Her fekk ungar møte dyr på nært hald – sjå bilda frå familiedagen
Familiedagen på Øksnevad vidaregåande skule trekte til seg barnefamiliar i massevis søndag. På arrangementet var det tilbod om ansiktsmåling, riding på hest eller ponni, hest og kjerre, kiosk, loddsal og traktorkøyring.
Jone Hansen og Linnea Vigre i idyllisk augneblink med ein av sauene på garden. Linnea gler seg til å sjå alle dyra, og håpar å få sitje på med "Gråtass".
Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim
Nora-Mari Svensen og Sveinung Hellevik har tatt med seg døtrene Sofie og Solveig Svensen Hellevik. Sistnemnte ligg i vogna. Dei har ikkje vore på arrangementet før, og kom fordi dei ville ein tur ut av huset.
Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim
Jone Hansen og Linnea Vigre i idyllisk augneblink med ein av sauene på garden. Linnea gler seg til å sjå alle dyra, og håpar å få sitje på med "Gråtass".
Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim
Joakim Pedersen Raugstad (18) og Ole Arvid Norland (17) er 2. klassingar på heste- og dyrefaglinja på skulen. Dei har sagt seg villige til å vere blink for svampekast.
Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim
Maskoten for dagen.
Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim
Monika og dotter Lea Lervik har planar om å kikke seg rundt, og sjølvsagt sjå på dyra.
Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim
Ada, Fie og Endre Molland ser fram til å ri på hest. Akkurat no ventar dei på veslebror som står i kø for å køyre traktor.
Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim
Det var moglegheiter for å sitje i hest og kjerre, men også å sitje på hesteryggen inne i hallen.
Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim
Julie, Tor Inge og Anna Kyllingstad-Olsen frå venstre, og Iselin Idland heilt til høgre. Jentene ventar spent på å få ein tur i kjerra bak hesten.
Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim
Lilo Molohon i møte med ein av ridehestane.
Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim
Aron og Camilla Henriksen.
Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim
Kirsti Isabell Storesund leier hesten Pride. Ho er andreklassing på skulen, og synest det er ein kjekk aktivitet. – Det er til inntekt for klassetur til Danmark i mars, smiler ho.
Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim
Gjestene strauma til, og opplegget på Øksnevad vidaregåande skule er openbert populært – mest for småbarnsfamiliane.
Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim