Første skuledag nærmar seg, ikkje berre for elevane, men òg for spente, nytilsette lærarar.
Onsdag denne veka var dei fleste av dei nytilsette lærarane som skal jobba på ulike skular i kommunen samla til innføringskurs i kantina på Nærbø ungdomsskule.
På fremste pult finn Jærbladet Tim Degn Mikkelsen og Mathias Meling Haugland.
Sjå liste over navna på alle dei nytilsette lærarane i Hå lenger nede i saka.
– Vil jobba med folk
Begge er nyutdanna lærarar.
– Eg har mange i familien som er lærarar, og har alltid hatt eit ønske om å jobba med folk, seier Haugland om yrkesvalet.
– Å jobba på kontor er ikkje noko for meg. Eg treng å aktivisera meg sjølv. Ingenting er betre enn å gjera det i lag med andre.
Mikkelsen kjenner seg godt igjen. Rett nok vert han den einaste læraren i familien, men elles er mykje likt.
– Eg vil jobba med folk, seier han.
Reint formelt kjem dei to, som har vore klassekameratar dei siste fem åra, rett frå skulebenken. Dei er likevel ikkje urøynde. Begge har jobba deltid ved sida av studia.
Mikkelsen har jobba ved Motland skule, medan Haugland har jobba ved Nærbø ungdomsskule.
Nå skal begge to ut i faste fulltidsstillingar.
Mikkelsen skal undervisa i matte, samfunnsfag og naturfag ved Motland skule, medan Haugland vert matte- og samfunnsfaglærar ved Nærbø ungdomsskule.
– Godt arbeidsmiljø
Dei to rapporterer om godt arbeidsmiljø i Hå-skulen og ved Motland og Nærbø ungdomsskule spesielt.
– Me er begge to slik at me gjerne kjem ein halv time før tida for å ta ein kopp kaffi, seier Haugland og smiler.
Maylen Viste har òg fått jobb ved Motland skule.
Sidan i mars har ho vore inne i eit vikariat som KRLE-lærar på skulen, men til hausten vert ho kontaktlærar på første trinn.
Haustens førsteklassingar vert ein uvanleg stor gjeng. Dei er heile 60 barn, fordelt på tre klassar og fire kontaktlærarar, ein av dei altså Viste.
Ho innrømmer at ho er spent.
– Eg har treft dei som skal begynna i første eit par gonger i løpet av våren. Eg merkar dei er spente, dei òg.
Dette er dei nye lærarane i Hå:
Vigrestad storskule
- Ingrid Linea Brevik
- Jonny Krogedal
- Kristine Monge Pollestad
- Eline Vold
Nærbø ungdomsskule
- Marit-Elise Fossen Salte
- Mathias Meling Haugland
Motland skule
- Ole Flaata Hermansen
- Maylen Viste
- Tim Degn Mikkelsen
Varhaug skule
- Hallvard Berge Galtvik
Bø skule
- Anne Siv Lea
- Kristoffer Vigre
- Astrid Håland Pollestad
Ogna skule
- Kristine Evjen
- Regine Vaule
Vigrestad skule
- Hannah Lende
- Mari Strand Bjelland (frå 1.5.25)
- Tone Stueland Gallefoss (frå 1.5.25)
- Liv Tora Stueland (40% i fjor)
Høyland skule
- Karianne Refve
- Kristine Karlsen - 40 % i fjor
- Anne Håland - startar 12. september
- Oda Jane Tengesdal (Innføringstilbodet)
Varhaug ungdomsskule
- Ingen