Fremst til venstre: Tonje Husveg, Helle Ravndal, Tone Karin Mygland, Hilde Gjerde, Rebekka Gåsland, Emilie Ådnøy, Susanne Eltervåg, Sahra Abukar Mohamed, Heidi Hellestø, Olena Shevchenko, Emilie Kvål Stangeland.
Bak frå venstre: Kristin F. Klepp, Andreas Ree, Daniel Larsen, Kristoffer Byberg, Sebastian Kalvik, Erlend Seyffarth, Lene Austli, Eirik Mauland Tveit og Metin Sagici.
Fremst til venstre: Tonje Husveg, Helle Ravndal, Tone Karin Mygland, Hilde Gjerde, Rebekka Gåsland, Emilie Ådnøy, Susanne Eltervåg, Sahra Abukar Mohamed, Heidi Hellestø, Olena Shevchenko, Emilie Kvål Stangeland. Bak frå venstre: Kristin F. Klepp, Andreas Ree, Daniel Larsen, Kristoffer Byberg, Sebastian Kalvik, Erlend Seyffarth, Lene Austli, Eirik Mauland Tveit og Metin Sagici. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

– No skiftar eg beite. Det er kjempespennande!

Det seier Helle Ravndal, som gjennom 13 år har jobba som pedagogisk leiar i barnehage.

No er ho klar for nye utfordringar.

– Skule er noko eg har tenkt på og vore interessert i. Då guten min begynte på skulen blei eg enda meir interessert og synest det verka veldig spennande, seier ho.

Nyleg var ho på introduksjonskurs saman med andre nytilsette lærarar på Kleppelunden skule, der gjennomgang av aktuelle tema i forbindelse med læringsbrett og teknologi står sentralt.

Sjå liste over alle dei nye lærarane i Klepp nedst i saka.

Erlend Seyffarth og Helle Ravndal er blant det nye tilskotet lærarar i kleppskulen.
Erlend Seyffarth og Helle Ravndal er blant det nye tilskotet lærarar i kleppskulen. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

– Grugleding

Ravndal startar i eit årsvikariat i andre klasse på Kleppelunden skule, og ser på tida som ein prøveperiode.

– Det er litt grugleding, smiler ho.

For Susanne Eltervåg, på andre sida av bordet, er ikkje terrenget like ukjend. Ho har jobba i seks år som lærar på barneskule i Sandnes, og bytta jobb som følgje av flytting til Jæren.

Susanne Eltervåg er nytilsett lærar på Engelsvoll skule.
Susanne Eltervåg er nytilsett lærar på Engelsvoll skule. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

No skal ho undervise på Engelsvoll skule, som også er ein barneskule.

Eltervåg forklarer at den er litt mindre enn ho er vant til, og at kleppskulen nyttar ein annan type læringsverktøy. Ho blir nøydd til å setje seg inn i bruken av iPad i skulen, der ho tidlegare har nytta Chromebook.

Men likevel:

– Det er jo litt trygt å framleis gå til barneskule når eg har vore der i mange år.

Set pris på relasjonane

Erlend Seyffarth har jobba to år på barneskule i Hå kommune. No blir han kontaktlærar i åttande klasse på Klepp ungdomsskule.

– Trur du det blir store forandringar frå tidlegare?

– Det er nytt læringsverktøy med iPad frå Chromebook, som eg er vant til, men elles trur eg det er mykje av det same.

– Men eg skal på ungdomstrinnet, og jobba på mellomtrinnet tidlegare. Det er på ein måte litt nytt, seier han.

Planen er å følgje dei ferske ungdomsskuleelevane heilt til tiande klasse.

– Det blir fint å bygge relasjon til dei og bli ordentleg kjent med dei. Du kjem mykje nærare elevane når du er kontaktlærar også, seier han.

Seyffarth har alltid tenkt at han vil jobbe med menneske. Han var innom tanken på yrke innan både helse og fengsel, men landa på at det var lærar han ønskte å bli etter å ha jobba som lærarvikar.

– Eg fann ut at eg trivest med ungdom, og syntest det var veldig gøy.

Her er dei fleste av dei nye lærarane i Klepp. Bak frå venstre: Kristin F. Klepp, Andreas Ree, Daniel Larsen, Kristoffer Byberg, Sebastian Kalvik, Erlend Seyffarth, Lene Austli, Eirik Mauland Tveit og Metin Sagici.

Framme frå venstre: Tonje Husveg, Helle Ravndal, Tone Karin Mygland, Hilde Gjerde, Rebekka Gåsland, Emilie Ådnøy, Susanne Eltervåg, Sahra Abukar Mohamed, Heidi Hellestø, Olena Shevchenko, Emilie Kvål Stangeland.
Her er dei fleste av dei nye lærarane i Klepp. Bak frå venstre: Kristin F. Klepp, Andreas Ree, Daniel Larsen, Kristoffer Byberg, Sebastian Kalvik, Erlend Seyffarth, Lene Austli, Eirik Mauland Tveit og Metin Sagici. Framme frå venstre: Tonje Husveg, Helle Ravndal, Tone Karin Mygland, Hilde Gjerde, Rebekka Gåsland, Emilie Ådnøy, Susanne Eltervåg, Sahra Abukar Mohamed, Heidi Hellestø, Olena Shevchenko, Emilie Kvål Stangeland. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Dette er dei nytilsette lærarane i Klepp:

Klepp ungdomsskule

  • Erlend Seyffarth

Kleppe skule

  • Eirik Mauland Tveit
  • Metin Sagici
  • Daniel Larsen
  • Sebastian André Amundsen Kalvik
  • Emilie Ådnøy
  • Sahra Abukar Mohamed
  • Hilde Gjerde

Kleppelunden skule:

  • Helle Stokkeland Ravndal
  • Kristin Fosstveit Klepp
  • Lene Austli
  • Kristoffer Byberg
  • Heidi Hellestø
  • Olena Shevchenko
  • Jeanette Aksdal

Engelsvoll skule

  • Andreas Ree
  • Susanne Eltervåg
  • Rebekka Gåsland Håvik
  • Tonje Husveg
  • Kristine Andersen
  • Joakim Anti Tengesdal
  • Linn Christin Ringseth

Orstad skule

  • Tone Karin Harbakk Mygland
  • Line Svangtun Garpestad
  • Mari Frøyland Maudal

Bore ungdomsskule

  • Emilie Kvål Stangeland

Bore skule

  • Geir-Kåre Taksdal
  • Lene Cecilie Lindberg Fuglestad