Med iblanding av hønselort, blir gjødsla dessutan meir næringsrik enn den husdyrbøndene leverer til anlegget.
Innafor ei rekkjevidd på 25 kilometer skal det finnast tilgang til 850.000 tonn gjødsel, medrekna hønselorten.
Hastar med avklaringar
Anlegg av dimensjonane som er planlagt på Undheim, er ikkje i tråd med .
Utval for lokal utvikling har i ei prinsippfråsegn sagt ja til planoppstart, på bakgrunn av innsendt planinitiativ og stadsanalyse.
I stadsanalysen skriv Vial at planområdet består «hovedsakelig av morenemateriale, med usammenhengende eller tynt jorddekke over berggrunnen, samt torv, myr og bart fjell».
– Eg forstår at det blir stilt spørsmål, men skal me ha det ein plass, må me ha det ein plass der det er minst mogleg produksjon i dag. Viss du skal leita etter ei anna tomt på 100 mål, så finn du ikkje det, seier Pål Undheim.
Statsforvaltaren i Rogaland kom i september 2024 med ein uttale om korleis biogassanlegg bør etablerast, som i prinsippet opnar eit ekspress-spor for biogassanlegg.
«Dei klare nasjonale måla om bruk av husdyrgjødsel inn i biogassproduksjon tilseier at vi må søkje ei løysing med raskast mogleg resultat», står det i uttalen.
Uttalen frå Statsforvaltaren seier at det er nødvendig med planprosess, men at det kan ta for lang tid å venta på ei avklaring i kommuneplanen. Det vil i så fall bli stilt store krav til konsekvensutgreiing.
Lunkne svar
«Time bondelag er positive til biogassanlegg. Dette er eit viktig klimatiltak i landbruket. Det er mange aktører i marknaden, så det er viktig å passe på kor dei plasserast, for å unngå unøding transport.»
Den generelle høyringsuttalen frå Bondelaget tar ikkje stilling til det saka handlar om: Er Undheim rett plassering?
Mindretalet i utval for lokal utvikling røysta for eit alternativt forslag om å venta med oppstarten av detaljregulering for biogass på Undheim.
Ap, KrF, Sp og SV ville behandla plassering av biogassanlegg i samband med rulleringa av kommuneplanen.
«Omregulering av 150 dekar landbruksjord er svært omfattande», står det i grunngjevinga.
Heile Rogaland har regionalt jordvernmål om maksimalt 200 dekar omdisponert i året i heile fylket.
I høyringa vurderer Rogaland fylkeskommune at planen «har eit relativt høyt konfliktnivå», med referanse til jordvernmålet. Statsforvaltaren i Rogaland rår ifrå at det blir gått vidare med arbeidet.
Statsforvaltaren peikar òg på jordvern i sitt svar, men aller mest på vassdrags- og naturomsyn. NVE har ikkje sett fram liknande bekymringar i sitt høyringsinnspel.