Torild Kleiberg Tveit var fornøgd med kommunen i fjor. Men i år lèt dei graset veksa høgt – til og med for høgt for fuglane, meiner ho.
Torild Kleiberg Tveit var fornøgd med kommunen i fjor. Men i år lèt dei graset veksa høgt – til og med for høgt for fuglane, meiner ho. Foto: Snorre Standish Norheim

Grasflekken langs turstien var som ei forlenging av hagen, hugsar Torild Kleiberg Tveit. Kommunen kom og klipte han fleire gonger i løpet av det første året ho og mannen budde i atriumhuset ved Tjødnå.

I år var det annleis, merka naboane i enden av Kong Haakons veg. Kleiberg Tveit venta at kommunen nok ville koma til 17. mai.

Og om ikkje dei gjorde det, så ville dei i alle fall gjera det til det store triatlonstemnet, som trekk til seg folk frå fjern og nær.

Men det skjedde ikkje, og plenen som var så nydeleg i fjor, var blitt ein åker.

I midten av juni sende Kleiberg Tveit ei venleg påminning til kommunen, der ho ønskte gartnaretaten snarleg velkomne – til glede for alle som nyttar friområdet, og naboane som har utsikt mot plenen.

Torild Kleiberg Tveit stortrivest med å følga med på fuglar og folkelivet ved Tjødna. Når graset er høgt, er det ingen som bruker området framfor huset til å turna eller spela fotball på.
Torild Kleiberg Tveit stortrivest med å følga med på fuglar og folkelivet ved Tjødna. Når graset er høgt, er det ingen som bruker området framfor huset til å turna eller spela fotball på. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Ufyse for ungane

Spurt om grasflekken blir Kleiberg Tveit nesten litt brydd. For éin ting er graset framfor atriumhuset, eigentleg tykkjer ho dei store grøntområda på Eivindsholsfeltet er mykje viktigare.

– Dette er ein filleting i forhold, det er mange stader det er vel så ille. Du skal få sjå når me tar ein tur rundt, seier ho.

Etter å ha vist fram hagen sin, som ho og mannen held på å oppgradera, tar ho Jærbladet med på ein spasertur i nabolaget.

Fram til gartnarane kom for om lag éi veke sidan, stod graset opp til livet på ungane.

– Dei synest det er ekkelt. Det blir ufyse, seier ho.

Når graset blir høgt, ønsker ikkje ungane å leika der. Og områda er jo til for å brukast, resonnerer Torild Kleiberg Tveit.
Når graset blir høgt, ønsker ikkje ungane å leika der. Og områda er jo til for å brukast, resonnerer Torild Kleiberg Tveit. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Kjem klagar jamt og trutt

– Viss du berre skal tenka økonomisk, bruker dei sikkert ein dag på å ta området rundt her. Men når du får det innpå deg, tenker du sjølvsagt ditt, seier Kleiberg Tveit.

Ikkje alle er så milde i forma som henne, når dei kontaktar kommunen.

Ein annan innbyggar på Rosseland brukte desse orda då han etterlyste klipping av eit friområde:

«Korti ska dokke kåma å klyppa grase på grasbanen dokke sko prestera i å øyelegga for dokke he underdimensjonert kloakk å vann??...»

Ole Bjørn Maråk, leiar for kommunal teknikk, seier at klagane kjem jamt og trutt, gjennom heile året.

Dei blir lagde inn i eit system og merka med farge, fram til dei blir ferdig utbetra. Dei greier ikkje innfri alle forventingane.

– Kommunen har vore gjennom ein økonomisk hestekur. Grøntavdelinga har sjølvsagt tatt sin del av det. Når me får stadig nye areal, er det vanskeleg å tilfredsstilla alle ønske. Sånn er det berre. Me prøver å effektivisera, så langt me kan.

Rabatten i Rosselandsvegen er nyklipt, men grasklipparen kjem ikkje til overalt. Kommunen gjer som bøndene på Jæren og investerer i store maskinar. Det er effektivt, men går utover sluttresultatet.
Rabatten i Rosselandsvegen er nyklipt, men grasklipparen kjem ikkje til overalt. Kommunen gjer som bøndene på Jæren og investerer i store maskinar. Det er effektivt, men går utover sluttresultatet. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Stram drift og «rosjen» park

Før politikarane tok pause i sommar fekk dei ein statusrapport for årets fire første månader. Tertialrapporten viser at omstillingsprogrammet som starta sommaren for to år sidan, har effekt.

