André Foldøy tar over etter Ulf Ludvigsen som leiar for den nye kultursalen i Klepp.
André Foldøy tar over etter Ulf Ludvigsen som leiar for den nye kultursalen i Klepp. Foto: André Foldøy

– Med hjarte for det lokale og frivillige kulturlivet, er han klar for å bli ein del av laget for å etablere Klepp sitt nye kulturhus, skriv Ragnhild Nordahl Næss, kommunikasjonssjef i Klepp kommune, i ei pressemelding.

Foldøy har lang og brei erfaring med kulturproduksjon, blant anna som leiar for Sola kulturhus og som drift- og bookingansvarleg ved Sandnes kulturhus, heiter det.

Han har arbeidd som teknisk sjef, og frilans som kreativ leiar og produsent på eit stort antal kunstnarlege produksjonar, med ensemble som Carte Blanche og Dybwikdans.

Foldøy har også kompetanse på digital marknadsføring og den kommersielle eventmarknaden, skriv Næss.

Vore med på to opningar tidlegare

Den komande leiaren synest sjølv det er stas å ha blitt valt.

– Eg har fått vere med på opninga av to hus tidlegare, både Sola kulturhus og Sandnes kulturhus. No har eg litt meir ansvar enn sist, men eg tenker det skal gå godt, seier han til Jærbladet.

Av eigne styrkar trekk Foldøy fram breidda han har i marknadsarbeid, men også kontaktnettet sitt innan det kunstnariske og kulturelle.

– Og så er det viktig for meg at dei lokale kreftene også får kome til, som for eksempel kulturskule og kor. Eg ønskjer å legge godt til rette for dei, slik at dei føler seg verdsett og tatt godt i mot, seier han.

Han understrekar at han ønskjer ein scene for alle, med god variasjon og breidde i programmet.

Arvtakar til rutinert kulturperson i Klepp

Foldøy startar smått i vår, men går inn i stillinga for fullt 21. juli.

Han overtar etter Ulf Ludvigsen, som takkar for seg etter berre fem månader i stillinga.

Ludvigsen gjekk over i kulturhusstillinga i februar, etter 14 år som kultursjef, men har sin siste dag allereie 3. juli.

– No er eg opptatt av god overlapping med den nye kultursjefen, og å legge litt av grunnlaget for det som skal skje i kultursalen og korleis det skal organiserast, sa Ludvigsen til avisa i mars.