Då kommunedirektøren i Hå tysdag la fram forslaget sitt til budsjett for neste år og handlings- og økonomiplan for dei kommande fire åra, kom ho med eit hjartesukk.
– Det er ganske spesielt å fjerna 219 millionar kroner frå kommunane med verknad om to månadar, sa Anne Berit Berge Ims.
Mistar 15 millionar kroner over natta
Bakgrunnen for frustrasjonen er at Hå må gjera store innsparingar i drifta om regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett går gjennom på Stortinget.
Regjeringa har nemleg føreslått å fjerna vertskommunetilskotet. Til saman 28 kommunar har fram til nå fått eit spesielt tilskot for psykisk utviklingshemma innbyggarar som melde flytting til kommunen etter at sentralinstitusjonen dei budde på blei lagt ned i samband med HVPU-reforma.
Den største sentralinstitusjonen i Rogaland var Bakkebø i Eigersund. Den nest største var Nærlandsheimen i Hå.
Vertskommunetilskotet har blitt rekna ut frå kor mange gjenbuarar kommunen har frå den nedlagde institusjonen. Om tilskotet fell frå, kan Hå tapa 15 millionar kroner.
Til saman er det snakk om 219 millionar kroner fordelt på dei 28 kommunane.
– Fekk ikkje forvarsel
Statssekretær Ellen Moen Arnesen-Røttingen (Ap) uttalte til Jærbladet at forslaget ikkje burde ha komme som noko overrasking ettersom det over tid har komme tydelege signal om at ordninga stod for fall, men torsdag hevda kommunedirektør Ims at dei ikkje hadde fått noko forvarsel.
– Me hadde planlagt for nedtrapping, men ikkje at det skulle fjernast heilt, sa ho.
Dermed kom den føreslåtte fjerninga brått på då forslaget til statsbudsjett blei lagt fram i haust.
– Hadde me fått varsel før første mai kunne me tatt gjenbuarane med i teljinga av psykisk utviklingshemma for 2027. Nå blir dei ikkje telt nokon plass, og me får ingen tilskot for dei for 2027, sa Ims.
Det er ikkje aktuelt for kommunen å endra på tilbodet gjenbuarane får. Dermed kan ikkje kommunen gjera anna enn å planlegga for at dei får 15 millionar kroner mindre å rutta med.
Samtidig blir det jobba på fleire andre frontar. Ordførar Andreas Bjorland (KrF) har tatt saka opp med stortingspolitikarane på rogalandsbenken og signert på eit ordføraropprop, kommunedirektøren har bede om møte med Statsforvaltaren i Rogaland og gruppeleiaren for Arbeidarpartiet, Njål Sikveland, tok saka opp med statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) då han nyleg var på Jæren.
Senterpartiet tar kampen etter lokalt påtrykk
Nå får Hå og dei 27 andre kommunane draghjelp frå anna hald: I dag la Senterpartiet fram sitt alternative forslag til statsbudsjett. Der går dei inn for å behalda vertskommunetilskotet.
I ein e-post til Jærbladet skriv Geir Pollestad, som er parlamentarisk nestleiar, at Senterpartiet meiner det er for tidleg å avvikla dette særlege tilskotet og at dei for å unngå store utslag for økonomien i kommunane det gjeld, føreslår å vidareføra ordninga.
– Eg har fått klare tilbakemeldingar frå Senterpartiet både i Hå og Eigersund om at dette må me få endra. Derfor går me inn i forhandlingane med mål om å få det endra, skriv Pollestad.
Han legg til at i Senterpartiet sitt alternative budsjett ligg det inne ei generell styrking av kommuneøkonomien. Ifølge Pollestad sine tal vil inntektene til Hå bli styrka med 13,77 millionar kroner, inntektene til Time med 14,523 millionar kroner og Klepp sine inntekter med 14,475 millionar kroner.
Arbeidarpartiet har regjeringsmakt, men har ikkje fleirtal på Stortinget aleine. Det betyr at for å få neste års statsbudsjett i hamn, er dei avhengige av å komma til semje med fleire andre parti, i første omgang Senterpartiet, SV, Miljøpartiet De Grønne og Rødt.