Andreas Vollsund er på familieferie på Kreta saman med kona Nina Undheim Vollsund og dei tre barna. Frå Syden-øya tok Time-ordføraren måndag morgon initiativ til å skapa tidenes VM-fest heime på Bryne førstkommande laurdag, når Norge spelar kvartfinale.
Andreas Vollsund er på familieferie på Kreta saman med kona Nina Undheim Vollsund og dei tre barna. Frå Syden-øya tok Time-ordføraren måndag morgon initiativ til å skapa tidenes VM-fest heime på Bryne førstkommande laurdag, når Norge spelar kvartfinale. Foto: Privat

– Det er noko av det største eg har opplevd, seier Vollsund på telefon frå Kreta, der han er på familieferie.

Ei gruppe på rundt 50 nordmenn, både store og små, hadde leigd ein eigen bar og såg 2-1-kampen mot Brasil saman der.

– Det var ei stor oppleving. Du høyrer at eg ikkje har så mykje stemme igjen i dag, seier ordføraren til Jærbladet på telefon måndag morgon.

Det blei mykje heiing og roping i den spennande kampen, der superspissen Erling Braut Haaland – Vollsund sin tidlegare elev – scora dei to avgjerande måla og sørgde for at Norge slo ut Brasil og gjekk til kvartfinalen i fotball-VM. Den blir spelt laurdag kveld, og England er motstandaren.

Vollsund valte å stå tidleg opp måndag for å ta inn over seg stunda, og å sitja litt i ro og fred med ein kaffikopp og lesa nettaviser medan resten av familien enno søv.

Berre minutt etter at kampen mot Brasil var avblåst, dels spurte og dels fastslo ordføraren at me no må få til tidenes fotballfest på Bryne til helga.

– Når eit historisk norsk lag har skapt den største norske idrettsprestasjonen gjennom alle tider, og hovudpersonen er frå Bryne og Time, seier det seg sjølv at me i Time kommune må bidra til å skapa tidenes fest, seier Vollsund.

Dermed er han litt på jobb, igjen, og litt seinare på måndagen har han eit Teams-møte med nokre nøkkelpersonar som kanskje kan bidra til å dra i gang eit stort arrangement på kort varsel.

– Me har fleire aktørar på Bryne som er flinke med store arrangement, og eg reknar med at det i ein slik anledning som dette vil vera næringsliv som er villige til å bidra med finansiering. Om det blir nødvendig for kommunen å spytta i nokre kroner også, reknar ordføraren med at det skal gå greitt å få politisk ryggdekning for det.

– Me har litt utfordring med at det er kort tid til kvartfinalen, men dette må me berre få til. Og eg har allereie fått fleire meldingar no på morgonkvisten frå folk som støttar opp om tanken om ein folkefest, seier Vollsund.

– Dette handlar om Norge og om Erling og om kor utruleg stolte og glade me er no. Eg ser føre meg ein fest på Bryne for heile Jæren, legg Time-ordføraren til.

Nøyaktig kor festen blir, og korleis han blir, veit han førebels ikkje noko om.