Her er noko du ikkje veit om Hans Egil Løe Abelsnes: Han var ein av dei som fekk bestemannsprisen i Jærbladcupen i friidrett i 1989. Slik han sit føre meg 37 år seinare på Rits på Bryne, kjem oppfølgingsspørsmålet nærast automatisk: Var det kastøvingar?
– Eg var ein habil mellomdistanseløpar. Eg melde overgang til Bryne, kor eg hadde eigen trenar. Så rauk eg leddbandet.
Men ja, i gamle aviser ligg det resultat både i stille lengde og kule 3 kg. I 1990 klokkar han inn 2.20,7 på 800 meter på Sola. Før han forsvinn frå sportssidene. Seinare dukkar han opp att på kultursidene. Då er det band, gitarar og etter kvart Klepp rockeklubb det går i.
Ungdommen sviktar
«Det frustrerande at ungdommen sviktar når med endeleg har fått i stand eit helgetilbod», tornar han på framsida av Jærbladet i april 1994. Då var han formann i Klepp rockeklubb.
Det går omtrent eit tiår før han kjem i avisene som Hans Panzer, gitaristen i Skambankt, eit band som i 2004 begynner å få merksemd i hovudstadspressa. Dei komande åra svikar ikkje ungdommen, men står sveitte og jublar føre scenene kring i Noregs land. Og brotet i leddbandet har nesten all skuld for det.
– Far spelte litt gitar, så eg tok den opp då eg ikkje kunne røre meg. Så hamna eg i eit band før eg eigentleg kunne spele gitar.
Hans Egil Løe Abelsnes vaks opp i Kleppe sentrum, jamvel om nesten alle trur han vaks opp i Verdalen. Forutan om friidretten, og eit kort stunt på Orre med familien, kjem han i avisa som speidar. I heimen var det nok av LP-ar å utforske. I 6 klasse vant han billettar til ein konsert med TNT i Kongeparken.
– Då begynte musikkinteressa for alvor, både heavy og Vazelina Bilopphøggers. Men eg spelte aldri heavy, jamvel om mange trur det.
Close distance, men ikkje nær nok
Bandet han hamna i, kalla seg Close distance. Medlemmane var alle nokre år eldre enn den nyskapa mellomdistanseløparen. Leiaren i bandet var prestesonen Kjetil Steinskog. Han var fire år eldre.
– Han har vore ein fungerande storebror sidan den gong.
Close distance gav ut ein CD i 1994. Dei spela den inn hos Gunnar Tønnesen i Klepp Lydstudio. Gildet kosta 32.000, ei tung investering i ei tid kor medianløna etter skatt var 183.000. Dei trykte den opp i 500 eksemplar. For å gå i null, måtte dei selje 200, sa dei til Jærbladet den gong.
Hans Egil Løe Abelsnes er ikkje redd for å føre ordet i artikkelen heller. Samstundes spelar han i bandet IBI UBU, som var sterkt inspirert av grønsjen, som kom frå Seattle i USA. Det var særleg Nirvana som bar det nye bodskapet fram.
På mange måtar vart dette læretida. 1990-talet var ei tid kor mange lokale band, med kule namn, vart stifta. Dei fleste av dei er gløymde i dag, jamvel om dei spelte inn CD-ar. Han var òg med i bandet Watershed, som Oslo-pressas kulturfyrtårn Dagbladet fekk auga opp for.
Skulle ein verte ein namngjeten musikar på den tida var det Oslo, og ikkje minst P3 som gjaldt.
Den store migrasjonen mot aust
Etter vidaregåande og militæret (han var kokk i Fredrikstad), følgde han smått om seint etter kompisane frå musikkmiljøet på Jæren til Oslo. Det var enno Watershed som var det store prosjektet.
– Eg hadde jobb heime, men dei fleste andre hadde emigrert til Oslo. Eg sa opp jobben av di det hadde løyst seg litt med bandet.
Han stod føre det store gjennombrotet, trudde han.
– Me hadde blitt spelt på radio. Terje Winterstø hadde frekt og freidig gått opp til NRK og levert inn CD-en. Me fekk speletid på radio. Men så skjedde det ingen ting. Me hadde ikkje folk rundt oss på den tida, alt gjekk ad undas.