Karen Hognestad Liland er politikar for Ap og lærar på Bryne ungdomsskule. I eit innlegg i formannskapet i juni tok ho opp finansiering av drift og vedlikehald, og tilstanden på bygningane og uteområda som kommunen eig.

Geidahodnet, til dømes – parken mellom ungdomsskulen og det gamle gymnaset – såg «rosjen ut». Hognestad Liland spurte om dei tilsette i kommunen hadde tilstrekkeleg eigarforhold til bygningar og uteområde.

Kommunedirektør Trygve Apeland tok ordet for å svara at ja, det har dei, men at drift og vedlikehald er blitt prioritert ned for å få kontroll med utgiftene. Det var prioriteringar han tok ansvaret for.

Leiaren for kommunalteknikk seier til Jærbladet at utstyrsproblem medverka til at grøntavdelinga var for seine med å klippa graset tidlegare i sommar. Målsettinga er å halda plenkvalitet i Geidahodnet. Bildet er frå 2. juli.
Leiaren for kommunalteknikk seier til Jærbladet at utstyrsproblem medverka til at grøntavdelinga var for seine med å klippa graset tidlegare i sommar. Målsettinga er å halda plenkvalitet i Geidahodnet. Bildet er frå 2. juli. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Bruker seks millionar i året

I heile 2026 har kommunen sett av 24,7 millionar kroner til vegar og grøntanlegg.

Det skal dekka drift og vedlikehald av kommunale vegar, parkering, gatelys, utandørs idrettsanlegg, leikeplassar, friluftsområde, turvegar og kyrkjegardar.

Budsjettet for grønt er om lag seks millionar kroner og har cirka fem stillingar, opplyser Ole Bjørn Maråk. Stillingar blir haldne vakante utanom sesongen for å kunna henta inn fleire når graset veks mest.

Tulipanlaukane ved hovudinngangen til rådhuset har vike for fleirårige staudar, fortel Ole Bjørn Maråk. Andre stader rundt rådhuset og i kommunen elles, er blomebed blitt fjerna for å redusera behovet for tidkrevjande manuelt arbeid.
Tulipanlaukane ved hovudinngangen til rådhuset har vike for fleirårige staudar, fortel Ole Bjørn Maråk. Andre stader rundt rådhuset og i kommunen elles, er blomebed blitt fjerna for å redusera behovet for tidkrevjande manuelt arbeid. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Meir å gjera for færre personar

Maråk starta i kommunen i 2010. Sidan er grøntavdelinga blitt mindre og areala dei skal rekka over, blir større og større.

Dei som har jobba der lenge, ser at dei ikkje kan levera som kvalitet som tidlegare. Som ein konsekvens av at dei har fått meir å gjera, blir det mindre tid til personlege initiativ.

– Nå er det meir reint drift og vedlikehald. Me prøver å stimulera dei tilsette, men det er blitt færre småprosjekt som gjorde kvardagen meiningsfull for dei på grøntsektoren. Éin ting skal vera sikkert: Dei er ein ærekjær gjeng, som strekk seg så langt dei berre kan.

Jernbanegata i Bryne sentrum har fått eit løft i år, i eit samarbeid med Rogaland fylkeskommune. Dei har planta sibirmuregull og kattemynte, og kommunen har tatt på seg ansvaret med å halda beda. Når arbeidskvardagen blir travlare er det mindre tid til personlege initiativ for medarbeidarane. Æra for dette initiativet går til Årne Skrettingland.
Jernbanegata i Bryne sentrum har fått eit løft i år, i eit samarbeid med Rogaland fylkeskommune. Dei har planta sibirmuregull og kattemynte, og kommunen har tatt på seg ansvaret med å halda beda. Når arbeidskvardagen blir travlare er det mindre tid til personlege initiativ for medarbeidarane. Æra for dette initiativet går til Årne Skrettingland. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Fleire omsyn å ta

I 2023 talde kommunalteknikk 991 plenar og 777 grasbakkar rundt i Time. Plenane blir klipte hyppig, så ofte som éin gong i veka i vekstsesongen, mens bakkane blir klipte éin til to gonger i året.

