Familien Haaland har sitt hytteparadis i Rasdalen på Voss.
Familien Haaland har sitt hytteparadis i Rasdalen på Voss. Foto: Geir Geitle/Privat

(Hordaland): – Då Erling var liten, likte han veldig godt å vera nede og fiska i elva som renn gjennom dalen, seier Terje Rasdal, som er leiar i Rasdalen grendalag.

Erling Braut Haaland la ut dette biletet av seg frå elva i Rasdalen på Instagram for eit par år sidan.
Erling Braut Haaland la ut dette biletet av seg frå elva i Rasdalen på Instagram for eit par år sidan. Foto: Foto: Skjermdump frå Instagram

Her har dei sitt paradis

Det er ikkje råd å unnslå at den største VM-helten av dei alle, stammar frå Rasdalen i Voss herad.

Den vesle sidedalen opp frå Bolstadøyri, har vore Haaland-familien sitt paradis i mange tiår.

Det er truleg ei dårleg skjult hemmelegheit at familien har fritidsbustad i dette området, og brukar ein del feriar og fritid her.

Faksimile frå oppslaget med Alf-Inge Haaland i Hordaland 6. juli 1996, for temmeleg nøyaktig 30 år sidan.
Faksimile frå oppslaget med Alf-Inge Haaland i Hordaland 6. juli 1996, for temmeleg nøyaktig 30 år sidan. Foto: Foto: Hordaland

– Ingen heltestatus

Rasdalen er for familien ein fristad, der dei blir behandla som vanlege gutar. Hytteeigedomen har tilhøyrt dei i fleire generasjonar.

– Hjå oss blir dei behandla akkurat som alle andre. Det er ingen heltestatus her oppe, seier Kåre Tufte.

Han er ein av dei som har hatt mykje med Haaland-familien å gjera opp gjennom åra.

– Me ser på dei som likeverdige med alle andre, seier Tufte.

Erling Braut Haaland feirar då han skaut Noreg til sluttspelet i VM mot Senegal. I Rasdalen gjekk livet sin vante gang.
Erling Braut Haaland feirar då han skaut Noreg til sluttspelet i VM mot Senegal. I Rasdalen gjekk livet sin vante gang. Foto: Foto: Frank Franklin II

Sjølv har han ein son som er jamgammal med Erling Braut Haaland.

– Veldig greie

Ingen av dei Hordaland har snakka med, ynskjer å bli personlege. Dei vil at Haaland-familien skal få nyta ro og fred – og den Rasdalen som dei alltid har hatt glede av å koma tilbake til.

– Dei er ein fantastisk familie. Og dei er jordnære, seier Kåre Tufte.

– Dei er veldig greie folk, seier Terje Rasdal.

Å vera jordnær, er kanskje noko som ligg Rasdals-sjela nært. Det er ingen av dei me har snakka med som tek av som fylgje av Haaland sin VM-suksess, eller ynskjer å sola seg i glansen av dei.

For to somrar sidan vart det furore då Erling Braut Haaland og fa-milien dukka opp på Vossavangen.
For to somrar sidan vart det furore då Erling Braut Haaland og fa-milien dukka opp på Vossavangen. Foto: Foto: Faksimile frå Hordaland

– Her har det vore sterke idrettsfolk før

Så, korleis har Haaland-familien fått sitt evigvarande tilhøyra til det vesle samfunnet?

Alfie Haaland sitt fulle namn var Alf-Inge Rasdal Haaland, og han har sterke røter på morssida frå Rasdalen.

Seinare har han skifta namn til Alfie Haaland, for å gjera det enklare i utlandet.

Morfar hans, Sverre Rasdal, kom herfrå. Det var Sverre som bygde hytta i 1949 og 1950, det som seinare har blitt ferieparadis for Haaland-familien, og som Alf-Inge formelt overtok i 1996.

Familien i Rasdalen har forresten sterke idrettstradisjonar.

Bror til Sverre, Erling sin oldefar, heitte nemleg Odd Rasdal. Han er identisk med mannen som i si tid vann kongepokal på 10.000 meter løping.

