Kjøpmannsdraumen til Gro Møyland Eriksen oppstod då ho i 2013 hadde fått seg arbeid ved ein Rema 1000-butikk i Stavanger.
– Eg kjende det med det same eg kom inn – her ville eg vera. Det var noko med atmosfæren, og eg kunne kjenna på både stemninga og kulturen, seier 37-åringen og smiler.
Sjå resultata til alle Rema 1000-butikkane på Jæren i botnen av saka.
– Ingen dag er lik
Ho har arbeidd for å bli kjøpmann sidan første Rema-jobben.
– Sju år tok det før eg nådde målet mitt, og det har vore mykje hard jobbing, fortel Møyland Eriksen.
Ho har vore kjøpmann sidan september 2020 då det opna ein heilt ny Rema 1000-butikk i Verdalen. Her har ho 12 tilsette og eit arbeid som er meir som ein hobby.
– Det å vera kjøpmann, er ein livsstil. For eigen del set eg pris på at me har mange faste kundar i butikken. I tillegg kjem heile tida nye til, og det er også gildt. Eg er ein person som elskar å møta folk. Difor blei eg kjøpmann, fortel Gro Møyland Eriksen.
37-åringen set også pris på varierte arbeidsdagar.
– Ingen dag er lik, og det passar meg fint, seier ho.
– Nesten som eit eige samfunn
– Korleis har de vore å starta ein ny butikk, med ein konkurrerande daglegvarebutikk like i nærleiken?
– Det har vore utruleg spanande. Det har vore ein læringsprosess, samstundes som det har vore utruleg gøy. Me lærer kvar dag, svarer kjøpmannen.
Opphavleg kjem ho frå Harstad, og neste år er det ti år sidan ho kom inn i Rema-systemet.
Ho arbeidde først i Stavanger, og frå 2018 til 2020 arbeidde ho ved Rema-butikken på Vigrestad.
– Eg har hatt to fantastiske år i Verdalen. Det er herleg å gå på arbeid, og her er masse gode folk. Verdalen er nesten som eit eige, lite samfunn, og det set eg pris på, seier kjøpmannen.
– Er eit team
2021 var første heile driftsår for Rema-butikken i Verdalen, og omsettinga enda på 31,8 millionar kroner. Møyland Eriksen seier at det er vanskeleg å seia noko om kor daglegvarebutikken endar i år.
– Mellom anna kjem det an på julehandelen, seier ho.
I 2020 fullførte 37-åringen Remas eigen talentskule, som er oppretta for at deltakarane skal læra meir om butikkdrift.
– Som bedrift står eg åleine, men eg opplever stor større både frå regionkontoret og frå andre kjøpmenn. Eg tykkjer at det er fantastisk å vera ein del av Rema 1000-systemet. Me er eit team, sjølv om me har eigne bedrifter, seier Gro Møyland Eriksen.
Håland har høgast omsetting
Rema 1000 på Håland ved Bryne har klart størst omsetting blant de seks butikkane på Jæren. I 2021 hadde butikken ei omsetting på 76,6 millionar kroner, og eit driftsresultat på drygt ein million.
Den nest største Rema-butikken ligg på Bryne. Omsettinga var i fjor på 53 millionar kroner, driftsresultatet på 300.000 kroner.
Vigrestad er den Rema-butikken som i fjor hadde den lågaste omsettinga. Tala frå Regnskapstall.no syner ei omsetting på 12 millionar kroner, og eit driftsresultat på 37.000 kroner.
Tor Jan Granberg, kjøpmann på Håland, seier at han er godt nøgd med omsettinga. – Det er kjekt å sjå at andre liker det me held på med. Me har vakse etter koronapandemien, og også det ser eg på som tillit, seier Granberg.
For 2022 reknar han med å få ein vekst på tre prosent. – Det er meir enn gjennomsnittet i bransjen, etter det eg har fått opplyst, fortel Granberg.
Rema-butikken på Håland blei etablert i 2010.