Sidan sommaren 2020 har Thomas Gausel Olsen og Charlotte Høyland planlagd opninga, og i desember stod nettbutikken klar. Nyleg opna dei utstillingsrom med blant anna våtdrakter og surfebrett i lokale i Klepp næringspark på Voll.
– No måtte me gjere noko. Måtte prøva noko nytt, seier Charlotte Høyland.
Startkapitalen til bedrifta har dei gått inn med sjølv, men det betydde slutten for seglbåten til familien.
Starta i sommar
I garasjen til Gausel Olsen og Høyland har det alltid vore både surfebrett, våtdrakter og anna surfeutstyr. I fjor sommar fekk dei fleire førespurnader frå kjende som ikkje fekk tak i våtdrakter på eit travelt marknad. Tidleg begynte dei med bestilling av utstyr til butikken, før dei i desember opna nettbutikken.
– Går det bra kan me utvida, men enn så lenge er det berre ein hobby, seier Gausel Olsen.
Sidan dei opna nettbutikken i desember, har dei ikkje drive med nokon form for marknadsføring av bedrifta, som har hatt god vekst.
– Det har blitt godt mottatt, og me er positivt overraska, fortel Høyland.
Det er fleire plassar det er mogleg å surfa på Jærstrendene, og Gausel Olsen trekkjer blant anna fram strendene på Bore og Hellestø. Frå lokala på Voll er det kort veg dit.
– No kjem surfarane opp i våtdrakta om dei skal ha tak i ei ny finne. Me har verkeleg funne den ideelle plasseringa, seier Gausel Olsen.
Familieprosjekt
Thomas vart introdusert for surfing i ein alder av ni år. No er det ein fritidsaktivitet heile familien har stor glede av. Også bedrifta er eit familieprosjekt.
– Når Thomas er på jobb, tek eg og gutane turen hit for å pakka bestillingane, seier Høyland.
Thomas Gausel Olsen er nemleg helikopterpilot i Heli og er 14 dagar på jobb og 14 dagar heime. Medan Charlotte Høyland jobbar med økonomi i Lyse.
No ser familien fram til ein ny sommar fylt med surfing og forhåpentlegvis stort sal i butikken.
– Det er kanskje litt kynisk å seie det, men det gagnar oss om folk reiser på noregsferie også i år, seier Gausel Olsen.
Og då kan det fort bli fullt kjør for heile familien.
– Gutungen på 12 begynner nok å jobba litt i sommar, seier Gausel Olsen.
– Alle kan
Surfing er ein aktivitet som mange har fått auga opp for dei siste åra. Spesielt er det ifølgje Høyland mange fleire kvinner som surfar på jærstrendene.
– Før var det eit par damer og masse menn, men nå er det fleire kvinner, seier ho.
Dei skulle ønskja at endå fleire fekk auga opp for naturen Jæren har å byde på, og at Jæren vart meir profilert som ein stad for surfarar.
– Det begynner å bli ein bransje som legg igjen pengar på Jæren, seier Gausel Olsen.
Derfor er dei opptekne av å tilby utstyr både til nybegynnarar og dei meir vidarekomande surfarane. Det er også fleire som tener pengar på surfing, både med utleige, kursing og sal av surfeutstyr. Men det ser Surfd ikkje noko gale i.
– Me brukar kvarandre. Det gjer ikkje noko om andre tener pengar, det er nyttig at alle drar i same retning, seier Gausel Olsen.