STOR VEKST: Det siste året har Strikkemekka opplevd stor vekst. Eit nytt robotlager kortar ned behandlingstida av pakkane.
STOR VEKST: Det siste året har Strikkemekka opplevd stor vekst. Eit nytt robotlager kortar ned behandlingstida av pakkane. Foto: Gunvor Horpestad

Sidan starten av koronapandemien i mars i fjor har det vore ein strikkeboom i Noreg, det merka dei godt til hjå Strikkemekka som held til på Orstad. Denne veka opna dei nytt robotlager, kanskje som første garndistributør i verda.

– Me har hatt ein ekstremt stor vekst. Det er ein av grunnane til at me har investert i det nye robotlageret, fortel eigar og dagleg leiar Eirik Fuglestad.

I det nye lageret har Strikkemekka nytta 700 boksar som inneheld varer som garn og strikkepinnar. Totalt inneheld heile lageret 1.5 million garnnøste, og framleis har dei ikkje teke i bruk heile lageret.

Meir effektivt

Den store veksten har gjort at dei tilsette ved lageret på Orstad har mykje å gjera.

– Dette er ei investering i våre tilsette. Det å jobba på lager er ofte tungt arbeid, og ein kan få belastningsskadar og liknande. No treng dei ikkje lenger klatra opp i reolane for å henta varene og får litt andre oppgåver, seier Fuglestad.

SIKKERHEIT: Skulle det skje noko med robotlageret har fleire av dei tilsette fått opplæring og kan setja seg i rullestolen for å fiksa opp. – Eg gruer meg til dei krasjer, men dei skal i utgangspunktet ikkje gjere det, seier dagleg leiar.
SIKKERHEIT: Skulle det skje noko med robotlageret har fleire av dei tilsette fått opplæring og kan setja seg i rullestolen for å fiksa opp. – Eg gruer meg til dei krasjer, men dei skal i utgangspunktet ikkje gjere det, seier dagleg leiar. Foto: Foto: Gunvor Horpestad

Det nye lageret vart opna denne veka, og det har Fuglestad kan fortelja at dei tilsette er veldig tilfreds med dei nye oppgåvene.

– Nokon vil gjerne tenka at me vil seie opp tilsette no som prosessane blir effektiviserte, men det gjer me ikkje. Den siste tida har me vekse så mykje at me har bruk for alle dei tilsette me har for å få unnagjort behandlinga av bestillingane, seier Fuglestad.

ENKELT: Gjennom porten i bordet kjem kassane opp. På skjermen får lagerarbeidarane beskjed om kva dei skal ha med i bestillingen.
ENKELT: Gjennom porten i bordet kjem kassane opp. På skjermen får lagerarbeidarane beskjed om kva dei skal ha med i bestillingen. Foto: Foto: Gunvor Horpestad

På sikt vil pakkinga av varer gå endå raskare enn det gjer no.

– Det tar litt tid å setja seg inn i dei nye rutinane, men innan kort tid har me planar om å korta ned behandlingstida av bestillingane. Før har det gjerne tatt ein til to dagar, men no er målet at det ikkje skal gå meir enn fem timar.

Behandlingstida er tida det tar frå behandlinga er registrert i nettbutikken til varene er sendt frå lageret.

Store planar

Det nye lageret er ikkje berre ei investering i dei tilsette, det er også ei investering i framtida. Etter den store veksten har nemleg eigaren planar om å nå lenger enn landets grenser.

– Me er store i Noreg no, men på sikt har me planar om å sende varer verda rundt. Det er ingen problem å levere varer til England dagen etter bestillinga er gjennomført, seier Fuglestad.

FLEIRE LEVERINGAR: Dagleg kjem ulike transportørar å henter dei ferdige leveringane. Frå lageret på Orstad er det kort veg til godsterminalen på Ganddal, noko som sikrer at leveringa til kundane er rask.
FLEIRE LEVERINGAR: Dagleg kjem ulike transportørar å henter dei ferdige leveringane. Frå lageret på Orstad er det kort veg til godsterminalen på Ganddal, noko som sikrer at leveringa til kundane er rask. Foto: Foto: Gunvor Horpestad

Det er derimot ikkje berre garn og strikketilbehøyr som blir selde i nettbutikken, det gjer og 5000 ulike strikkepakkar med oppskrifter.

– Det er ein komplisert prosess. For å nå til England må me ha oppskrifter på engelsk, i Italia oppskrifter på italiensk, då må dei omsetjast, seier han.