– Så her har det vore sterke idrettsfolk før, kommenterer Kåre Tufte.

Fast på påskebasaren

I Rasdalen glir Haaland-familien godt inn i lag med grendafolket – som omfattar både dei innfødde og hyttefolket.

Terje Rasdal fortel om ein kjær stad i Rasdalen der folket samlast – her med bilete som kona hans har laga av stova i hytta deira i dalen.
Terje Rasdal fortel om ein kjær stad i Rasdalen der folket samlast – her med bilete som kona hans har laga av stova i hytta deira i dalen. Foto: Foto: Arild Skjelbred

Haaland-familien, som kjem frå Bryne, er kjende og kjære medlemer i det vesle samfunnet.

Alfie stiller så å seia alltid opp på påskebasaren. Hendinga er fast tradisjon kvar einaste påskeaftan i grendahuset i Rasdalen, det tidlegare skulebygget deira.

– Han stilte også opp på fellesmøtet og støtta oss i aksjonen som me sette i verk for å unngå privatisering av Rasdalsvegen, seier Terje Rasdal.

Leiaren i grendalaget trekkjer fram det gode samarbeidet mellom dei innfødde og hyttefolket.

– Eg er oppvaksen i Rasdalen. For meg som gut var det alltid stor stas då det kom feriegjester til hyttene og me fekk fleire leikekameratar, seier Terje Rasdal.

– Sjølvsagt kjekt

Stor stas, seier fleire om at Erling Braut Haaland er med og setja Noreg på det store fotballverdskartet, og er mellom dei heitaste fotballnamna i heile verda.

– Det er svært hyggjeleg, seier ein me snakkar med.

Terje Rasdal er leiar i grendalaget. Her frå sommarfesten som er fast tradisjon.
Terje Rasdal er leiar i grendalaget. Her frå sommarfesten som er fast tradisjon. Foto: Foto: Arild Skjelbred

Noko ta av-stemning er det derimot ikkje å registrera. Heller ikkje nokon teikn til ro-ro er å sjå.

– Det er sjølvsagt kjekt at folk som har tilhøyra til Rasdalen, gjer seg godt gjeldande. Det same var det med Alf-Inge på 1990-talet, seier Terje Rasdal, før han bringar oss tilbake til det dei legg minst like stor vekt på:

– Dei glir veldig godt inn i miljøet her oppe i lag med andre i dalen, seier leiaren i grendalaget.

Erling sprang intervallar på bygdevegen

Frode Tufte driv gard i Rasdalen, i tillegg til at han arbeider på Kiwi-butikken på Vangen, der han var sjef gjennom ei rekkje år.

Tunge tak går som ein leik for Frode Tufte morgonen etter at Erling Braut Haaland har skåra to mål for Noreg mot Senegal.
Tunge tak går som ein leik for Frode Tufte morgonen etter at Erling Braut Haaland har skåra to mål for Noreg mot Senegal. Foto: Foto: Geir Geitle

Medan han arbeidde med slåtten for eit par somrar sidan, kunne han sjå Erling Braut Haaland springa intervallar på bygdevegen nedanfor.

Tysdag morgon etter at han midt på natta har sett Brauten senka Senegal med to skåringar, stiller Tufte på jobb i butikken som vanleg klokka 07.00.

– For meg er det viktigaste at Noreg skårar, og ikkje kven som skårar, seier Frode Tufte.

Frode Tufte frå Rasdalen stilte som vanleg på jobb i Kiwi-butikken på Vangen klokka 07.00, etter å ha sett Noreg og Haaland slå Senegal 3-2.
Frode Tufte frå Rasdalen stilte som vanleg på jobb i Kiwi-butikken på Vangen klokka 07.00, etter å ha sett Noreg og Haaland slå Senegal 3-2. Foto: Foto: Geir Geitle

Han har sjølv vore Liverpool-supporter sidan barndomen. Favorittlag, det skifter ein som kjent aldri, sjølv ikkje når det handlar om Haaland.

