I fjor vedtok eit einstemmig kommunestyre at ein var positiv til ei privatisering av drifta ved Bryne kino, og gav kommunedirektøren i oppdrag å gå i dialog med private kinoaktørar for å undersøka interessa.
Etter dialog med interesserte partar har kommunen nå kome til semje med Trondheim Kino AS.
Trondheim Kino AS driv per i dag kino i Steinkjer, Stjørdal, Kristiansund og Trondheim.
– Me meiner dette er ei god løysing som reduserer kostnadane for kommunen, samtidig som me sikrar at det framleis vil vera eit godt kinotilbod på Bryne, seier kommunedirektør Trygve Apeland i ei pressemelding.
Vilkår unntatt offentleghet
Avtalen inneber ei såkalla verksemdoverdraging, der Trondheim Kino AS overtek både tilsette og kinoteknisk utstyr.
Time kommune vil framleis vera forplikta på leigeavtalen med huseigar fram til 2038, mens Trondheim Kino AS leiger lokala av kommunen for ein årleg leigesum og vil stå for eventuelle investeringar i kinoen.
I 2025 utgjer fellesutgifter og leige for kommunen om lag 4,3 millionar kroner, utan meirverdiavgift.
Det er kommunestyret som tek endeleg avgjerd i saka på møtet 17. juni. Om dei vedtek avtalen vil Trondheim Kino AS overta drifta av Bryne kino 1. oktober 2026.
I motsetnad til folk flest får dei folkevalde sjå vilkåra for avtalen, og vurderingane som kommunedirektøren gjer av dei økonomiske konsekvensane.
Alle dei tre aktørane som har vore i marknadsdialog med kommunen, har stilt som vilkår at tilbod og endeleg avtale skal haldast hemmeleg på grunn av konkurranse- og marknadsforhold.
Kommunen taper pengar
Bryne kino har gode besøkstal sett opp mot plassering og storleik, og ligg på nivå med samanliknbare kinoar elles i landet. Samtidig har det vist seg krevjande å få til ei drift i økonomisk balanse, seier Apeland i pressemeldinga.
Før etableringa vart det lagt til grunn eit besøkstal på 110.000 i året. Det beste kinoåret sidan opninga var nesten 90.000 besøkande i 2019, i fjor gjekk nesten 70.000 på kino på Bryne.
– Etableringa av kinoen på torget har vore eit viktig byutviklingsgrep for Bryne, og eit godt kinotilbod midt i sentrum betyr mykje for folk i alle aldrar. Leiinga og dei tilsette ved Bryne kino har levert kvalitetskino gjennom mange år, og eg er trygg på at dette vil halda fram dersom Trondheim Kino AS tek over drifta. Som ein stor og kommersiell aktør i den norske kinomarknaden har dei betre føresetnader for å driva lønsamt og utvikla kinoen vidare enn det Time kommune har, uttaler Apeland.