Han er 2013-modell og stilte på UKM-scenen med ein song han har skrive sjølv. Maske Person1 har klare mål for kva han vil oppnå som artist.
Han er 2013-modell og stilte på UKM-scenen med ein song han har skrive sjølv. Maske Person1 har klare mål for kva han vil oppnå som artist. Foto: Åge Bjørnevik

Han er fødd i 2013, han er frå Hå og han kallar seg sjølv for Maske Person1. Og laurdag ettermiddag sto han på Storstova-scenen på Bryne under den siste av to UKM-framsyningar, der han framførte sin eigen song «He du peiling?».

Det er alt som er offentleg kjent av den unge artisten, som Jærbladet fekk ein prat med bak scenen.

– Eg likar best å vera anonym når eg går på scenen. Det er lettast slik. Eg tenkjer mindre på kva andre tenkjer om meg då, seier guten bak den brune finlandshetta og den klassiske grilldressen, med ei svart og kvit Adidas-veske hengjande på skrå over overkroppen.

Maske Person1 på veg inn til Storstova på Bryne gjennom inngangen nærast garderobane.
Maske Person1 på veg inn til Storstova på Bryne gjennom inngangen nærast garderobane. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

Ung artist med klare mål

Dette er den fjerde gongen han opptrer bak maska med sine eigne songar. Han har skrive fire songar så langt, fortel den unge popartisten.

Om det å stå på UKM-scenen har han følgjande dom:

– Det var veldig gildt, men litt skummelt, også.

Han har også klare tankar om kor han vil med musikken sin.

– Målet mitt er å stå på scenen på Litla Jærnåttå og i MGP jr., slår han fast.

Klassevenninner på same scene

Bak scenen treff me også 2011-modellen Zofia Kuligowsko frå Nærbø. Ho fortel at årets UKM er det femte på rad ho er med i. I år song Zofia balladen «Part of Your World» frå Disney-filmen «Den lille havfruen».

Zofia Kuligowsko (15, blir 16 seinare i år) frå Nærbø er ein røynd UKM-deltakar. I år var ho med for femte gongen.
Zofia Kuligowsko (15, blir 16 seinare i år) frå Nærbø er ein røynd UKM-deltakar. I år var ho med for femte gongen. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

– Eg såg han på «Disney on Ice», og syntest han var fin. Dei fire gongane før har eg sunge litt mørke songar, i år hadde eg lyst å syngja noko litt lysare, fortel ho.

– Korleis er det å vera på UKM-scenen?

– Det er gøy, når du kjem ut, og alle klappar for deg. Det er spennande, også, så klart, men her i UKM heiar alle på kvarandre, seier Zofia.

Ein av dei andre ho har fått lov til å heia på, er klassevenninna Oda Ailén Håland frå Nærbø, som gjekk på scenen to nummer etterpå med Casting Crown-låta «Just Be Held».

Oda Ailén Håland frå Nærbø song ein song med ein bodskap som det er viktig for henne å dela med andre.
Oda Ailén Håland frå Nærbø song ein song med ein bodskap som det er viktig for henne å dela med andre. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

Oda Ailén er med for fjerde gong i år, og gjekk motsett veg, frå lyse songar til ein litt mørkare.

– Songen er fin, så eg hadde lyst å syngja den i år. For meg er det også viktig at han har ein kristen bodskap, og at eg fekk lov til å dela den med dei som høyrde på, fortel ho.

Også ho karakteriserer opplevinga som veldig gøy.

– Blir du ikkje nervøs, då?

– Ikkje når eg står på scenen. Men litt før.

Dansa i fjor, konferansierar i år

Etter showa møter me dei to konferansierane Dominika Goszczyk frå Nærbø og Vårin Lovise Abrahamsen frå Stavanger.

Dei går saman på danselinja ved Vågen vgs. i Sandnes.

Dominika Goszczyk (t.v.), Karin Hodne og Vårin Lovise Abrahamsen takkar publikum for at dei tok turen til Storstova.
Dominika Goszczyk (t.v.), Karin Hodne og Vårin Lovise Abrahamsen takkar publikum for at dei tok turen til Storstova. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

I fjor debuterte dei i UKM-samanheng, då dei dansa på den jærske kulturmønstringa.