Og det var det. I staden for ein grei jobb på Jæren, jobba han no i ein tippekiosk i hovudstaden. Og slik kunne han ikkje leva, tenkte han. Han vende heim til Rogaland.
Den gamle bandkompisen Terje Winterstø, vart med i Kaizers. For Hans Egil Løe Abelsnes venta eit liv med hobbyband i helgene og ein grå kvardag.
Han gifta seg med Trine i 2004, og la Abelsnes til Løe i etternamnet. Dei fann seg hus på Bryne, og sidan den gong har han budd i området. Det han ikkje var budd på, var det andre store som skjedde på den tida: Framveksten av Skambankt.
Kassettar, vorspiel og noko attåt
Skambankt begynte som ei naudløysing omtrent midt på 1990-talet. Det skulle vere ein rockekonsert mot rasisme i Klepp Turnhall. Eit av banda trekte seg. Han var den gong avbilda i Aftenbladet som ein del av Close distance, men blant dei mange banda som skulle spele den kvelden, står «Skambankt».
– Det var tre gitaristar i det bandet, og eg var den som var mist dårleg til å spele trommer, så eg vart «trommis».
Dei spelte inn ein kassett, for eige bruk, som vart liggande å støve ned i fleire år.
– Då foreldra mine gjekk frå kvarandre, og me rydda ut, fann eg den. Så spelte med den under eit utdrikkingslag til ein kompis.
Kassetten vart mest som gamla vin. Dei likte det dei høyrde. Dei tok med seg songane til studioet til Erik Bekkeheien, og spelte nokre inn på ny. Resultatet vart sendt til eit plateselskap i Oslo, og det enda med platekontrakt. Skambankt var modna nok til å erobra kongeriket.
– Me fekk nok litt draghjelp av at han hadde vore i Kaizers, men Terje er ein fyr som ikkje er redd for å banke på dører. Han var heile tida ein slag CEO i Skambankt, seier Hans Egil Løe Abelsnes i dag.
Kven hadde trudd at Hans Panzer fekk bestemannsprisen i Jærbladcupen i friidrett?Foto: Grethe Nygaard
Problemet med demokratiske band
Winterstø var òg den kreative krafta i bandet. Det var han som skreiv låtar og melodiar, og hadde grunnrisset klart før dei andre kom inn.
– Eg tykkjer slikt er heilt greitt. Eit band må ha ein leiar, band som skal vere 100 prosent demokratiske fungerer ofte ikkje.
Med nokre gå pausar, grunna Kaizers-comeback, haldt Skambankt det gåande til den store finalen i DNB-arena i november 2022. Dei spelte på det meste av store festivalar, og vart eit av dei store banda i Noreg gjennom to tiår.
– Me snakka om å ta pausar i tida før covid, eg trur me alle kjende på trøyttleik på den tida.
Pandemien som endra alt
Covid var ei tøff tid. Det vart avlysingar, og gjekk lenge før ein fekk ordningar for erstatning. Då landet opna opp att, var det avgrensingar på kor mange som kunne vere i salen.
Så gjekk dei altså for den store finalen, hausten 2022.
Hans Egil Løe Abelsnes hadde då alt tatt grep for ein ny kvardag. Han begynte å jobbe i ei byggevareforretning på deltid. Så vart det fast etter at dei la opp.
Ny verktøykasse
Og comeback?
– Skambankt er daudt.
Så det handlar med andre ord om livet etter å ha stått på dei store scenene. Etter å ha vore ein del av den norske musikkeliten. Og det er noko med dette når bruset frå publikum stilar av.
– Det vart litt virring etterpå, jamvel om eg kjende meg ferdig då eg gjekk av scena i DNB-arena. Det er nok ein parallell med dei som legger opp i sport og saknar jubelen. Men eg er tilfreds og takksam for alt me har opplevd.
I desse dagar er han i gang med ein heilt ny jobb. Han sel verktøy for Würth.
– Eg var jo ein nørd på gitarar, så eg har faktisk vorte nørd på verktøy òg.
Men han har ikkje lagt gitarane eller tanken på å spele i band heilt på hylla:
– Eg speler kvar dag, og leikar meg litt med PC-en med heimestudio. Eg har hatt periodar kor eg spelte med band då Skambankt hadde pausar. Skal eg inn i eit nytt band, må det vere DET bandet, men det blir aldri slik det var, avsluttar han.