Tora Aasland har nå flytta til Oslo, men før det budde ho på Time i over 30 år. Ho har vore stortingspolitikar for Sosialistisk Venstreparti, ho har vore minister for forsking og høgare utdanning, ho har sete i Stortinget sitt presidentskap og var Fylkesmann i Rogaland frå 1993 til 2013.
I alle desse rollene har ho treft Kong Harald.
– Glede og fornøyelse
Ho trekk særleg fram hyggelege minner frå alle kongen og kongefamilien sine besøk til Rogaland der ho som fylkesmann har vore med og følgt dei.
– Det har vore ei stor glede og ein fornøyelse å vera med på, seier ho.
Desse besøka har gjeve henne rikeleg med høve til å observera kongen sine møte med folket.
– Ved slike høve er det ofte sosiale tilstellingar, anten det er eit måltid eller ei framsyning. Då slappar ein gjerne litt av. Då er det mogleg å småprata litt og snakka på ein anna måte enn ein gjer ved meir formelle samanhengar. Det var kongen veldig flink til, seier ho.
Aasland fortel om mykje begeistring og glede i kongen sine møter med vanlege folk.
– I desse møta var han ein veldig nær person. Han var på nivå med det folket han gjerne ville møta og samtala med. Det har eg sjølv set på nært hald, seier ho.
Kjend på Jæren
Etter det Aasland fortel, var kongen ganske godt kjend med Jæren og det lokale jordbruket, næringslivet, landskapet og, ikkje minst, kulturen.
Aasland har sjølv vore med på å visa kongen Garborg sitt rike.
– Han har vore både på Knudaheio og i Garborgheimen og fått oppleva diktinga hans. Det er vel ingen som har skildra Jæren betre enn Garborg, seier Aasland.
Kong Harald og dronning Sonja var òg med på Garborg-jubileet i 2001. Aasland hugsar òg godt då kongeparet var med på vigslinga av Ogna kyrkje i 1995 og besøkte Hå gamle prestegard etterpå. Aasland var òg med dei på ei omvisning i plogfabrikken på Kvernaland.
– På den måten kjende dei Jæren særs godt, seier Aasland og legg til at så vidt ho veit, hadde kongeparet òg vennar og kjenningar på Jæren.
Stilte statsrådar til veggs
Ein gong i veka møtest regjeringa under leiing av kongen, det som heiter Kongen i statsråd. I desse samanmehengande kunne Kong Harald vera meir formell, det følgde med rolla, men han var likevel engasjert.
For Aasland var det interessant å observera korleis kongen følgde med på saker og stilte spørsmål.
– Av og til kunne det nok henda at statsrådane hadde litt problem med å svara på dei, seier Aasland og ler.
Ho seier kongen var flink til å følga opp med spørsmål om det var noko han ville vita meir om.
– Det var positivt. Det viste at det ikkje berre var ei formalsak for han. Det var ekte og han sette seg inn i det, seier Aasland.
I fjor markerte Noreg at det var 200 år sidan den norske utvandringa til Amerika begynte. Aasland leia styringsgruppa for Utvandrarjubileet og migrasjonsmarkeringane.
For henne står dette 200-årsjubileet igjen som eit ekstra godt minne om kongen.
– Det var stort når me fekk heile kongefamilien til Stavanger i samband med at kopien av Restauration skulle segla til Amerika. Kongeskipet låg i Vågen og alle seks medlemmane av familien var med. Det var ei fantastisk oppleving å vera der. Til og med vêret var på Stavanger si side den dagen. Folk hadde møtt fram i tusenvis. Eg trur kongen sette stor pris på det, seier Aasland.
Kong Harald budde sjølv fleire barneår i USA, som flyktning under andre verdskrig.
– Eg trur det var viktig for han å få markert det han sjølv hadde som eit sterkt minne. Den første organiserte utvandringa fann stad i 1825. Drivkrafta var moglegheitene til å skapa seg eit betre liv. 200-årsfeiringa blei ei markernig som òg var viktig for kongen sjølv, seier Aasland.
Moderat republikanar
I 1991, då far til kong Harald, Olav, døydde, sat Aasland i Stortinget sitt presidentskap. Dermed følgde ho tronskiftet på nært hald.
– Når ein konge døyr, er heile folket i sorg. Det er likevel ikkje slutt. Det kjem med ein gong ein ny konge. Det blir sjølvsagt ei vidareføring av det som har vore, men samtidig blir det spennande for heile landet å sjå korleis den nye kongen vil praktisera virket sitt, seier Aasland.
Ho seier Haakon, som nå er Norges nye konge, har ein solid arv med seg. Som fylkesmann har Aasland treft han fleire gonger og fått sjansen til å bli godt kjend med han.
– Han er godt opplært. Og så lenge me har eit kongedømme som fungerer bra, er det ein god ting for ein konge å ta med seg, seier ho.
– Du var i mange år politikar for SV. Kva syn har du eigentleg på monarkiet sjølv?
Aasland ler litt. Så hentar ho fram ei god historie frå 1993, då ho først blei utnemnd til Fylkesmann i Rogaland, det som i dag heiter Statsforvaltar i Rogaland.
Kåre Willoch, tidlegare statsminister for Høgre, blei intervjua om nyutnemninga. Intervjuaren spurde om korleis han trudde det ville gå når ein republikanar skulle få ansvaret for å ta seg av kongen og familien hans når dei kom på besøk til Rogaland.
– Til Willoch å vera, tenkte han seg om lenge. Så kom svaret: «Ja, men så vidt eg kjenner henna, er ho ein moderat republikanar».
Aasland ler.
– Det viste seg å vera ganske treffande.