«Kommunen legg til grunn og har svart at det er teknisk mogleg å gjennomføra rettinga, men at rettinga vil vera tidkrevjande og kostbar for grunneigar.»

Avsnittet kjem frå eitt av dei fleire hundre dokumenta som dei siste ti åra er gått mellom tiltakshavar og kommunen, påverka naboar og innleigde konsulentfirma, så vel som offentlege organ.

Tilbakemeldinga frå kommunen inngår i eit oppklaringsbrev sendt til Statsforvaltaren i Rogaland, som i sommar har konkludert om massefyllinga på Steinslandsmyrane.

I to vedtak har instansen avvist klagar frå grunneigar Fredrik Stensland. Dermed blir kommunen sitt krav om fjerning av massar ståande.

Endeleg avgjort

22. januar 2026 gav Time kommune pålegg om retting og varsla samstundes at dei frå 1. september vil ilegga Stensland tvangsmulkt på 1000 kroner dagen, pluss eit eingongsbeløp på 40.000.

Klagebehandlinga i mellomtida, og fordi det seinaste vedtaket frå Statsforvaltaren ikkje seier noko nærmare om når mulkta begynner å løpa, er det usikkert når ho startar.

Men resten av saka er avgjort:

  • 10. juni avslo Statsforvaltaren ein klage på kommunen sitt avslag om løyve og dispensasjon til vesentleg terrengendring.
  • 11. august avslo Statsforvaltaren ein klage på kommunen sitt vedtak om å gje pålegg om retting og tvangsmulkt.
  • 18. august skreiv kommunen til Kartverket for å få tinglyst pålegget som hefte på eigedommen.

Det inneber at grunneigaren skal fjerna alle massane som er tilførte det aktuelle området på Steinslandsmyrane, frå 25. august 2016 og fram til og med i dag.

Det gjeld både reine massar, og dessutan ureine massar avfall, står det i pålegget frå kommunen.

«Svært uansvarlig»

Grunneigaren søkte om nydyrking i 2016. Under eit varsla tilsyn i 2021 oppdaga kommunen at store mengder massar var køyrt til arealet, i strid med løyvet og utan søknad eller godkjenning.

Kommunen skriv:

«I massefyllinga blei det observert bygningsavfall som betong, belegningsstein, teglstein, metalbitar, større plater som blir brukte til isolosjon, asfaltrestar, ulike typar plast, isoporrestar og bildekkrestar.»

Kommunen skildrar vidare bilde som dei har fått tilsendt, av store mengder anleggsavfall og anna som tilsynelatande er grave ned.

Jærbladet omtalte den ulovlege massefyllinga i 2022.

Den gongen skreiv kommunen at grunneigaren hadde opptredd «svært uansvarlig» og oppnådd økonomisk forteneste.

Ut frå bransjeerfaringa hans innan bygg og anlegg, meinte kommunen at det «åpenbart har blitt handlet ulovlig med viten og vilje».

Det er ikkje klart kor store volum som faktisk er køyrt til Steinslandsmyrane. Kommunen har tidlegare stipulert 17.000 kubikk.

Synfaringa 27. august 2021 var varsla over ei veke i forvegen. Likevel vart kommunen møtt av dette synet.
Synfaringa 27. august 2021 var varsla over ei veke i forvegen. Likevel vart kommunen møtt av dette synet. Foto: Foto: Time kommune

Politikarane snudde saka

Fire år etter synfaringa, i juli 2025, gav administrasjonen i Time løyve og dispensasjon til vesentleg terrenginngrep. Dette var ei ettergodkjenning som på nærmare vilkår skulle gjera massefyllinga lovleg.

Men etter ein naboklage snudde saka igjen, og i desember 2025 trekte lokalpolitikarane tilbake ettergodkjenninga.

Dei kravde strakstiltak mot overvatn, som måtte vera på plass før dyrkingssesongen 2026. Samstundes bad dei administrasjonen om å starta oppfølging av grunneigaren for ulovlegheiter.

Utval for lokal utviklinga på synfaring før møtet der naboklagen vart tatt til følge.
Utval for lokal utviklinga på synfaring før møtet der naboklagen vart tatt til følge. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim (arkiv)

Vedtaket grunngav dei med at kommuneplanen automatisk krev ein plan for terrenginngrep som er større enn 10.000 kubikk.

Vidare seier kommuneplanen til Time at det ikkje er ønskeleg å nytta myr- og restareal til påfylling av massar.

I februar avviste politikarane ein klage frå grunneigaren. Dei meinte at det ikkje var grunnlag for å gje dispensasjon og sende klagen vidare til Statsforvaltaren.

I august beklagar Statsforvaltaren å ha brukt lang tid på saka, men har ikkje vesentlege merknader til korleis kommunen har forstått lova eller utøvd skjønn.

Mykje å gjera

Kommunen har pålagt grunneigaren å fjerna alle massar som ikkje var på eigedommen før august 2016.

Massane som ikkje er tilførte etter august 2016, må leggast til sides og brukast i området i den grad det er mogleg.

Reine massar kan skiljast frå ureine i den grad det er mogleg, men ureine massar og avfall må leverast til godkjent mottak.

Etter at massane er fjerna må grunneigaren levera inn dokumentasjon på at massane er køyrde vekk, og kvar dei er køyrde hen.

Overvatnet skal renna bort eller ned i grunnen, på same måte som vatnet gjorde før arbeida starta for ti år sidan.

Per desember 2025 var det framleis større mengder avfall i området, ifølge pålegget frå kommunen.

«Me har ikkje mottatt dokumentasjon på at retting er gjennomført», står det i kommunen sitt brev til Kartverket i august.

Vesentleg terrenginngrep

Politikarane avviste klagen på pålegget i mars 2026 og sende saka vidare til Statsforvaltaren.

«I denne saka er det tale om mange tiltak som er gjort over tid, i eit restareal med dokumenterte naturverdiar, inkludert myr og rikt dyreliv. Det skal då lite til før eit terrenginngrep må reknast som vesentleg», skriv han.

Inngrepa er dessutan ikkje i tråd med LNF-føremålet, og dei blir vurderte som negative for sårbare naturverdiar.

Vesentlege terrenginngrep må det søkast om, og det har ikkje grunneigaren gjort. Statsforvaltaren legg derfor til grunn at inngrepa er ulovlege og at kommunen kunne pålegga retting og tvangsmulkt.

I vedtaket viser han til brevet frå Time kommune som innleier artikkelen – der kommunen skriv at rettinga er teknisk mogleg – og legg til grunn at det er mogleg å skilja ulike typar jord og massar.

Jærbladet har kontakta Fredrik Stensland for kommentar. Han har ikkje svart.