– Kva er det som skjer? spør ein lesar, som tidleg tysdag ettermiddag observerte at to tog – eitt lokaltog og eitt regiontog – sto i same togsporet på Nærbø.
Ein annan lesar, frå ein litt annan vinkel, dokumenterte opptrinnet med både foto og ein videosnutt.
Ole Andreas Skårland på Go-Ahead sin pressetelefon stadfestar at det er som det ser ut: Eit type 72-tog, altså av den typen som vanlegvis fraktar lokale passasjerar på Jærbanen, tok turen til Nærbø for å ta på slep regiontoget som fekk tekniske problem tysdag morgon.
– Det skal takast inn til verkstaden i Stavanger. Begge toga køyrer tomme når me hentar inn eit tog på denne måten, seier Skårland.
Det var regiontoget som gjekk frå Stavanger klokka 06:32 tysdag morgon som fekk problem. Turen gjekk rimeleg greitt heilt fram til Bryne, der det kom klokka 07:10, tre minutt etter rutetid. Men så fekk det tekniske problem, og blei ståande i det eine av dei to spora på Bryne.
Det skapte nokre problem og forseinkingar for lokaltrafikken i morgonrushet, fordi dei to spora på Bryne vanlegvis blir brukte for at nordgåande og sørgåande tog skal få kryssa kvarandre.
Etter kvart kom toget seg av garde, men så stoppa det for andre gong – allereie i sporvekslaren i den søre enden av Bryne stasjon. Dermed blei det sperra for all togtrafikk ei lita stund.
Til slutt køyrde toget med redusert fart til Nærbø, der det blei innstilt og parkert i eitt av dei to spora der. Passasjerane blei plukka med av det neste regiontoget sørover, som gjekk frå Stavanger klokka 08:47.