– Mellom halv seks og ni køyrer eg opp og ned mellom Samfunnshuset og datasenteret. Etter halv tre skyssar eg folk ned frå datasenteret til Samfunnshuset. I timane imellom køyrer eg etter behov, seier Tom Haagensen.

Kjell Haagensen køyrer shuttlebuss for Vigrestad Buss mellom Undheim samfunnshus og datasenteret. Der er parkeringsplassen full. Endå mange fleire skal jobba på anlegget i bygginga, så nå er det òg shuttlebuss heilt frå Stavanger til byggeplassen.
Kjell Haagensen køyrer shuttlebuss for Vigrestad Buss mellom Undheim samfunnshus og datasenteret. Der er parkeringsplassen full. Endå mange fleire skal jobba på anlegget i bygginga, så nå er det òg shuttlebuss heilt frå Stavanger til byggeplassen. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Tidlegare har han frakta elevar i skuleskyss. Nå sit pensjonisten bak rattet på bussen frå Vigrestad Buss, ein av mange viktige brikker i prosjektet som har gjort at parkeringsplassen ved Samfunnshuset på Undheim er smekk full av bilar kvar dag.

Lenger enn dit får dei fleste som jobbar på datasentertomta ikkje køyra.

Opp bakkane til byggeområdet er det shuttlebuss som gjeld. Anten frå samfunnshuset, eller heilt frå Stavanger sentrum.

Folk som jobbar på byggeplassen, må ta shuttlebuss frå Stavanger eller frå samfunnshuset på Undheim og gå av i den sonen der dei jobbar.
Folk som jobbar på byggeplassen, må ta shuttlebuss frå Stavanger eller frå samfunnshuset på Undheim og gå av i den sonen der dei jobbar. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Altfor stor leveranse

For tida jobbar mellom 150 og 250 arbeidsfolk utandørs med strukturane som skal bli datahallar, kjøleanlegg, kontorbygg, vaktbuer og dieselmagasin for naudaggregat. Mellom 75 og 100 andre har administrative oppgåver i dei svære kontorbrakkene som er sett opp.

Utover hausten og vinteren vil dei bli mange fleire. På det meste vil opp mot 600 personar jobba på området, ifølge datasenter-eigar Green Mountain.

Denne dagen, 19. august, får to gjester omvising på anlegget, i tillegg til Jærbladets utsende:

Børre Lobekk og Kenneth Lia frå Bryne næringsforening, den første styreleiar, den andre dagleg leiar.

Lobekk er dessutan konsernsjef i Nordic Steel Group – som førebels ikkje har landa oppdrag i Green Mountain sitt datasenter-prosjekt. Stålarbeidet i hovudstrukturane er det finske Finn Contractor som gjer.

Utanfor kommandosenteret ser ein heile anleggsområdet. Denne dagen var Bryne næringsforening på besøk, ved dagleg leiar Kenneth Lia (t.v.) og styreleiar Børre Lobekk (nr. tre frå venstre). Dei blei tatt imot av driftsdirektør Stig Erlend Eidså i Green Mountain, (nr. to frå venstre) og prosjektleiar Arne-Reidar Rasmussen.
Utanfor kommandosenteret ser ein heile anleggsområdet. Denne dagen var Bryne næringsforening på besøk, ved dagleg leiar Kenneth Lia (t.v.) og styreleiar Børre Lobekk (nr. tre frå venstre). Dei blei tatt imot av driftsdirektør Stig Erlend Eidså i Green Mountain, (nr. to frå venstre) og prosjektleiar Arne-Reidar Rasmussen. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

– Me hadde ikkje hatt sjanse på den leveransen. Det trur eg ingen her i regionen ville hatt, seier Lobekk til Jærbladet.

– Men Nordic Steel kan bli relevant når innvendige sekundærstrukturar skal leverast, litt lenger fram, trur han.

Lova å hyra lokalt næringsliv

I mars heldt Green Mountain og hovudentreprenør Backe frukostmøte på Bryne kro og hotell, der 110 personar frå 80 bedrifter stilte for å høyra om sjansane til oppdrag i byggeprosessen på Undheim.

Green Mountain sin driftsdirektør Stig Erlend Eidså (i midten) og kommunikasjonssjef Mette Berger Gulbrandsen var med og viste rundt då dagleg leiar Kenneth Lia i Bryne næringsforening besøkte datasenter-anlegget. Bak HMS-rådgivar Jan Lien.
Green Mountain sin driftsdirektør Stig Erlend Eidså (i midten) og kommunikasjonssjef Mette Berger Gulbrandsen var med og viste rundt då dagleg leiar Kenneth Lia i Bryne næringsforening besøkte datasenter-anlegget. Bak HMS-rådgivar Jan Lien. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Hensikta til Backe var å kunna tilby mest mogleg til lokalt næringsliv, på Jæren eller i Rogaland, før dei eventuelt gjekk vidare ut, forklarte Backe sin kommunikasjonssjef.

Etter møtet hadde hovudentreprenøren 48 interesserte bedrifter på lista.

