– Søk dekning. Hald dykk inne og hald dykk unna vindauga.
Det er meldinga Håvard Garpestad i Timevegen 141 fekk frå politiet.
Han bur på éin av gardane som plutseleg fekk besøk av væpna politi fredag kveld.
– Eg er på ein nabogard, men dei som er heime, søker dekning, fortalde Garpestad på telefon då situasjonen enno ikkje var avklart.
Han sa at politiet ikkje ville seia nok om bakgrunnen for oppmodinga, men hadde høyrt andre i familien fortelja at det var fyrt av skot.
Jærbladet snakka òg med ein annan bonde, som vart overraska av to politi med hjelm og våpen utanfor maskinhuset.
Då meldinga om falsk alarm kom, skulle han inn til barna og kona, som var redde.
Meldingar om skot
– Det såg voldsomt ut, med mange ressursar til stades, men det var heilt avgjerande ut frå dei første meldingane me fekk, seier innsatsleiar Gunn Beate Stendal.
To ting skjedde nesten samstundes fredag kveld:
- Politiet fekk melding frå ein person som melde om ei alvorleg valdshending som vedkomande skulle ha utført.
- Det vart høyrt fleire skot.
Politiet brukte tid på å skilja hendingane frå kvarandre og koma i kontakt med ein person som hadde skote på blink.
– Då kunne me avklara og få verifisert at det ikkje hadde noko å gjera med hendinga som først vart ringt inn til politiet. Då vart det ei isolert hending me måtte jobba vidare med, seier innsatsleiaren.
Falsk melding
Etter å ha arbeidd med fleire hypotesar og leitt på land og i lufta, utan å finna skadde, gjekk politiet ut med ei pressemelding som forklarer innringinga med fenomenet «swatting».
– Det er gjerne folk som er på ein heilt annan stad og ringer inn ei falsk melding, skjult gjennom dataprogram som kan gjera det vanskelegare å identifisera dei rette personane. Me hadde ei adresse, ikkje nødvendigvis dei rette personane, som gjer at det blir sett i verk ein stor politiaksjon, seier Stendal.