Hå kommune har lagt ned mange millionar for å opparbeida bustadtomter i Stokkalandsmarka, men salet går trått. Dette bildet vart tatt for fem år sida. Tomta på bildet er framleis ikkje selt.
Hå kommune har lagt ned mange millionar for å opparbeida bustadtomter i Stokkalandsmarka, men salet går trått. Dette bildet vart tatt for fem år sida. Tomta på bildet er framleis ikkje selt. Foto: Jorunn Erga Steinsland (arkiv)

Det som skulle vera kommunen sitt hovudsatsingsområde for bustadutvikling i Hå, Stokkalandsmarka utanfor Vigrestad, har ikkje heilt svart til forventingane dei siste åra.

I fjor vart det seld éi bustadtomt i Stokkalandsmarka. Året før det same. Så langt i år har det ikkje vore nokon sal.

– Det er alt for lite, innrømmer hamne- og næringssjef Mons Skrettingland, men minner om at dette ikkje har skjedd i eit vakuum:

– Byggeaktiviteten har på ein måte stoppa litt opp i heile området.

Stor kommunal investering

Stokkalandsmarka vart først opna opp som bustadområde tidleg på nittitalet. Seinare, etter kvart som jordvernomsyn vart viktigare i reguleringssaker, vart Stokkalandsmarka blinka ut som veleigna for utbygging.

Til å begynna med var etterspurnaden stor, men frå 2015 dabba han kraftig av, og har nå på det næraste stoppa opp.

Kommunen har investert store summar i infrastruktur i området, men så langt har ikkje investeringa betalt seg.

– Me har brukt mykje pengar, men samtidig har me lagt eit godt grunnlag for vekst. Kommunen har heile vegen sett langsiktig på det, seier Skrettingland.

Kommunen har ein plass mellom 25 og 30 tomter som ligg byggeklare, i tillegg til nokre mindre småfelt for rekkehus og leilegheiter.

– Me har kjøpt opp areal så me har i lange tider framover, faktisk har me mange hundre mål, seier Skrettingland.

For å få opp interessen, prøvde kommunen og Mons Skrettingland seg med ekstra store bustadtomter for eit par år sidan. Skrettingland hadde trua, men framstøtet førte ikkje til sal.
For å få opp interessen, prøvde kommunen og Mons Skrettingland seg med ekstra store bustadtomter for eit par år sidan. Skrettingland hadde trua, men framstøtet førte ikkje til sal. Foto: Foto: Hå kommune

Han meiner bustadområdet ligg flott plassert, med kort veg til både natur og turområde.

– Aberet er at det er litt langt frå jernbanestasjonen. Me driv og kikkar på korleis me kunne fått til ei buss- eller kollektivgreie på ein enkel måte, men me må vippa over ein terskel før det går, seier han.

Interesserte bustadbyggarar

Skrettingland er optimist. Han tviler ikkje på at det vert bygd meir i Stokkalandsmarka, sjølv om det går litt i rykk og napp.

– Folk eg har snakka med i bransjen ser teikn på at ting er i ferd med å snu. Marknaden livnar til igjen. Renta har stabilisert seg, det har vore gode lønnsoppgjer og her i regionen er det nok av jobbar, seier han.

Faktisk signerte kommunen ein opsjonsavtale med Norgeshus Eigersund tidlegare denne veka. Frå før har kommunen ein tilsvarande avtale med AHUS Norge.

– Ein opsjonsavtale vil seia at dei peiker seg ut nokre tomter der dei jobbar ut eit prosjekt som dei legg ut for sal, og så betalar dei kommunen for tomta når dei får selt, forklarar Skrettingland.

AHUS Norge sitt prosjekt ligg allereie ute for sal. Det er snakk om seks einebustadar med tre soverom og eit bruksareal på 128 kvadratmeter, kvar til ein pris på 4,9 millionar kroner.

I tillegg vil dei føra opp tre firemannsbustader og to seksmannsbustader. Prisane på leilegheitene i desse ligg på mellom 2,3 og 2,6 millionar kroner, avhengig av storleiken.

Ytterlegare to firma skal i det siste ha vist interesse for opsjonsavtalar i Stokkalandsmarka.

– Me ser det er mykje meir interesse nå. Men sjølve salet står jo att. Me er innforstått med at dette er lange prosessar. Samtidig er det noko med at om det først losnar, er det fleire som vil sjå syn på det, seier Skrettingland.

Han seier marknaden for vanlege bustadtomter er i ferd med å stramma seg til i heile regionen.

– Det er ikkje slik at det ikkje er meir igjen, men langsiktige byggegrenser rundt stasjonsbyane er med på å avgrensa potensialet. Men i Stokkalandsmarka er det god plass, seier Skrettingland.

Håpar på daglegvarebutikk

Skrettingland legg til at kommunen håpar Stokkalandsmarka snart får sin første daglegvarebutikk.

– Me er faktisk i kontakt med ei butikk-kjede som ser på det, seier han.

Hamne- og næringssjefen brenn for Stokkalandsmarka, som han meiner er perfekt for ungdommar.

– Det er ikkje så mange plassar der det vert seld kommunale tomter der du kan bygga akkurat det huset du vil. Det er ikkje andre krav enn at du held deg til reguleringsplanen, så kan du sjølv velja om du bygg jærhus, funkishus eller noko anna. Mange legg ned mykje eigeninnsats. Det er kanskje det som kjenneteiknar Stokkalandsmarka. Det er unge folk som bygg store, flotte hus, gjerne med hjelp frå kvarandre, seier Skrettingland.