Tysdag 18. juni kom meldinga om at tradisjonsrike Haugstad møbel på Vigrestad hadde gått konkurs med ei samla gjeld på 121,8 millionar kroner. Haugstad møbel har røter heilt tilbake til 1946.
Nytt utstyr
Forutan møbel har verksemda laga interiør til kjøkken, kontor og skular og barnehagar.
Hovudårsaka til konkursen skal ha vore store forseinkingar i den nye, digitale produksjonslinja som følge av koronapandemien.
Fabrikken kjøpte den nye produksjonslinja i 2019, men på grunn av pandemien gjekk det heile 16 månadar mellom første og siste maskin vart installert. Derfor gjekk det lang tid før den nye produksjonen kunne starta opp, samtidig som kostnadane begynte å løpa.
Manglande betaling frå ein kunde, tilsvarande to månadars omsetnad, skal ha forverra situasjonen ytterlegare.
Møbelhandlar frå Egersund
Fredag ettermiddag vart det klart at Intpro AS kjøper fabrikken for ein ukjend sum.
Intpro er ein kontormøbelhandlar som held til i Egersund. Eigar og dagleg leiar er Kim Skjæveland frå Egersund.
Då Jærbladet snakkar med han, sit han i bilen på veg nordover til Vigrestad for å henta nøklane og kikka nærare på fabrikken.
Skjæveland seier dei ser «kjempepotensial» i Haugstad møbel.
– Me har kjent dei i mange år som kundar, seier Skjæveland.
Sjølv om Intpro har drive i møbelbransjen i mange år, vert dette første gang dei prøver seg på eigen produksjon.
– Me har gått inn og sett på moglegheitene, og synest det er viktig å ta vidare kunnskapen, maskineriet og moglegheitene som ligg i fabrikken, seier Skjæveland.
Restrukturering
På konkurstidspunktet hadde verksemda eit trettitals tilsette.
– Kva skjer med arbeidsplassane?
– Dette var ein stor og tung konkurs. Me er heilt avhengige av restrukturering og rigging av fabrikken, slik at me kan sikra arbeidsplassane, både i dag og framtida. Det er det første me skal sjå på mandag morgon.
Skjæveland seier dei skal ha allmannamøte søndag kveld.
– Så begynner arbeidet med å bygga frå scratch og få brikkene på plass så me får starta opp produksjonen så fort som mogleg.
– Korleis skal de tena pengar på dette?
– Det gjeld å finna den rette produktmiksen og skalera produksjonen på eit nivå som er optimalisert for han. Det er klart, i ein sånn restruktureringsprosess får me litt hjelp av bankar og andre som har måtta ta tap. Det finansielle bildet vert nok litt annleis enn dei utfordringane fabrikken har slite med i samband med oppbygginga av fabrikken.
Lause trådar
Gjennom Hubben har Haugstad møbel hatt eit samarbeid med Hå kommune om Hubben, eit tverrfagleg prosjekt der alle niandeklassingane i Hå har fått ei praktisk tilnærming til arbeidslivet. Om dette vert vidareført, er ikkje avklart. Det same gjeld forholdet mellom fabrikken som produsent og Intpro som forhandlar.
– Det er blant dei mange tinga me vil dykka inn i på mandag. Det har skjedd mykje på kort tid. Inntil vidare er det mange lause trådar. Me har ein jobb å gjera før me kan svara på alle spørsmål, seier Skjæveland.
Han ønsker ikkje å seia noko om kjøpesummen, og seier at det vil ta tid før han veit om handelen var rekningssvarande eller ikkje.
– Dette er ein kompleks produksjon, og me er ikkje investorar som skal kjapt inn og ut. Me skal bygga fabrikk og selskap og har ein langsiktig horisont. Framtida vil visa om dette er ei god investering for lokalsamfunnet, alle kundane og ikkje minst oss som tar risikoen, seier han.