– Eg er eigentleg litt overraska over at det ikkje finst nokon skular med alternativ pedagogikk på Jæren, seier Else-Margrethe Overøye.
Men dette prøver ho no å gjere noko med. Saman med Maria Elstad og ektemennene deira står ho i bresjen for det som kan bli den første montessoriskulen i området.
Ideen oppstod under ein samtale på babysong i november, og har vore i framdrift sidan.
På under tre månader er Jæren Montessoriforening oppretta i Brønnøysundregistera, beståande av dei to ektepara, og søknaden til Utdanningsdirektoratet er allereie sendt inn.
– Me trur det er sunt med alternativ, og har tru på at det kan bli eit reelt pedagogisk alternativ, seier Overøye.
Treng fleire folk
Ein montessoriskule i Klepp vil kunne bli den tredje private grunnskulen på Jæren. I dag finst berre Jæren Lutherske Friskule og Tryggheim ungdomsskule som alternativ til den offentlege grunnskulen.
Den næraste montessoriskulen ligg på Forus.
Initiativtakarane har to ungar kvar som framleis er under skulealder. Overøye har likevel begynt å tenke på at ho synest det er langt å sende ungane sine mot skulen i Stavanger. Elstad og mannen har alltid sett for seg at det er denne skulegangen dei vil gi sine.
– Og så tenkte me at me kan jo skape det her – me treng ikkje å flytte til Forus. Den ideen gjer meg litt gira, seier Maria Elstad.
Foreininga har kontakt med Montessori Norge, og har oppretta ei facebookgruppe som nærmar seg 100 medlemmar.
– Ganske tidleg, gjennom å prate med venner og kjenningar, såg me at det er interesse for ein slik skule, seier Elstad.
Basert på desse samtalane, trur dei at dei allereie no kunne hatt ungar nok til ein klasse. Men dei understrekar at det er tidleg i prosessen, og at det ikkje er gitt at skulen faktisk blir ein realitet.
– Neste steg er at foreldra som har sagt dei vil ha ungane sine der, også ønskjer å bidra. Dette kjem til å bygge på frivilligheit i sikkert dei neste fem åra, seier Elstad.
– Me har ikkje kome så langt at me har heilt konkret framfor oss korleis ting vil sjå ut. Det er forskjellige ting me arbeider vidare med, som økonomi, bygg og pedagogar, seier Overøye.
Framover vil foreininga jobbe med å lage ein framdriftsplan og arbeidsgrupper, og å bygge opp oppstartskapital gjennom lokalt næringsliv, fond og stiftingar.
– Prøver ikkje å redde ein bygdeskule
Privatskulane har opplevd ein kraftig auke i søkartal dei siste åra. Nasjonalt var det 11.005 fleire grunnskuleelvar i ikkje-kommunale skular per 1. oktober, enn for ti år sidan. Auken er på nesten 54 prosent.
I Rogaland er auken nesten 66 prosent.
Også Jærtun Lutherske Friskule på Bryne kjenner trenden på kroppen, og søkte nyleg om å utvide frå 120 til 200 elevplassar.
Det har også blitt fleire privatskular i antal. Ifølgje tal frå Utdanningsdirektoratet har det på ti år gått frå å vere 220 ikkje-kommunale grunnskular i Noreg, til 283. I Rogaland har åtte nye etablert seg i perioden.
Utdanningsnytt skreiv i fjor januar skreiv om korleis «montessori er i ferd med å bli den nye norske grendeskolen». Dei skriv at det i snitt har blitt lagt ned 45 skular i året dei siste ti åra, og at dette som oftast gjeld små skular i små kommunar.
Kvar tredje nye privatskule som blir etablert, erstattar ein offentleg grendeskule, og langt på veg dei fleste er montessoriskular, skriv avisa som blir gitt ut av Utdanningsforbundet. Sidan oppstarten av dei første montessoriskulane i 1990, har det blitt etablert 88 montessoriskular per 2023.
Overøye og Elstad avviser at dette speler inn i forsøket på å opprette ein i Klepp.
– Nei, me prøver ikkje å redde ein bygdeskule. Og kanskje hadde det vore lettare viss det var det me prøvde på, seier Elstad.
– Me har ingen tilknyting til nokon av dei skulane som er lagt ned her. Så for oss er det genuint det at me liker denne pedagogikken, seier Overøye.
Meiner skulen er den mest nøytrale
Sjølv har initiativtakarane berre høyrt positivt om den offentlege kleppskulen, og avviser derfor også at initiativet er ein motreaksjon i så måte.
Noko av grunnen til at det er nettopp ein montessoriskule dei vil etablere, er også at det er få alternativ for kva form privatskulane har.
– Enten må du velje ein kristen eller religiøs skule, eller så er det montessori- eller steinerskolen. Og av dei er Montessori den mest nøytrale av dei religionsnøytrale skulane, meiner Elstad.
Ein skule som blir godkjent etter privatskoleloven er ein skule som tilbyr grunnskule og/eller videregåendeopplæring på eit særskilt grunnlag, og som har rett på statstilskot, skriv Udir på si nettside.
Skulen kan også krevje skulepengar av elevane.
Dei særskilde grunnlaga kan vere for eksempel livssyn, anerkjent pedagogisk retning (for eksempel montessori- eller steinerpedagogikk) eller internasjonalt (etter internasjonale læreplanar).
Opptekne av at skulane oppfyller krav og standardar
Fristen for å søke om å etablere ein ny skule er 1. februar.
I prosessen vil skulen sin vertskommune/fylkeskommune bli gitt anledning til å uttale seg i saka. Dei fleste vil ha gitt uttale innan slutten av juli, skriv Utdanningsdirektoraret på si nettside.
Silje Nygård, kommunalsjef barn og unge i Klepp, opplyser om at dei ikkje er kjend med søknaden det blir vist til.
– På generelt grunnlag er me opptekne av at utdanningsinstitusjonane i kommunen, enten dei er offentlege eller private, oppfyller dei krav og standardar som gjeld, slik at elevane får ei opplæring som varetek kvalitet og inkludering, skriv ho i ein sms.
Det er Utdanningsdirektoraret som vurderer dei ulike delane av søknaden, og søkar vil som hovudregel få avgjort søknaden sin innan 1. februar året etter.
Dersom søknaden blir godkjent, følgjer ei rekke vilkår som må bli oppfylt før skulen kan starte drifta. Dette medfører at skulen må søke om driftstillating.
Tidlegaste oppstart vil bli hausten 2026.