Då Skretting torsdag møtte i kommunestyret torsdag denne veka, var det under rubrikken "uavhengig".
– Eg har følt med uønska, både i gruppa og i lokallaget, i heile denne perioden, seier Skretting til Jærbladet.
– Fleire ting
Han vil ikkje gå nærare inn på kva det er som har gjort at han følte seg uønska, men seier det har vore fleire, mindre ting, og at han lenge hadde vurdert utmelding.
– Men eg legg ikkje skjul på at saka om detaljregulering av Indre Vågen i Sirevåg blei dråpen som fekk begeret til å renna over, seier han.
Skretting er på linje med innbyggarane i Sirevåg som har protestert på den nye detaljreguleringa, mellom anna fordi ho legg opp til tolv meter høge sjøhus mellom Vågen og kaien.
Då saka var oppe i kommunestyret før jul, kom Svein Arve Nygård, som er gruppeleiar for Framstegspartiet, med eit alternativt forslag om at ein heller burde bygge på dagens bubilparkering, på sørsida av Vågen, før ein eventuelt fortsetter i dei indre delane.
– Det var eg sterk ueinig i, seier Skretting, som ville avvise heile planen.
Forslaget frå Nygård vart nedstemt. Innbyggarar i Sirevåg, som følte at dei ikkje vart høyrt, klaga på detaljreguleringa som vart vedtatt.
– Då Utval for tekniske saker og næring handsama klaga, fekk eg med meg Hå-lista på å ta ho til følge, seier han.
Det var likevel ikkje nok til å sikre eit fleirtal. Utvalet tok ikkje klaga til følge. Ho er nå hos Statsforvaltaren som skal ta endeleg avgjerd.
– Beklageleg
Svein Arve Nygård seier det er vanskeleg for han å kommentera, då Skretting ikkje oppga nokon grunn då han melde seg ut.
– Men det er beklageleg. Han er ein mann som har stått på for Frp i mange, mange år og gjort ein god jobb, seier han.
Nygård seier det er ukjend for han at Skretting ikkje var einig i det alternativet forslaget for detaljregulering av Vågen som Nygård fremma i kommunestyret før jul.
– På møta i forkant var det felles semje om forslaga me laga i den saka. At han ikkje var eining er ukjent for meg, seier Nygård.
Gruppeleiaren seier det er synd at Skretting har følt seg uønska.
– Eg har aldri opplevd det sånn, seier Nygård.
Veteran
Skretting sitt medlemskap i Framstegspartiet er nesten like gamalt som partiet sjølv.
– Eg var medlem lenge før det fanst eit lokallag i Hå, fortel han.
Då Framstegspartiet lanserte si liste til årets kommuneval, sto ikkje Skretting på denne. Han seier han avgjerda om å melda seg ut, kom etter at lista vart lagt.
– Det var mange små ting som førte til dette, seier han.
– Kan det vera aktuelt for deg å melda overgang til eit anna parti?
– Det vil tida vise.
– Kjenner du deg ferdig i lokalpolitikken?
– Det vil òg tida vise.
Dei fleste partia i Hå har for lengst spikra sine lister til høstens kommuneval. Hå-lista er eit unntak. Partia har frist på seg til 31. mars med å levera listene inn til valstyret.