– Eg tenker at det er synd, eg ville jo helst at Yvonne skulle halde fram. Det ville jo ha vore det beste, så det er ikkje nokon ønskesituasjon, seier Bent Horpestad til Jærbladet.
– Men det er no derfor me har vararepresentant, at me skal kunne tre inn når det først blir slik, seier han.
Fram til no har Horpestad altså vore første vara i Klepp Høgre til kommunestyret. Han har god erfaring, då han også hadde plassen store delar fjoråret.
– Det var også ein sjukmeldingssituasjon. Ho var sjukmeldt ifrå vårparten og ut året, forklarar han.
Han ønskjer å få fram at ho har gjort ein god jobb, og at han synest det er synd at ho ikkje får moglegheit til å halde fram som fast representant når det er ho som har blitt stemt fram til det.
– Kva kjem du til å fokusere på no, i ditt politiske verke?
– No sit eg jo i hovudutval for barn og unge. Eg er opptatt av helse og helsepolitikk og den type ting, så det er nok det eg vil vere mest opptatt av også som fast representant.
Fleire verv
Til dei andre verva Gulbrandsen hadde, blei følgjande namn einstemmig vedtatt:
- Hovudutval for barn og unge: Gro Irene Hetland
- Medlem i SU Klepp ungdomsskule: blir valt av utvalet sjølv
- Varamedlem til SU Orstad skule: blir valt av utvalet sjølv
- Varamedlem til KS sitt fylkesmøte: Veronika Dagestad
- Varamedlem til formannskapet (valstyret og administrasjonsutvalet): Gro Irene Hetland