Den låge jernbanebrua over Arne Garborgs veg har stoppa mang ein lastebil, og etter seiande var det eit overraskande møte med den som fekk ein sjåfør til å snu framfor Storstova, ein gong i førre veke.

Måndag er spora etter snuoperasjonen framleis synlege i vegbanen, der det ligg restar av mold, og ikkje minst i rundkøyringa, der ei djup grøft viser kva retning lastebilen tok ut av sentrum.

Politioverbetjent Morten Slettebø fortel at han såg ein lang lastebil med stor hengar, som frakta ein stålkonstruksjon.

Han hugsar ein person som grov mold, men såg ikkje kva som skjedde tidlegare, då lastebilen måtte snu.

– Ein bør ta kontakt med nokon for å finna fram til dei retta folka, for å få ordna opp i skaden som er skjedd, er den generelle oppmodinga til bilistar som gjer skade på rundkøyringar.

Jæren politistasjon er den kvite murbygningen til høgre på bildet.
Jæren politistasjon er den kvite murbygningen til høgre på bildet. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Midt i landbrukshovudstaden

Snuoperasjonen skjedde i sentrum av det kommunestyret har bestemt er Norges landbrukshovudstad.

Jærbladet ringde leiaren i Time Bondelag, Torulv Time, for å få ei fagleg vurdering av arbeidet til lastebilsjåføren.

– Eg synest i alle fall at han kunne grove over grøfta att, når han har først har grave henne opp. Det er i grunnen min tanke om dette. Eg synest ikkje jobben er ferdig utført: Det er halvgjort!

Han har sjølv sett rundkøyringa, men har i tillegg fått sjå nærbilda Jærbladet tok, og har nå følgande kommentar:

– Det er i alle ikkje lurt å ha ståande opne grøfter, utan avløp, for då samlar vatnet seg. Då blir det blautt, og det tørkar ikkje opp.

– Ja, du sa halvgjort, rett og slett?

– Stemmer det, svarer Time og ler.

Dette er ikkje fagleg lurt, svarer leiaren i Time Bondelag.
Dette er ikkje fagleg lurt, svarer leiaren i Time Bondelag. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Tips til bilistar: Ring 175

Arne Garborgs veg gjennom Bryne er ein av del fylkesveg 4380, som Rogaland fylkeskommune eig og har ansvaret for.

Stian Sele er prosjektleiar for vegdrift og vedlikehald sør i fylket. Han har forståing for at lastebilsjåføraren kan ha blitt stressa, og seier at ein ikkje kan gardera seg mot alt.

– Det er trist, men det er sånt som skjer. Det blir ein forsikringsskade, med kjent eller ukjent skadevaldar.

Driftsentreprenøren melder inn trafikkskadar som desse, til vegeigaren, som gjev entreprenøren beskjed om å utbetra.

Men uheldige bilistar kan òg melda frå direkte, ved å kontakta vegtrafikksentralen.

– Ring telefonnummer 175, seier Stian Sele.

Trafikkskadar som desse, blir rapporterte som R5-skadar. Dei er ein del av det løpande vedlikehaldet langs vegnettet.
Trafikkskadar som desse, blir rapporterte som R5-skadar. Dei er ein del av det løpande vedlikehaldet langs vegnettet. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim / Statens vegvesen