Det var Inga Hovda som først hadde ideen: Hadde det ikkje vore kult å gjera noko i Nærbøparken?
Kunst i parken
Hovda, som driv med bildekunst, har tidlegare vore med på det som heitte Kunstvandring i Sandvedparken.
Kunstvandringa i Sandnes, som rekna seg sjølv for å vera Rogalands største utandørs kunstutstilling, har dei siste åra lege brakk. Tidlegare i år oppsøkte Hovda Merethe Elin Kvia, leiar i Hå frivilligsentral, for å høyra om dei ikkje kunne få til noko liknande på Nærbø.
Kvia tente på ideen, og saman med Linda Tendenes og Kaj Stokkeland tromma dei saman ein arrangementskomité for det som har fått namnet «Kunst i parken».
– Me inviterer kunstnarar til å stilla ut og selja kunsten sin, seier Kvia.
Så langt har dei ti-tolv påmelde kunstnarar, både lokale og tilreisande. Kvia seier dei har plass til langt fleire.
– Eg trur det kan verta veldig bra. Dei kunstnarane eg har snakka med er i alle fall veldig engasjerte, og gler seg til å stilla ut tinga sine, seier ho.
Tanken er at kunstnarane anten kan nytta salsbuene som står i parken frå før av, eller dei kan stilla ut i eigne partytelt. Det siste skal Hovda gjera.
– Eg får ikkje plass til bilda mine i ei salsbu, seier ho.
Ulike uttrykk
Komiteen lokkar med eit vidt spekter av forskjellige uttrykk, med alt frå måleri og fotografi til treskjering.
– Det er gildt når me får mangfald på det. Når det kjem til kunst, er smaken som baken: Delt. Me liker ulike ting, seier Kvia.
Kulturskulen i Hå kjem òg til å nytta høvet til å stilla ut, og kjem truleg òg til å arrangera litt kunstaktivitetar for dei som vil vera med på det.
Thailand by Nichcha skal selja mat. I tillegg kjem dei som driv paviljongen til å selja vaflar og is.
– Me satsar på kanonvêr, seier Kvia.
Arrangørane reknar med å trekka til seg eit stort publikum.
– Me håpar folk tar turen. For dei som bur innover eller i Eigersund er det lett å komma seg til Nærbøparken, om dei tar toget. Me håpar dei vil bruka litt tid her på laurdagen eller sundagen, seier Kvia.