Det er snart 15 år sidan den sommardagen då Lovise Kartevold Bekkeheien bar barnebarnet Grete-Marie til dåpen i Nærbø kyrkje.
Ho var kledd i bunaden sin, som ho alltid har vore ved dåp, konfirmasjon, bryllaup, 17. mai og andre store anledningar gjennom livet.
– Eg har vore veldig glad i han, seier Bekkeheien om bunaden med Lølandsbroderi.
Men nå er det fem år sidan sist ho hadde han på.
– Eg er blitt så gammal og skranten at eg berre gir henne bunaden mens eg kan sjå at ho brukar han, seier Grete-Marie si farmor.
– Eg hadde fått han sydd ut. Men eg har ikkje lenger helse til å kle meg opp i han, forklarar ho.
Framfor henne på golvet i syrommet til Nina Fosse på Kartavoll i Time står Grete-Marie Bekkeheien, heilt i ro, mens mora og bunadskreddaren trekk i linskjorta, rettar på stakken, festar beltet, trær kjedet, plasserer sølja, knepper mansjettane, knyt silketørkleet og legg bunadsjalet over skuldra hennar.
– Det ligg på vranga! ropar farmor frå stolen.
Det har ho jammen rett i.
Det er berre andre gong at Grete-Marie prøver bunaden til farmor. Nå er han klar. Det er dessutan berre nokre veker til ho skal ha han på seg ute blant folk, i samtalegudstenesta før sjølve konfirmasjonsdagen.
Og det er ikkje berre dei vaksne som smiler der ho trippar bort til spegelen i dei nye bunadskorne.
– Eg er veldig fornøgd, seier ho.
Lovise Kartevold Bekkeheien var 20 år då ho gjekk i gang med å brodera bunad. Det var i 1966, og ho var student på sjukepleiarskulen i Oslo. Ingen i familien hadde hatt eit slikt plagg før.
– Alle sa at me måtte ha bunad til avslutningsfesten etter eksamen. Men eg rakk ikkje å bli ferdig. På den avslutningsfesten var me 17 stykk med bunad og fem i finkjole, hugsar ho.
Sjølv debuterte ho med ferdig bunad 17. mai 1969, då ho og ein venninne drog til Stavanger for å sjå på toget. Dei sat ved Breiavatnet då ein mann stoppa framfor dei.
– Han snakka engelsk og spurte om han kunne få ta bilde av oss. Me følte oss fantastisk fine!
Den gongen var også ho lita og smal.
Men ettersom ho, som dei fleste, har fått lagt han ut etter kvart som livet har endra kroppen, måtte Nina Fosse tilpassa han og sy ny vest til Grete-Marie.
Konfirmanten ville at han skulle vera raud.
– Eg ville ha han likast mogleg farmor sin, seier ho.
For Nina Fosse, «Sydamå på Heiå», er det høgsesong. Før 17. mai skal ho ha seks andre bunadar klare.
Fleire av dei er til konfirmantar som arvar bunadane til bestemor eller andre i familien. Dette er blitt ein klar trend, meiner Fosse.
– For 10 år sidan var det lite av slikt. Men nå er bestemødrene som gir, godt over 70 år. Mange har gått på husmorskular der dei sydde bunadar til seg sjølv, fortel ho.
Det gir djup meining å la desse påkosta plagga gå i arv, meiner Fosse. Stadig oftare får ho jobben med å montera dei for å passa ein ny, ung kropp.
Silje-Kristin og Grete-Marie kan stadfesta inntrykket av at arva bunad er blitt vanleg. Grete-Marie veit om i alle fall fire-fem andre konfirmantar på Nærbø som skal ha bunad som bestemor eller ein annan slektning har hatt.
Så å seia alle jentene på Nærbø skal ha bunad til konfirmasjonen, seier dei.
Men for dei som ikkje har nokon dei kan arva av, er ein rogalandsbunad ingen billig sak, viser ei rundspørjing Jærbladet har gjort til dei største leverandørane.
Prisane varierer stort etter kva type sølv ein vel. Dessutan er det billegare å kjøpa bunad som er sydd i Asia.
For svært mange av dei som får ny bunad og som kjem til systova på Kartavoll, har mor, bestemor, ein nabo eller andre dei kjenner, brodert forkledet og sjalet.
– Dei fleste kan få til å brodera sjølv. Og eg har montert bunadar som ikkje er profesjonelt brodert, seier Nina Fosse.
– Men når ein syr til barnebarnet sitt, er det gjort med kjærleik. Då betyr det ingenting om det ikkje er perfekt.