Thiril Njølstad Holen og Elvira Lerbrekk speler handball i Nærbø Idrettslag, og prioriterer turnering fordi dei synest sporten er så gild.
Thiril Njølstad Holen og Elvira Lerbrekk speler handball i Nærbø Idrettslag, og prioriterer turnering fordi dei synest sporten er så gild. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

– Det har vore veldig bra. Me har hatt mange gode opplevingar både i og utanom kamp.

Måndag ettermiddag går turneringa i Kåsenhallen mot ein slutt. Når Jærbladet snakkar med dei to Nærbø-spelarane Elvira Lerbrekk (13) og Thiril Njølstad Holen (13), er det berre finalen som gjenstår.

Der skal dei møte Åkra IL, som har kome heile vegen frå Karmøy.

Dei to er spente på korleis den kjem til å gå.

– Uansett om me tapar eller ikkje, har me hatt god innsats, fastslår Thiril.

– Me er fornøgde med andreplass også, men me går jo så klart for førsteplass, legg lagvenninna til.

«God juleferie-fenomen»

Romjulscupen har for lengst blitt ein tradisjon. Den har faktisk vore arrangert heile 45 gonger før, og er derfor godt kjend i regionen.

Men aktiviteten i gangane på Kåsen har vore langt mindre under cupdagane no enn tidlegare. Med berre 21 påmelde lag, halvparten av dei 42 i fjor, gjekk kampane over to dagar i staden for dei planlagde tre.

– Dette året er det veldig mange færre lag på grunn av den gode juleferien. Mange klubbar og lag klarer ikkje å stille fordi mange er ute og reiser, seier komitemedlem Ann Iren Høyland, som også skal ha fått bekrefta trenden frå andre som arrangerer turneringar.

Ann Iren Høyland i romjulskomiteen legg skulda på dei mange fridagane i jula for at få prioriterer handball i år: – Me håpar det berre er eit «god juleferie-fenomen».
Ann Iren Høyland i romjulskomiteen legg skulda på dei mange fridagane i jula for at få prioriterer handball i år: – Me håpar det berre er eit «god juleferie-fenomen». Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

– Har de tankar om korleis de vil prøve å rekruttere neste år?

– Ikkje så mykje meir enn me har gjort no. Me har vore i kontakt med laga, og me må berre prøve på nytt igjen og gå breitt ut, seier ho, men held fram:

– Det har skjedd ei endring etter koronapandemien, med at folk vil meir på ferie, og prioritere andre ting i fritida si enn handball, meiner Høyland.

Ifølgje henne skal det også ha blitt færre lag etter pandemien, då mange fall frå undervegs. Før 2020 hadde romjulscupen rundt 60 påmelde, anslår ho.

– Det begynner å ta seg litt opp, og har gradvis auka, utanom dette året.

Knapp siger

Under turneringa søndag og måndag skal mellom 80 og 100 dugnadsvakter ha vore i sving.

Fleire titalls kampar har blitt spelt, og opptil 200 spelarar har vore på banen, ifølgje Høyland.

Sjølv om idrettslaget reklamerte for at både gute- og jentelag i fire aldersklassar kunne melde seg på, enda det berre med turnering for jenter 12 år og jenter 13 år.

Berre dei eldste spelte finale.

Nærbø-jentene blei slått av Karmøy-laget på målstreken, med 13 mot 12 mål, viste resultatet seinare på kvelden.