Gunn Berit Bøthun har aldri jobba som prest før. No skal lektoren inn i halv stilling som fengselsprest, og så held ho fram i den vidaregåande skulen i tillegg.
Gunn Berit Bøthun har aldri jobba som prest før. No skal lektoren inn i halv stilling som fengselsprest, og så held ho fram i den vidaregåande skulen i tillegg. Foto: Privat

(Sogn Avis): Lektoren, som bur i Balestrand, skiftar delvis beite og blir fengselsprest på andre sida av fjorden.

– Eg er ikkje innsett enda, det skal vera innsetjingsgudsteneste torsdag 20. august.

– Det er godt du blir innsett og ikkje sett inn ...

Bøthun ler godt.

– Det er heilt sant. Men det vert veldig fint. Eg tykkjer det er passande å ha ei innsettingsgudsteneste i eit fengsel.

Fersk i kjortelen

Bøthun er så fersk at ho berre har hatt to dagar i jobben når lokalavisa snakkar med henne.

– Eg har ikkje blitt veldig varm i trøya, men fått eit veldig godt førsteinntrykk. Masse fine folk, både mellom innsette og tilsette.

I haust byrjar ho også på sitt 25. år som lærar ved Sygna vidaregåande skule. Lektoren skal halda fram som lærar i halv stilling. Den andre halvparten skal ho vera fengselsprest i Vik.

– Eg likar å vera lærar så det er kjekt å få behalda den jobben framleis.

Manglar berre eitt år

Stillinga som prest er heilt ny for Bøthun. Ho har heller ikkje vikariert tidlegare.

– Eg har fått stillinga prestevikar, og den kan du ha når du ikkje er ordinert.

Gunn Berit Bøthun saman med prost Kjell Olav Nordheim på gudsteneste i Vik fengsel.
Gunn Berit Bøthun saman med prost Kjell Olav Nordheim på gudsteneste i Vik fengsel. Foto: Foto: Privat

Men ho har teologistudiane om lag i boks, sidan ho har hovudfag i kristendom.

– Det er praktikum, det siste året, som manglar for å kunne bli prest. Det skal eg ta no på deltid over to år.

Tanken på å bli prest har vakse fram dette siste året.

– Eg har aldri tenkt på å bli prest, det har aldri vore noko mål eller ynskje. Men så såg eg utlysinga om denne stillinga her i januar, og då byrja det ein prosess. Då tenkte eg at dette hadde kanskje vore ein fin jobb. Så tok eg kontakt med prost Kjell Olav Nordheim og lufta nokre tankar der. Eg vart teke godt i mot.

Det handlar om menneske

På Sygna har ho undervist mest i norsk, historie og samfunnsfag. I begge jobbane ho skal ha denne hausten, handlar det om formidling.

– Det er mykje felles mellom dei to jobbane. Formidlinga er ein ting, og det er viktig. Men like viktig er det med menneskemøta, eg likar godt folk. Anten folk går på skule eller sit i fengsel så har dei ulik bagasje og livshistorie.

Ho vil gjerne gje alle ein ny sjanse.

– Eg har tenkt på det med menneskeverdet, å formidla at alle har like stor verdi uansett. Det er eit mål for meg å både visa og formidla. Ein må tru på at nye startar er mogleg, både for elevar og folk i fengsel.

– Gler meg til denne jobben

Passande nok – i den første gudstenesta ho hadde i Vik fengsel var dagens tekst om då Jesus kalla tollaren Levi.

– Han var mislikt og langt nede på rangstigen, og så seier Jesus to ord når han møter han: Følg meg. Jesus spurte ikkje om fortid, cv eller forbetringsplanar. Så det var ein veldig fin tekst å få starta med. Eg har verdas beste bodskap å koma med.

Gunn Berit er gift med Frode Bøthun og har tre barn på 22, 20 og 18. Berre ein bur heime framleis. Sjølv kjem ho opphavleg frå Klepp.

– Eg kom til Balestrand i 2001 på min fyrste jobb. Så møtte eg Frode, og sidan har eg blitt verande.

Ho ser fram til å prøva noko nytt denne hausten.

– Eg gler meg til denne jobben. Kyrkja har gode mentorordningar, så eg er trygg på å ha erfarne folk rundt meg som vil hjelpa meg.