Dagleg fér tusenar av bilar forbi det raude huset langs fylkesvegen, men kva skjuler seg bak veggene?
Dagleg fér tusenar av bilar forbi det raude huset langs fylkesvegen, men kva skjuler seg bak veggene? Foto: Asgeir Ueland

Du har sikkert sett det, men aldri ofra det ein tanke.

Det bygget som er halvt hus og halvt løe på Sør-Reime.

Nordsjøvegen 2295 er den offisielle adressa.

Men folk flytta inn her lenge før adresser var vanlege. Attende i 1887, då huset var ferdig.

No står det der åleine lett forfalle. Litt sør for Vigrekrysset, om ein køyrer sørover lågslettene.

Huset er utan straum og utan folk, men har framleis ei slags sjel. Det er sjølvsagt verna.

«Den samanbygde hustypen representerer ein hustype som er sjeldan i dag, men har vore langt vanlegare», heiter det i kulturminneplanen til Hå kommune.

Slik huset ligg i dag, er det nesten midt i vegen. Den gamle låvebrua er delt i to. Ein del av lødde steinar står framleis godt i ver og vind.

Dei gamle plankane i den øvre delen er i ferd med å gje etter. Låvebrua ender rett i sykkelstien. Og vegen er ein tre-fire meter unna.

I kulturminneplanen står det ingenting om dei som har levd der.

Det er berre bygget som talar. Det er lett å tru at dette berre er eit gammalt monument over det jærske bondesamfunnet. Men huset har sett både tragediar og glede gjennom sitt snart 140 år lange liv.

Losen og hans hustru

Dette er soga om nokre av menneska, som ein gong sat i stova i det raude huset på Sør-Reime.

Då huset stod ferdig i 1887, var Martin Hansson Sør-Reime omtrent 34 år gammal.

I august 1882 hadde han gift seg med Berta frå Herigstad. Dei hadde alt fått tre gutar på tre år. Den eldste Hans kom til verda berre to månadar etter bryllaupet.

Garden dei kjøpte var ein del av farsgarden. Faren Hans Olson Salte var los. Det var farfaren som hadde emigrert frå Salte til Sør-Reime.

Den yngste av dei to brørne til Martin hadde kjøpt tri fjerdedelar av farsgarden. Det som var att til familien på fem rundt det raude huset, var truleg den siste fjerdedelen.

Både Martin og broren Ola, tok opp faren sitt yrke som los.

Jærkysten var ein farleg strekning med få naturlege hamner mellom Sirevåg og Tananger. Det låg altså i familien å sette seg i båten og ro ut til skip som kom farande langs kysten.

I dag ligg det grøne enger rundt det gamle huset.

Men det jærske landskapet den gong var prega av stein og torvmyr. Ville ein dyrka opp noko, måtte ein spa, seinare kom steinbukken som kunne gjere tyngre løft av steinar, enn det rein mannekraft kunne utretta.

Kvardagen var nok prega av slit.

Fjerdeguten Anton, den fyrste som vart fødd i det nye huset, vart ikkje ein gong fire år gammal.

Anton vart fødd i 1888. I perioden fram til 1904 fekk dei ytterlegare åtte born.

Den siste, Berta, døydde berre fire månadar gammal. Det var mest som eit forvarsel om den komande tragedien.

Ein gong var huset fullt av liv, men sidan det vart bygd, har det skjedd mange tragediar i huset.
Ein gong var huset fullt av liv, men sidan det vart bygd, har det skjedd mange tragediar i huset. Foto: Foto: Bilde utlånt av Harald Sør-Reime

Om mann og mus

Medan borna var små, var det truleg ho Berta som måtte ta seg av dyra.

Skipa der ute på havet kunne ikkje venta på los. Det var òg høvet ein oktoberdag i 1905.

Utanfor kysten kom skonnerten «Camilla». Den gjekk med kollast frå England. No trengde dei los på vegen nordover jærkysten. Martin sette seg i robåten, slik han hadde gjort fleire gonger før. Kva som skjedde etterpå veit me berre sporadisk frå gamle aviser:

I avisa Kysten frå 14. oktober 1905, kunne ein lese dette:

«Skonnert «Camilla» fikk Torsdag Aften [12. oktober] Lods Sørreime ombord ved Obrestad. Imidlertid røg det op med storm fra Nord, saa Fartøiet drev af, og siden har man intet hørt fra det.»