Maråk fortel at tenkinga kring biologisk mangfald er endra fullstendig sidan han starta. Nå vil somme la graset veksa fritt for å vareta insekta, mens andre vil ha plenkvalitet. Bøndene som fryktar spreiing av ugras, vil ha hyppig kantslått.

– Forventningane har endra seg veldig. Det har nok vore ein overgang til at me har fleire frittveksande grasbakkar. Somme vil ha det, og andre vil ha plenar. Det er ein balansekunst å finna det rette på rett plass.

Når bustadfelt er ferdig opparbeidde, som dette på Eivindsholen, overtar kommunen drifta og vedlikehaldet av vegar og grøntareala. Til skil frå vatn og avløp genererer ikkje overtakinga ekstra inntekter gjennom nye abonnentar, berre utgifter.
Når bustadfelt er ferdig opparbeidde, som dette på Eivindsholen, overtar kommunen drifta og vedlikehaldet av vegar og grøntareala. Til skil frå vatn og avløp genererer ikkje overtakinga ekstra inntekter gjennom nye abonnentar, berre utgifter. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Fjernar bed for å sleppa luking

Digitale system gjer at kommunen har kontroll på kor medarbeidarane har vore og kva som er gjort på 771 dekar grøntareal.

Systematisk planlegging gjer at minst mogleg tid går med til transport mellom nesten 1800 stader som skal klippast.

– Å ha ein god logistikk er noko av det viktigast me gjer. Det er noko me har hatt fokus på i mange år. Samstundes som me forenklar ting, seier Maråk.

Ved å fjerna blomar og bed frå rundkøyringar og utanfor rådhuset og andre kommunale bygg, går mindre tid med til manuelt arbeid som luking.

Ein hær av robotklipparar er plasserte ut der dei er eigna.

Som bøndene på Jæren, investerer kommunen i store maskinar. Dei er effektive, men også grove.

– Det gjer at det ikkje blir like fint som folk har det i sin eigen hage, som gjer det manuelt.

Regnbedet i Tjødnavegen på Bryne fotografert i full flor etter at gata vart fornya i 2020. Grøntavdelinga har ikkje ressursar til å halda ein så høg standard.
Regnbedet i Tjødnavegen på Bryne fotografert i full flor etter at gata vart fornya i 2020. Grøntavdelinga har ikkje ressursar til å halda ein så høg standard. Foto: Foto: Time kommune (arkiv)

Forslag om dugnadsklipp

– Me er heile tida på jakt etter måtar å effektivisera på. Men me har nok nådd ei grense nå der det er vanskeleg å henta ut meir. Så nå går nok litt på kvaliteten, seier Maråk – som presiserer at Time kommune ikkje er i særstilling, i så måte.

I kommunestyret i juni vart det tenkt høgt om løysinga kan vera å samarbeida med velforeiningar om å halda grøntområda.

Kommunen kan bidra med støtte og utstyr til velforeiningar, men det er ikkje alt private har kompetanse til å gjera, seier Maråk.

Dessutan har grøntavdelinga færre ressursar enn tidlegare til å følga opp frivillige.

– Det er krevjande når me ikkje har ressursar til det. Me får sjå. Det er i alle ikkje sånn at me har motførestillingar mot å nytta frivillige, og kompensera dei på eit vis, viss det er interesse frå begge partar og det er hensiktsmessig ut frå HMS.

Jan-Oskar Haugen har vore fagleiar med ansvar for dialog med grunneigarar, friluftsliv, og det er han som har følgt opp frivillige. Han er gått av med pensjon, og som ein del av innsparingane i år blir ikkje stillinga hans erstatta.
Jan-Oskar Haugen har vore fagleiar med ansvar for dialog med grunneigarar, friluftsliv, og det er han som har følgt opp frivillige. Han er gått av med pensjon, og som ein del av innsparingane i år blir ikkje stillinga hans erstatta. Foto: Foto: Brit Romsbotn (arkiv)