TOMT FOR FARSE: Siv Anita Undheim er leiar for Coop Express på M44. Mandag serverer ho karbonader frå farsedisken.
TOMT FOR FARSE: Siv Anita Undheim er leiar for Coop Express på M44. Mandag serverer ho karbonader frå farsedisken. Foto: Jorunn Erga Steinsland

Det er lunsjtid i Obs-kiosken på M44 og fyrste kvardag i nytt år. Vanlegvis ville køen stått lang av farsesvoltne jærbuar, men i dag må alle snu, eller finna seg eit alternativ. Det er nemleg ingen farser å oppdriva i kiosken. Slik har det vore sidan torsdag i romjula.

Dataangrep hjå Nortura

Grunnen er at eit dataangrep hjå Nortura har ført til produksjonsproblem, som igjen gir leveringsproblem for mange varer, blant anna farser.

– Me er heilt tomme, så det er litt nedtur. Men folk set pris på karbonadane òg, smiler Siv Anita Undheim, leiar for Coop Express på M44 og farsesjef.

På farsedisken heng ein plakat med informasjon om farsetrøbbel. Det gjer det også utanfor kiosken. Derfor er køen av farsekundar noko kortare i dag. Faktisk er det heilt tomt då Jærbladet kikkar innom rundt 11.30.

– Dette er heilt uvanleg, slår Undheim fast og siktar til den manglande køen.

Men ein og annan stikk likevel etter kvart innom på farsejakt. Ein av dei som må nøya seg med karbonadar, er Petter Lie. Han arbeider i Stavanger, men stoppar alltid innom for farse når han passerer Bryne.

– Karbonade blir bra det og, men ikkje heilt det same. Eg må alltid ha farse når eg er her. Det er jo ikkje å oppdriva i Stavanger, seier han.

At det er datahacking som er årsaka, får Lie til å rista oppgitt på hovudet.

– Det er nesten som om ein ikkje blir overraska lenger over kva som går an, seier han, før han forsvinn ut i arbeidsbilen igjen.

LIKE BLID: Petter Lie må alltid ha farse når han passerer Bryne på jobb. I dag vart det karbonade.
LIKE BLID: Petter Lie må alltid ha farse når han passerer Bryne på jobb. I dag vart det karbonade. Foto: Foto: Jorunn Erga Steinsland

Eit halvt tonn farser i veka

Turi Karlsson er gruppeleiar ferskvare ved Coop Obs på Bryne. Det er ho som har full kontroll på kva varer som blir leverte, og dei som dessverre ikkje kjem som planlagt. Ho kan fortelja farsene er svært populære.

– Me får til vanleg levert rundt 500 kilo farser i veka og kvar farse er rundt 200 gram, fortel ho.

Summen på det reknestykket blir at jærbuen kvar veke kjøper rundt 2500 farser, bare frå Coop-kiosken.

Farsene blir leverte kvar tysdag og torsdag og Karlsson i ferskvaredisken kryssar fingrane for leveranse igjen tysdag 4. januar.

Det gjer også Undheim i kiosken.

– Farsene er ettertrakta og veldig viktige for oss her i kiosken, seier ho.

Undheim fortel at det ikkje berre er på kvardagane kundane vil ha farse.

– I juleferien kjem jærbuar som bur andre plassar i landet heim til Jæren. Då vil mange ha farse. Me har også selt frosne farser til kundar som ville ha dei med seg tilbake til Oslo, fortel kioskleiaren.

ALTERNATIV: Mandag gjekk det i karbonadar i heidevegg i Coop-kiosken. Siv Anita Undheim meiner det var viktig å ha på plass eit alternativ..
ALTERNATIV: Mandag gjekk det i karbonadar i heidevegg i Coop-kiosken. Siv Anita Undheim meiner det var viktig å ha på plass eit alternativ.. Foto: Foto: Jorunn Erga Steinsland

– Håpar på produksjon denne veka

Kjell S. Rakkenes, konserndirektør strategi, rammevilkår og kommunikasjon i Nortura, fortel om frustrerande dagar sidan dataangrepet vart oppdaga.

–Me må bare beklaga at jærbuen ikkje får farsa si, men me reknar med å vera i gang med full produksjon denne veka, seier han.

Produksjonen som Rakkenes fortel om, er via midlertidige system. Dette er eitt av to spor Nortura har arbeid med gjennom romjula og nyttårshelga. Det andre sporet er å få gjennompretta det normale systemet.

– Me startar opp i dag med både mottak av slakt, skjering og foredling, men me køyrer ein forsiktig start for å ikkje overbelasta systemet, seier Rakkenes.

Han kan ikkje seia noko om når systema som er ramma av dataangrep vil vera oppe og gå igjen.

– Det har vore ein mildt sagt krevjande dugnad, men me har fullt fokus på å få lyset på for fullt igjen, seier Rakkenes.

Når det gjeld farseproduksjonen, er han forsiktig optimist.

– Me reknar med å koma i gang igjen denne veka, seier han.

– LEIT: Asgeir Løland plukkar med seg ein pose med karbonader i heidevegg. Han skulle gjerne sett at det heller var ei farse i posen. – Det er veldig sjeldan eg kjøper meg farse, så dette var leit, seier han.
– LEIT: Asgeir Løland plukkar med seg ein pose med karbonader i heidevegg. Han skulle gjerne sett at det heller var ei farse i posen. – Det er veldig sjeldan eg kjøper meg farse, så dette var leit, seier han.