Ein dag banka det på døra, og på trappa stod to blide jenter med ei korg full av godsaker. Der var frukt og brus, sjokolade og andre søtsaker, pluss billettar til gratis lunsj.

Patruljen har vore flink og fått støtte frå fleire. På eit kort stod det: «Ei korg med sommarglede. God sommar! Frå Gledespatruljen, Rosseland skule».

Snakk om uventa, gledeleg overrasking. Tusen takk! Eg undrar på om mange fleire (kanskje helst eldre?) også fekk slikt besøk. Då eg gjekk på barneskulen, lærte me visdomdordet: «Den største gleda ein kan ha, det er å gjera andre glad».

Så eg håpar medlemmene i Gledespatruljen også har hatt glede av dette.