Måtte sjå seg smadra av Haaland

Difor stikk det han litt i sjela, kampen som gjekk sist påskeaftan, der Liverpool møtte Manchester City, samstundes som Alfie Haaland var i Rasdalen.

«Haaland med hat trick da City smadret Liverpool», skreiv VG.

– Eg prøvde meg torsdagen med beskjed til Alf-Inge om at Erling måtte ta det med ro, men det hjelpte ikkje.

Haaland skåra tre mål mot Liverpool. Rett etter kampen kom Alf-Inge inn på påskebasaren i grendahuset – og deltok på basaren i lag med grendafolket.

– Det er eit sårt minne, vedgår Frode Tufte, likevel ein smule muntert no, nesten tre månader etterpå.

– Fekk ikkje ballen frå han!

Fotball er ikkje hovudingrediensen i livet i Rasdalen, men litt har det blitt.

– Sønene mine fekk spela litt fotball med Alf-Inge. Men dei balte og sleit, og fekk ikkje ballen frå han! seier Terje Rasdal om gutane hans, som slett ikkje var verst fotballspelarar.

Tøffe livsvilkår

Grendalagsleiaren skildrar ein dal med vakker natur, men med små gardsbruk og tøffe livsvilkår, der folket har kjempa for tilværet.

Veg fekk dei fyrst i 1950. Forbi det bratte Rasdalsberget stuper det 200 meter rett utføre på utsida av vegen.

Rasdalsvegen kom i 1950, og er ei utfordrande vegstrekning.
Rasdalsvegen kom i 1950, og er ei utfordrande vegstrekning. Foto: Foto: Sjur Herre

Sjølv vart Terje Rasdal historisk då han kom til verda.

– Me hadde jordmor på Bolstad, og ho skulle hentast på vegen som enno ikkje var ferdig. Dei køyrde henne med handelslagsbilen, og måtte rydda vekk steinar frå vegen forbi stupet slik at bilen kom fram. Så eg vart fødd fyrste gongen det kom bil opp i Rasdalen, fortel Terje Rasdal muntert.

– Kvar var HMS den gongen?

Han nemner i tillegg skulevegen dei måtte gå til Bolstad etter at skulen i Rasdalen vart lagt ned i 1961. Dei gjekk ned og ikkje minst opp att.

I den tunge snøvinteren 1961-62 kunne skulevegen ta fleire timar.

Ein gong dei skulle til tannlegen, hadde snøen rasa ned. Far deira gjekk fyrst på ski forbi stupet, medan borna fylgde på rett bak.

– Kvar var HMS-en den gongen? seier Terje Rasdal som eit apropos til samfunnet der forfedrane til Alfie og Erling Haaland har levd og budd.

Alfie Haaland vernar om sonen Erling, og vil at han skal få mest mogleg ro på ferie. Her i Rasdalen då Hordaland snakka med han i 2024.
Alfie Haaland vernar om sonen Erling, og vil at han skal få mest mogleg ro på ferie. Her i Rasdalen då Hordaland snakka med han i 2024. Foto: Foto: Geir Geitle

Ikkje jol utan pinnakjøt

Så har det til gjengjeld sett spor i dei, også.

For Haaland-familien er det ein fast tradisjon med å eta pinnakjøt frå Evanger i jola.

– Det vert ikkje noko jol utan pinnakjøtet frå Voss, sa Alf-Inge Haaland i intervjuet med Hordaland i 1996.

– Me må ha skikkeleg mat – og då vert det ein del fårepølse frå Evanger. Den må vera den beste i verda, sa ljosluggen om dei ekte, eldhusrøykte produkta frå Evanger Pølsefabrikk i Teigdalen.

Og for to somrar sidan kunne Hordaland fortelja historia om då Erling Braut Haaland dukka opp med heile familien på Vossavangen for å eta raspekaker, som familien har tradisjon for.

– Dei er gode hyttenaboar å ha her oppe! seier Kåre Tufte om Haaland-familien.