– Det er nostalgi og gode minne. Eg vaks opp i baksetet på ein Saab. Desse bilane minner meg om kranglinga der med søstrene mine, om pappa og tanta mi som røykte, og at me ikkje kunne lufta, for tante var redd for trekk, seier Trond Hoel.

Sidan 6. april 2024 har han tald bilar, slik mange barn gjorde på 1970-talet. Men for denne godt vaksne mannen er det berre éit bestemt merke som gjeld: Saab.

Tysdag morgon denne veka hadde Hoel 981 observasjonar. Men i møtet med Jærbladet på pendlarparkeringa på Bryne sprett han plutseleg opp i 982. Det er i det han ser ikkje berre ein tidlegare registrert kvit Saab, men ein til, ein lys blå 95 stasjonsvogn.

– Då manglar eg 18, så er eg i mål, seier Trond Hoel, som til dagleg er rektor ved Bryne vgs.

Han skal opp i 1.000 før han gjer seg. Det lova han seg sjølv – og kona – 6. april 2024.

Interessa starta ikkje då, men det var då kona hans sette han i gang.

– Eg blei indignert då ho sa at ho ikkje såg Saab'ar på vegen lenger. Det ville eg motbevisa, seier Hoel.

Kona hadde eit poeng: Saab – forkorting for Svenska Aeroplan AB – blei starta på 1930-talet for å bygga opp Sveriges luftforsvar. Etter krigen måtte dei finna meir å gjera, så ingeniørane gjekk i gang med å laga bil.

Det blei eit eventyr som varte til ein konkurs i 2011. Året etter var det framleis over 39.000 Saab på norske vegar, ifølge bladet Motor. Men i 2024 var talet skrumpa til 9.775.

– Det går nok nedover, ja, erkjenner Hoel.

– Før krelte det jo.

Frå 1984 var logoen på Saab sine bilar ein raud griff med krone. Griffen er eit fabeldyr, ei kryssing av løve og ørn.
Frå 1984 var logoen på Saab sine bilar ein raud griff med krone. Griffen er eit fabeldyr, ei kryssing av løve og ørn. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Dei tidkrevjande registreringane har han dermed gjort i både inn- og utland. Han ramsar opp: Norge, Shetland, Danmark, Sverige, Tyskland, Nederland, Spania.

– For kvar 100 eg har sett, har eg gitt kona ein svensk premie, for eksempel noko frå Ikea. Men når eg når 1.000, tar eg henne med til Saab-museet i Trollhättan i Sverige. Det skal vera eit av dei finaste musea i Nord-Europa.

Folk som veit om prosjektet, har sendt han bilde, men det held ikkje.

– Eg må telja dei fysisk, seier han.

Såpass glissent er det visst på vegane på Jæren, at han nå i innspurten gjerne tar imot assistanse frå Jærbladets lesarar.

– Viss nokon har ein Saab, så må dei gjerne ringa meg, køyra forbi Bryne vgs. og bli talt!

Han har likt å halda på, seier han – sjølv om prosjektet har prega livet dei siste par åra, og sjølv om kona snakkar om at ho må ha fått ein mann med ein eller annan diagnose.

– Eg kjenner på det sjølv òg, vedgår Hoel.

Nå gler han seg til han kan setja strek. Ho gler seg ikkje mindre, ifølge mannen.

– Me gler oss begge til å dra til Sverige. Men sjølve teljinga er ho dritlei.