I gamle dagar låg butikken og bensinstasjonen på Ogna på vestsida av Nordsjøvegen. For rundt ti år sidan flytta dei over vegen. Lokala på vestsida var òg heim for biblioteket på Ogna, men dette flytta til nye Ogna skule i 2018.
Seinare blei bygga på vestsida av Nordsjøvegen rivne. Delar av området, det som ligg nærast jernbanestasjonen, blei gjort om til parkeringsplass for Bane Nor. På den andre sida er det berre ein stor, open grusplass.
– Uferdig
I kommunestyret torsdag tok Ove Unhammer (INp) opp tomta i eit spørsmål til ordføraren. Ognabuen sa at mykje har blitt gjort i sentrum dei siste åra, men at akkurat denne tomta sto igjen som uferdig.
Unhammer spurde om kva planane eigentleg er for sentrum, og la til at på denne tomta går det an å få til mykje til låg kost, til dømes med å planta gras og setta ut benker.
Ordførar Andreas Bjorland (KrF) innrømma at tomta ikkje har sett ut slik kommunen ønsker, og sa han ville be administrasjonen legga fram ein plan for ei enkel oppgradering.
– Det må òg vurderast om kommunen skal vera eigar av dette området eller om det skal seljast til ein næringsaktør, sa ordføraren.
Stort skilt
Allereie to veker seinare la administrasjonen fram ein plan for politikarane i Utval for samfunn.
Kommunalsjef Jan Gunnar Mattingsdal fortalde at tomta på eit tidlegare tidspunkt var tema i formannskapet, som hadde blitt samde om at ho kunne seljast.
– Men slik det er i dag, er det ikkje så mange som veit at det her er eit ledig næringsområde, sa han.
Tomta er regulert til forretning og kontor.
– Det kan komma mange passande prosjekt her, sa Mattingsdal.
Med seg hadde han to KI-genererte skisser av korleis området kan sjå ut når det er ferdig opparbeida, anten med grus eller plen. Det viktigaste var likevel eit anna element: Eit stort skilt der det blir opplyst at tomta er til sals.
Mattingsdal understreka at illustrasjonen berre var førebels:
– Me veit at det er mange reglar for skilting langs fylkesveg, sa han.
Kan bygga opp til tre etasjar
Han la til at heller ikkje opparbeidinga blir som på KI-illustrasjonen.
– Dette er eit enkelt utgangspunkt. Poenget er å få ein heilskap på tomta. Då blir ho òg eit meir freistande salsobjekt, sa han.
Tomta er 2,2 dekar stor og ferdig regulert. Det er mogleg å bygga opp til tre etasjar.
Kommunen har fått sporadiske førespurnadar rundt tomta, men ifølge kommunalsjefen har det vore lite konkret.
– Men eg trur ikkje det er så mange som veit at her ligg det ei ledig tomt. Me har ikkje vore gode til å marknadsføra ho, sa Mattingsdal.
På spørsmål om det kan vera aktuelt med til dømes Bed & breakfast, svara han at då må det ei mindre reguleringsendring til.
Gunn Hege Skretting Sirevåg (H) meinte tomta, som ligg rett ved både stranda og stasjonen, kan vera utgangspunktet for noko kjempespennande.
– Her går det an å få til eit ganske kult næringsbygg, meinte ho.