I fjor hadde Bru Gard AS på Brusand ein omsetnad på over 69 millionar kroner og eit driftsresultat på 5,6 millionar kroner.
Nå vil dei rigga seg for å møta auka etterspurnad. For å få plass til det dei treng av maskinar, ønsker dei å planera ein kolle som ligg rett ved garden. Her skal det komma oppstillingsplass for maskinar og utstyr, på sikt og gjerne lager og produksjonslokale.
Kollen består av mykje fjell i dagen, men har tidlegare blitt brukt til beite. I ei konsekvensutgreiing garden har bestilt frå konsulentane i COWI, blir området omtala som eit «restareal» innestengt av vegar og eit masseuttak på austsida.
Det er forventa at det vil ta tre år å planera fjellet. Tanken er at massane skal brukast til vegar og tomteopparbeiding.
Garden har avtale med Erik Håland Maskin om at det er dei som skal gjera denne jobben. Entreprenøren driv allereie eit masseuttak rett ved sida av garden.
Området er regulert til landbruksformål. Garden var derfor nøydd til å få dispensasjon frå reguleringa, i og med at det i løpet av den tre år lange anleggsperioden ikkje vil vera tilgjengeleg for ordinær landbruksdrift.
Det var i samband med denne søknaden garden fekk COWI til å utarbeida konsekvensutgreiingar. Desse konkluderer med at konsekvensane av utbygginga blir ubetydelege for naturmangfald og friluftslivinteressar. Konsekvensen for landskapet blir vurdert å vera noko negativ, større gjennom dei tre åra arbeidet skal gå føre seg.
Kommunen var i tvil om verksemda sine behov var å rekna for landbruk eller om det var å rekna for industri – noko som i så fall ville fordra ei omregulering. Etter innspel frå Statsforvaltaren i Rogaland landa dei likevel på at det her var snakk om landbruksformål.
Dermed gjev kommunen tommel opp til tiltaket, med eit par viktige føresetnadar, blant anna:
- Garden må senda inn ein plan for korleis dei skal handtera overflateavrenning
- Dei må òg legga fram ein fagkunnig plan for å hindra støvflukt
- Tiltaket må vera gjennomført innan 1. august 2029