26 lokale bedrifter

Til denne dagen har totalentreprenør DC Nordics (eit fellesføretak av entreprenør Backe og installasjonskonsernet Bravida) signert kontraktar om varer eller tenester med rundt 100 bedrifter som er registrert i Rogaland eller som har ei underavdeling i fylket, opplyser kommunikasjonssjef Mette Berger Gulbrandsen i Green Mountain.

26 av desse er lokale firma (sjå faktaboks).

– Me er i rute, seier prosjektleiar for bygg og anlegg i DC Nordics, Arne-Reidar Rasmussen.
– Me er i rute, seier prosjektleiar for bygg og anlegg i DC Nordics, Arne-Reidar Rasmussen. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Maks 15 km i timen

Prosjektleiar for bygg og anlegg i DC Nordics er Arne-Reidar Rasmussen. Han loser gjestene – godt påkledde i lysande gult med vernehjelm, -briller og -skor – gjennom oppmerkte trasear på det enorme byggeområdet.

Alt som rullar med motor på området, har 15 kilometers fartsgrense, og rutene er einvegskøyrde.

På høgdene bak anleggsområdet ruvar vindturbinar med blad som denne dagen sviv sakte.

Det rumlar, buldrar, kvin og durar frå kraner, gravemaskinar, dumparar og andre anleggsmaskinar som er i ferd med å reisa strukturane til datasenteret.

Enorm aktivitet på den digre datasentertomta 19. august 2026.
Enorm aktivitet på den digre datasentertomta 19. august 2026. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

I 2028 skal det ferdige anlegget setjast i drift og romma data for ein hemmeleg kunde.

Alt Green Mountain har villa seia om denne kunden, er at det er eit vestleg, internasjonalt selskap som er blant dei største i verda, og som ikkje ønsker å eksponera kor det har sine data.

– Eg er jo byggemann sjølv og er enormt imponert over dette, sa Nordic Steel-sjef Børre Lobekk (t.h.) til Green Mountains driftsdirektør Stig Erlend Eidså (t.v.) og prosjektleiar i DC Nordics, Arne-Reidar Rasmussen.
– Eg er jo byggemann sjølv og er enormt imponert over dette, sa Nordic Steel-sjef Børre Lobekk (t.h.) til Green Mountains driftsdirektør Stig Erlend Eidså (t.v.) og prosjektleiar i DC Nordics, Arne-Reidar Rasmussen. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

– Er i rute

– Me er i rute, stadfester Arne-Reidar Rasmussen.

– Noko er før skjema, noko er bak. I hovudsak ligg me veldig godt an, seier han.

Rasmussen, som kjem frå Backe-systemet, har vore med på bygginga av Lyse sitt bygg på Jærvegen og på Smedvig-bygget i Stavanger sentrum.

– Men eg har aldri jobba på noko større enn dette, seier han.

Strukturane til datasenteret veks fram. Slik såg dei ut 19. august.
Strukturane til datasenteret veks fram. Slik såg dei ut 19. august. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Døgndrift

På denne byggeplassen er det aktivitet frå sju om morgonen til midnatt, men i periodar også heile døgnet, som når jernbindarane har det travelt. Dei støyar ikkje, forsikrar Rasmussen.

Å få alt til å skje i rett rekkefølgje, er ei enorm informasjons- og koordineringsoppgåve.

– Den største utfordringa er kommunikasjon. Her er mange som skal ha informasjon, seier Rasmussen.

I ei av brakkeriggane ligg kommandosenteret. Der treffest rundt 30 leiarar kvar dag for å sikra at alle veit det same og kan formidla viktige opplysningar vidare til sine tilsette.

Hundrevis av folk i mange titall firma skal få ting til å skje i rekkefølge. Det krev god informasjonsflyt. Til det har DC Nordics laga ein app.
Hundrevis av folk i mange titall firma skal få ting til å skje i rekkefølge. Det krev god informasjonsflyt. Til det har DC Nordics laga ein app. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Kommunikasjons-app

Til å hjelpa seg har leiinga òg ein app. Den er på norsk og engelsk, og blir gjort tilgjengeleg for alle som skal jobba på anlegget. Der ligg mellom anna HMS-reglementet, og der kjem nyheiter som er relevante.

– Viss folk ikkje kommuniserer godt nok, kan ein misforstå kvarandre. Derfor har alle tilgang til denne kanalen, seier prosjektleiaren.

Denne fasen i arbeidet er likevel ikkje den mest komplekse, ifølge prosjektleiar Arne-Reidar Rasmussen.

Neste fase meir kompleks

– Det er ikkje så vanskeleg å byggja. Utfordringa er mykje større når den tekniske infrastrukturen skal på plass i neste omgang, med kjøling, straum og å bli kvitt varmen effektivt. Det er eksepsjonelt komplekst, seier han.

Ein god del operasjonar på byggeplassen er definert som «høg-risikable». Men denne augustdagen ser HMS-statistikken til nå svært bra ut, ifølge leiinga.

– Me har hatt ein klemt finger. Ingen har vore sjukmelde på grunn av arbeid, seier HMS-rådgivar Jan Lien.