I år hadde dei lyst på ei ny utfordring, og melde seg derfor til teneste som konferansierar.

– Det har vore kjempegøy, så me angrar ikkje. Det er godt å få prøva seg på litt forskjellig, seier Dominika.

Både på scene og med kunst

Heilt til slutt under årets UKM-framsyningar stod bandet Meitemark frå Time på scenen, med låten «Lampshade».

Frontfigur Olava Kristiansen Kleiverud takker publikum for støtten i det bandet Meitemark går av scenen. Gitarist Maria Serigstad (t.v.) og bassist Matilde Øvrebø Byberg hektar av seg instrumenta sine.
Frontfigur Olava Kristiansen Kleiverud takker publikum for støtten i det bandet Meitemark går av scenen. Gitarist Maria Serigstad (t.v.) og bassist Matilde Øvrebø Byberg hektar av seg instrumenta sine. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

Bandet består av Makar Morozov (slagverk), Maria Serigstad (gitar), Matilde Øvrebø Byberg (bass), Nina Sofie Tare Hetland (tangentar) og Olava Kristiansen Kleiverud (vokal og gitar).

Dei fem ungdommane i alderen 15 til 17 har spela saman i eitt år, fortel dei. Dei starta på privaten, men no er dei etablerte som eit band gjennom Time kulturskule, og øver vanlegvis saman ein gong i veka – og ein del oftare i oppkøyringa til UKM.

I fjor, det første året dei var med, gjekk dei vidare til fylkesfestivalen. Det håpar dei å gjera i år, også. Kven som får den æra, blir offentleggjort søndag.

Vokalist og gitarist Olava Kristiansen Kleiverud (15, fyller 16 seinare i år) møter me for øvrig igjen i UKM-kunstutstillinga ute i foajeen i Storstova. Ho er representert der også, med to bilde ho har laga.

Olava Kristiansen Kleiverud med dei to bilda ho stiller ut under årets UKM. Begge har måndag morgon som utgangspunkt.
Olava Kristiansen Kleiverud med dei to bilda ho stiller ut under årets UKM. Begge har måndag morgon som utgangspunkt. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

Gjennomgangstemaet for akrylmåleria er måndag morgon, og det eine har fått tittelen «Sokker i sandaler», medan det andre heiter «Alarmklokka».

– Eg likar veldig godt å jobba med både bilde og med musikk. Eg har vore i fylkesfinalen tidlegare med bilde, og det var jo gøy. Men i UKM er det kanskje ekstra gildt med musikken, og å få stå på ein stor scene. Me var jo i fylkesfinalen i fjor med Meitermark, og det var kjempegøy, fortel ho.

Alle deltakarane på UKM-framsyning nummer to laurdag ettermiddag bukkar og takkar.
Alle deltakarane på UKM-framsyning nummer to laurdag ettermiddag bukkar og takkar. Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Emmeline Melstveit frå Gjesdal framførte «Floden».
Emmeline Melstveit frå Gjesdal framførte «Floden». Foto: Foto: Åge Bjørnevik

Desse gjekk vidare til fylkesfestivalen

Søndag blei det offentleggjort kven som gjekk vidare til UKM sin fylkesfestival i Rogaland. Lista ser slik ut:

Utstilling

  • Kanin - Isabella Skeie Bekkeheien – Hå
  • Nancy (oc) - Hailey Hobberstad - Hå
  • Aftermath - Alvin Garpestad – Hå
  • Mandag morgen - Olava Kleiverud - Time
  • Koi fisker - Seline Andrine Stensland - Time
  • Jordbær - Matilde Øvrebø Byberg - Time

Scene

  • Earth Song - Kacper Kraska, sang – Klepp
  • Turn Off TV – Movez, dans – Time
  • Sir Bathamus The 3. & Klavius, Teater – Time
  • He du peiling? - Maske Person1, sang – Hå
  • Just Be Held - Oda Ailèn Håland, sang - Hå
  • Castles Made of Sand - Gubber, band – Gjesdal
  • Out Here on My Own - Selma Haga, sang – Gjesdal
  • No Doubt (Enhypen)1 - Omar Haroon, dans – Gjesdal