Det gjekk rykte i same artikkelen om at skipet hadde dukka opp i Mandal, men det vart avfeia i same saka.

Nesten to månadar etterpå, 20. desember, skreiv «Skandinaven» at skonnert «Camilla»: «antages gaaet under utenfor Jæderen med Mand og Mus.»

Martin Hansson Sør-Reime vart aldri funnen. Han fekk ei våt grav.

Ver og vind har sett sine spor i Nordsjøvegen 2295 gjennom åra.
Ver og vind har sett sine spor i Nordsjøvegen 2295 gjennom åra. Foto: Foto: Asgeir Ueland

Utvandrarar

Den eldste sonen til losen, Hans Martin, tok då over drifta av garden.

Han gifta seg i 1910, med Regine, fødd Vigrestad.

Det var dei som no vart drivarane av garden. Den andre i rekka, Elling, flytta til Kvitsøy, og var mellom anna skipsførar på nattruta «Sandnes». Han tok og opp familietradisjonen med å verte los.

13. oktober 1942, nesten på dagen 37 år etter at faren forsvann, drog han ut for å fiske. Noreg var då okkupert. Robåten vart funnen tom, men dei fann aldri Elling. Som sin far fekk han ei våt grav.

Den tredje boren vart verande på Jæren. Men det var klart at ein så liten gard ikkje kunne fø den store barneflokken over tid.

Fem av Sør-Reime-brørne reiste til Amerika, dei fleste av dei hamna med tida i Montana. Nokre av dei i Billings, ikkje så langt frå verdas fyrste nasjonalpark, Yellowstone.

Ein av dei hamna i Washington State på vestkysten. Den eine søstera vart verande i Noreg. Ho utdanna seg til sjukepleiar, og levde ugift i Molde.

Det var ein jamn straum av jærbuar som reiste til USA og Montana i fyrste halvdel av 1900-talet.

Ifølge Harald Sør-Reime, som i dag eig huset, var nokre av dei heime etter at dei utvandra. Men ingen av dei flytta heim att til Jæren.

Reklamemannen Harald Øglænd frå Bryne, skildra folka i huset i ein epistel i 1958.
Reklamemannen Harald Øglænd frå Bryne, skildra folka i huset i ein epistel i 1958. Foto: Foto: Skjerdump frå Stavanger Aftenblads arkiv.

Eit herberge i vinterstormen

Som den omkomne losen, rakk òg Hans og Regine Sør-Reime å sette spor etter seg i avisene. Men i motsetnad til tragediane som hadde ramma familien før, var det denne gongen positivt lada. Reklamemannen Harald Øglænd frå Bryne hadde på 1950-talet og utover nokre små epistlar med teikningar om folk og stadar på Jæren. Hans skildringar kom på trykk både i Jærbladet og Stavanger Aftenblad.

I 1958 skildra han det då eldre ekteparet i huset:

«Huset ligg kloss i vegen, grått, nesten svart av eide og vindrok, lågt og stabbefast med fritt leide for alle vindar.»

Øglænd skildrar korleis det vart til nytte då ein hard vinterstorm fór over Jæren i 1953.

«Og so ligg heimen til Hans Martin og kona hans som eit herberge for vegfarande i naud.»

I høve Harald Sør-Reime var besteforeldra gilde folk. Hans Martin, så rikt skildra i avisene, var ein nokså taus mann. Han var bonde og fiskar. Kona Regine var det meir liv i, i høve barnebarnet.

Det som ikkje kjem fram i epistelen etter Harald Øglænd, er han som dreiv garden då han kom innom på slutten av 1950-talet, Martin Sør-Reime. Han var den siste av familien som budde fast i huset. Soga hans er den mest dramatiske av alle i familien.

Den kan du lese om i del 2.

Kjelder: Namnesøk på nb.no; Ragnar Ulstein, Englandsfarten bind 2; Torgeir Edland Gards og ættesoga for Nærbø; Harald Sør-Reime; Leif-Tore Langemyr – Jageren Glaisdale; Jærbladet 8.5.1995; Krigsseilerregisteret.no.

Takk til Tor Bjørn Ueland, som spora opp kor dei som utvandra til USA hamna.