– Eg kjem til å sakna sjelefreden, seier Wenche Sæbø.
Men Linus vil heim til Hundvåg, der vener, mormor, morfar og annan nær familie bur.
– Han veks til og treng meir enn solnedgang og mor si, seier Sæbø.
Dermed er dei i gang med å visa fram det vesle huset dei har budd i på Bore det siste dryge året, til andre som kan tenka seg å prøva seg på mindre plass – og på rimelegare vilkår – enn det som er vanleg for ein familie. I dag reknar styresmaktene bustaden som trongbudd viss han har mindre enn 25 kvadratmeter per person.
Jacuzzi i staden for badekar
På 58 kvadratmeter har dei budd: Mor, Linus, ei vaksen dotter, to hundar, to katter og ein hamster.
– Me har sengeplass til seks. Me manglar ingenting, alt er berre komprimert, seier Sæbø, som selde einebustad på 245 kvadratmeter på Hundvåg etter eit samlivsbrot.
– Eg har rett nok ikkje plass til juicepresse på kjøkkenet. Jule- og påskepynten står hos familie på Hundvåg. Og ungane sakna badekaret, så me skaffa jacuzzi ute i staden, legg ho til.
Mikrohus og kompaktbustad
Under taket på hemsen, der to av dei har soverom, er det ikkje råd å stå oppreist. Men mikrohus er dette ikkje. Til det er 58 kvadratmeter for stort areal.
– Ja, mikrohus er inntil 30 kvadratmeter og minihus mellom 30 og 50. Her har huset ein iso-camp som tilbygg. Hus inntil 60 kvadrat blir kalla kompaktbustad, forklarer Wenche Sæbø.
Det var slik huset blei presentert då dei to såg det for eit drygt år sidan.
– Me blei begge begeistra for det. Så nært stranda, så kjekt å gå på tur med hundane. Så kjekke rom. Linus ville helst bu på Hundvåg. Men viss han ikkje skulle bu der, ville han bu her.
Eig huset, leiger tomta
Ho betalte i underkant av to millionar for huset, nye kvitevarer inkludert. Sidan har ho laga eit soverom nede, og ho har fått bygd eit kjellarrom til lagring og laga terrasse.
Tomta eig ho ikkje. Den leiger ho av grunneigaren, som også leiger ut plass til mange andre, i mikrohus, husvogner og campingvogner med spikartelt.
– Leiga dekker grunnen og kommunale avgifter. For øvrig betaler eg for straumen, seier Sæbø.
Økonomisk har dette vore eit godt grep, ettersom ho sjølv har vore student og tatt ein bachelorgrad. Nå er ho tilbake i jobb.
Minimerte utgifter
Med galopperande bustadprisar er mikrohus, minihus og kompakthus eit flott alternativ, meiner ho.
– Her kan ein bu heile året, anten ein vil surfa, finna ro i sjela eller ha råd til å bu.
Nabolaget på Bore består nettopp av surfarar, pensjonistar, unge einslege og unge par – og av folk som har fritidsbustad og som kjem i helger og feriar, fortel ho.
– Folk stortrivst her. Så lenge me har budd her, har me aldri høyrt festbråk eller annan støy, seier Sæbø.
Ut og stedla
I løpet av eit år har Linus begynt å legga om til jærsk.
– Linus har ein ponni. I staden for å seia at han skal til stallen og ri, tok han til å seia at han skulle gå og stedla, fortel mor.
– Og så likar eg farse. Det er godt, seier Linus.
Sjølv vil dei nå likevel tilbake til Hundvåg, der nabolaga har fleire barn, og der det ikkje blir seks kilometers veg til skulen.
Visning med vaffel
I påska opna dei huset for alle som kunne vera nysgjerrige på livet i minihus. Linus bidrog med sitt:
Vaflar, kaffi og saft til inntekt for heimlause katter.
– Eg likar å hjelpa dyr, eg synest synd på dei som ikkje har ein heim, seier 11-åringen. I eit bur på rommet sitt har han hamsteren Milkshake, som kjem når han kallar på han.
Då visningsdagen var slutt, kunne Linus og mor vippsa 400 kroner til Kattungehjelpen.
Ganske mange kom for å sjå korleis dei har det i sitt vesle krypinn, kjende og kjende av kjende, fortel Wenche Sæbø. Ho vil nokre fordommar til livs.
– Eg vil visa folk at ein kan bu sånn som dette og ha det bra. Eg har inntrykk av at enkelte synest synd på oss og meiner at eg har dratt ungane med på noko gale. Eg vil visa at det går an å leva slik me gjer her og ha det veldig fint, seier Wenche Sæbø.