– Den store spennvidda er noko av det som gjer jobben så spennande.
Det seier Svein Olav Nesse, som sidan 2014 har vore kyrkjeverje i Hå.
Allsidig
Kyrkjeverja er dagleg leiar for det kyrkjelege fellesrådet i kommunen.
Fellesrådet har ansvar for den daglege drifta av kyrkjene, kyrkjebygga og kyrkjegardane, inkludert økonomi og administrasjon.
Fellesrådet er òg arbeidsgjevar for alle kyrkjetilsette unntatt prestane, som er tilsette av Den norske kyrkja.
Kyrkjeverja i Hå er sjef for om lag 30 tilsette.
– Det er eigentleg ei veldig allsidig stilling. Veldig mykje handlar om dei fire hovudoppgåvene gravplassforvalting, økonomi, personal og kyrkjebygg. Det er eit stort spenn, men det er òg det som gjer det interessant. Det er mange oppgåver å gripa fatt i og utfordringar å ta tak i, seier Nesse.
Han har vore kyrkjeverje i Hå sidan 1. februar 2014.
Han seier Hå-kyrkja er prega av det gode drivet av frivillige medarbeidarar og folk som vil noko.
– Det er mange som har gode tankar om korleis ting kan gjerast og kva tiltak som skal satsast på. Det er mange som vil mykje. I tillegg har me veldig dedikerte medarbeidarar her, seier Nesse.
Samarbeidet med kommunen er godt, og gjevartenesta er ivrig.
Nesse håpar dei vil halda seg like driftige i framtida.
Oppgåver i kø
Mange oppgåver ventar på den personen som skal ta over kyrkjeverjejobben.
– Det er mykje på gang. Det er snakk om utviding av Nærbø kyrkje og utviding av kyrkjestova på Varhaug. I tillegg held me på med ein eigen gravplassplan, berre for å nemna noko, seier Nesse.
I tillegg kjem alt det daglege arbeidet, beredskapsplanar og så vidare. Det er heile tida ting som må følgast opp.
Jobben er heller ikkje utan utfordringar.
For nokre år sidan la kyrkja i Hå om gravferdstidspunkta, frå klokka 11:00 og 13:00 til klokka 10:30 og 12:30.
Det førte til mykje støy. Mange hadde sterke meiningar i ulike retningar.
– Men eg må tenka at eg har ansvaret for folk. Me kan ikkje forventa at folk skal jobba overtid kvar dag det er gravferd. Det blir mykje når det er mellom 160 og 170 gravferder i året, seier Nesse.
Har drive gard
For kyrkjeverja blei saka ein balansegang mellom personalpolitikk og omsyn til dei pårørande.
Noko av det gildaste Nesse har vore med på, var å restaurera to orgel, eit i Varhaug kyrkje og eitt i gamle Nærbø kyrkje.
– Det har vore veldig gildt å få lov til å vera med og bidra til at me får ha gode, framtidsretta instrument i kyrkjene våre, seier Nesse.
I same gate er den nylege restaurasjonen av den gamle altertavla i Varhaug kyrkje, utført av målerikonservatorar frå Arkeologisk Museum, og restaurasjonen av middelaldermurane ved Ogna kyrkje.
– Og så er eg glad for at me har fått minnelund på alle gravplassane våre, seier Nesse.
For å vera kyrkjeverje må ein vera medlem av Den norske kyrkja. I jobbyutlysinga, som nå ligg ute, står det òg at kjennskap til den norske kyrkja og interesse for kva rolle kyrkja speler i samfunnet er ein fordel.
Då Nesse kom til jobben, var det etter å ha vore dagleg leiar i kyrkjelydane Høyland og Lura i Sandnes. Han har òg vore fjosmeister ved Øksnevad vidaregåande skule, jobba i administrasjonen på Bildøy Bibelskule i Bergen, og jobba i ulike stillingar rundt om i landet for Indremisjonen.
– Eg har vore ganske mange plassar, seier Nesse.
Parallelt har han drive gard heime i Klepp. Sonen hans tok nyleg over drifta.
Nok å henga fingrane i
Nesse er likevel ikkje redd for at han ikkje skal ha nok å gjera på når han går av med pensjon 1. mars neste år. Han har ei gild kone, fire ungar og åtte barnebarn, i tillegg til hus og hage.
– Og når du bur på gard, er det alltid noko å henga fingrane i, seier Nesse.
Han trur det uansett blir greitt å få litt meir fri enn det kombinasjonen av kyrkjeverje og bonde har opna for.
– Har det vore fri frå den eine jobben har stort sett vore noko på den andre. Nå kan det vera tid for å komma seg rundt og kikka litt, seier Nesse.
Han ser heller ikkje vekk frå at han kjem til å engasjera seg i frivillig arbeid, blant anna i den nye kyrkja i Klepp.
– Eg trur ikkje eg blir arbeidsledig. Så lenge helsa held, liker eg å vera med på ting, seier Svein Olav Nesse.
Hå kyrkjelege fellesråd har engasjert rekrutteringsbyrået Knif Jobb for å finna ny kyrkjeverje. Fristen for å søka på jobben er 28. september.