Etter at Green Mountain på måndag kalla inn til pressekonferanse på Hotell Jæren, med melding om at dei hadde søkt dispensasjon for å bygga datasenter på Kalberg, fekk Time kommune søknaden fredag.
Dispensasjonssøknaden er skriven av Teknaconsult. Dette er same selskap som Time kommune og Time Energipark har inngått ein samarbeidsavtale om å engasjera til å laga ein områdeplan for Kalberg-området.
I konklusjonen på søknaden skriv Teknaconsult at det finst eit vindauge til å koma i gang med utbygginga, nå som eit stort internasjonalt teknologiselskap skal vera interessert i å etablera seg i Time kommune.
Batteriet med argument for å gripa moglegheita, har følgande ingrediensar:
- Påverkar positivt til næringslivet i lokalmiljøet, regionen og nasjonalt
- Bidrar til minst 500 årsverk når tiltaket er i drift
- Bidrar til store antal arbeidsplasser under bygg-/anleggsperioden
- Ringverknader som kan påverka positivt for regionen i sin heilskap
- Fremjar det grøne skiftet
- Potensiale med tilgjengeleg overskotsvarme
Jærbladet har spurt Green Mountain om det er sett opp eit konkret reknestykke for arbeidsplassar, noko som ikkje er gjort.
Påstanden om at det hemmelege teknologiselskapet er blant dei 20 største i verda, lèt seg heller ikkje etterprøva.
– Utfordrande søknad
Utgangspunktet for dispensasjonssøknaden er greitt oppsummert i innleiinga:
Innledningsvis presiseres at tiltakshaver selvsagt er klar over at denne søknaden er utfordrende. Det er ikke lenge siden det ble gjennomført en krevende kommuneplanprosess, som meislet ut grunnlaget for en videre utbygging på Kalberg. Dette grunnlaget er nedfelt i flere av kommuneplanbestemmelsene, som det nå søkes om dispensasjon fra.
Som eit svar på dette, legg Teknaconsult til grunn at «det overordnet er endelig politisk vedtatt at NK1 skal bygges ut».
NK1 er delområdet på 226 dekar der Green Mountain vil bygga datasenteret. Dei ønsker å starta med eitt bygg på 12 dekar, som treng generatorar og kjøleinstallasjonar, etablering av tilkomstveg, riggplass og annan teknisk infrastruktur.
Her er dei første skissene av datasenterplanane:
Meiner saka er avgjort
«De overordnede føringene for som ligger til grunn for Kalbergområdet er trukket opp og ligger fast, og vil etter vår oppfatning ikke bli utfordret, selv om dispensasjonen blir gitt», skriv Teknaconsult.
Konsulenten gjer gjeldande at det momentumet Green Mountain si utbygging vil gje Kalberg, vil vera med og sikra at kommuneplanvedtaket blir gjennomført.
Her viser dei til at kommunestyret 15. juni 2021 vedtok ein kommuneplan som legg til rette for kraftkrevjande industri i området. Dei kommenterer ikkje at vedtaket skjedde med 14 mot 13 stemmer, og med klare føringar for korleis ei eventuell utbygging skal skje.
Med søknaden ber Green Mountain om fritak frå fleire av desse føringane:
- omfattande rekkjefølgekrav
- omsynssona som skal sikra endeleg organisering av utbyggingsområdet der NK1 inngår
- å få sleppa kravet om godkjent reguleringsplan for NK1
- felles områdeplan for NK1 og andre tomter til næring, bustader, masseuttak og omkøyringsvegen.
Når det gjeld omsynet til landbruksinteressene, skriv Teknaconsult at det ligg implisitt i kommunestyrets vedtak at landbruksinteressene må vika på Kalberg. Dei ber derfor å få sleppa å forhalda seg til §§ 9 og 12 i jordlova.
Landbruksminister Geir Pollestad (Sp), som inntil nyleg var lokalpolitikar i Time, har signalisert at siste ord ikkje er sagt.
Argumenterer med momentum
Teknaconsult skriv mest om rekkjefølgekrava. Dei blir omtalte som «svært krevende», og inkluderer mellom anna:
- Felles områdeplan som skal avklara teknisk infrastruktur for bustad-, nærings- og masseuttaksområda, utbyggingstakt, utbyggingsrekkefølge og finansiering av omkøyringsvegen.
- Omkøyringsvegen må vera etablert før det kan gjevast byggeløyve.
- Når kraftkrevjande verksemder har nådd eit samla energiforbruk på 80 MW, skal det ligga føre ein plan eller konsesjon for å nytta overskotsvarmen før det vert etablert fleire kraftkrevjande verksemder.
Teknaconsult skriv rett ut at Green Mountain ikkje har tid til å gjennomføra rekkjefølgekrava, som har til felles at dei «fordrer utstrakt samarbeid med flere aktører, som krever tid og ressurser for å få på plass».
Konsulentselskapet erkjenner at det er ei ulempe at reguleringsplanarbeidet ikkje er fullført, men meiner at omsynet som ligg bak rekkjefølgekrava ikkje er vesentleg sette til sides.
Det blir hevda at oppstarten, som kjem dersom Green Mountain slepp å innfri rekkjefølgekrava, kan gje utbygginga på Kalberg «et momentum som gjør at muligheten for å lykkes med de hensyn og formål som nettopp begrunner, øker».
Éin del av momentumet skuldast at myndigheitene, dersom dei aksepterer, viser at dei ønsker å få realisert utbygginga.
Greier ikkje ut energibruk
Om kravet om ein plan for overskotsvarme, skriv dei at samla energiforbruk for byggetrinn 1 vil vera «langt under grensen på 80 MW».
Eit anna rekkjefølgekrav, om ferdig områdeplan, stiller mykje strengare krav. Det krev at datasenteret blir sett i ein samanheng.
Områdeplanen skal innehalda ei konsekvensutgreiing, der energi er eitt av ti tema som skal greiast ut. Korleis det skal skje, er bestemt i planprogrammet, som er vedtatt av politikarane i Time.
Dette skal vera med i konsekvensutgreiinga:
- Det skal redegjøres for hvor stort kraftbehovet til næringsområdene vil ha fra begynnelsen og hvordan behovet vil utvikle seg i framtiden, samt hvilken infrastruktur som skal til for å dekke dette kraftbehovet.
Vidare må det sjåst på, ifølge planprogrammet:
- Forventet forbruksvekst rundt planområdet og hvordan denne vil påvirke næringsområdet og omvendt.
- Hvordan elektrifisering av samfunnet vil påvirke planområdet.
- Hvilke andre industriplaner som fins i Sør-Rogaland, i kraftområdet NO2 og i Norge.
- Vurdering av kapasitet i nettet og konsekvenser av utbygging.
- Fordeler og ulemper for kraftsystemet ved etablering av datasenter