Denne veka vrimlar det av politikarar, journalistar, lobbyistar og interesseorganisasjonar i Arendal. Ein av dei som er til stede på den politiske festivalen Arendalsveka er Hadle Rasmus Bjuland. Håbuen er leiar i Kristeleg Folkepartis ungdom.
Åtte arrangementer på ei veke
Jærbladet får fatt i han mellom debatten «Betyr kommunevalget noe for de unge?», arrangert av Universitetet i Sørøst-Norge og YS Stat sin debatt «Er kokain faktisk status? Har staten feilet fullstendig overfor barna våre?».
Totalt skal Bjuland vera med på åtte arrangementer, sju debattar og éin panelsamtale, både med stortingspolitikarar og andre ungdomspolitikarar, før Arendalsuka er omme. Til Jærbladet seier han at han har det kjekt.
– Her samlast alle som er engasjert i ulike organisasjonar, næringsliv og politiske parti i ei veke. Det er debattar og seminarer. Det er fagleg påfyll. Og så er det veldig kjekt å verta kjend med andre engasjerte, seier han.
Samtidig er det eit ope spørsmål om det er rett å tilbringe ei heil veke i Arendal under ein månad før kommunestyre- og fylkestingsvalet.
– Det er avgrensa kor mange potensielle veljarar du treff her. Dei fleste er engasjerte frå før og har gjerne partimedlemskapen i orden. Men det er alltid veldig kjekt å ta tempen på det politiske Noreg. Dessutan er eg leiar av KrFU, og då er det ein del av jobben min å representera partiet på arrangement som dette, seier Bjuland.
Onsdag klokka 17:00 skal han vera med på ungdomspartileiardebatten, arrangert av Arendalsveka i samarbeid med Jærbladet sin eigar, Amedia. Debatten vert direktesend blant anna på jbl.no.
Øver på førehand
Bjuland var med på den same debatten i fjor.
– I denne typen debattar har du veldig kort tid. Det er mange partier, og ein kamp om å få plassen, seier han.
– Korleis førebur du deg?
– Du må setta deg inn i temaa på førehand. Du må tydeleggjera bodskapen din og vera konkret og kort. Direktesende debattar er ikkje tida for utgreiing. Og så må du øva. Du må diskutera med partikolleger og andre. Me set oss gjerne ein stad og skuespelar debatten i forkant.
Bjuland seier at bak gode debattar, ligg det mykje øving.
– Poenget er å få fram skillelinjer på ein god måte, slik at ungdommane kan finna ut kva parti dei er mest einige med. Dei unge må forstå kvifor dei bør stemme KrF, kva dei får om dei stemmer oss, som dei ikkje får om de stemmer til dømes Høgre eller Arbeidarpartiet, seier han.
– Det handlar om kvardagen
Mandag var Bjuland med på ein debatt der dei diskuterte om kommunevalet betyr noko for dei unge. Han meiner svaret, i korte trekk, er «ja». Det handlar berre om å synleggjera det.
– Me må klara å gjera det enkelt, og visa at kommunepolitikkk handlar om kvardagen til folk, for han gjer jo det. Det handlar om korleis skulen skal vera, det handlar om korleis eldreomsorga til besteforeldra våre skal vera, det handlar om korleis me utviklar bygdene våre og korleis det skal sjå ut i sentrum.
Bjuland legg til at for at dei unge skal engasjera seg, er det viktig at dei føler seg representert.
– Difor må me sørga for at det er unge folk på vallistene. Det er viktig for at dei unge skal kjenna på relevans, at stemmane deira er å høyra i kommunestyret. Difor er eg glad for at partiet mitt har satt mange unge på listene, og det veit eg at mange av dei andre partia i Hå òg har vore opptatt av.