– Nå har me skapt ei ny verd. Eit nytt univers, seier Reier Carlsen då Steinslandhuset er på plass i Storgata.
Fredag har Carlsen og Rune Underhaug skapt eit nytt historisk miljø, Smieparken, med gamle hus i hovudrolla.
Det same har den gamle Russland-ambassadøren Øyvind Nordsletten gjort på tunet i Hognestad.
Bak Undheim samfunnshus har Mathias Wold fått installert Brynes staselegaste villa, Elverhøy.
Med andre ord: Husløft er blitt den nye folkesporten i Time.
[brick-component="brick-teaser-player"]:not(:defined) article.brick-teaser-player-overlay { display: none; } Vil du sjå neste video?Total krise i Time1:26
Skaper eit historisk kvartal
– Dette er ein trend i tida, framhevar Carlsen, som tidlegare har fått både Time kommunes byutviklingspris og kulturminnepris, og Brynes Vels trivselspris, for å ha pikka mørtel av gammal teglstein og restaurert jugendbygget i Hulda Garborgs veg 2.
Både Aarresmiå og Steinslandhuset er merka for bevaring i kommunens kulturminneplan. Begge sveitserhusa er over hundre år og skil seg ut i eit bybilde prega av større og nyare bygningar.
Sjølve Smiå ligg i permanent skugge frå ei sju etasjar høg blokk på hjørnet av Øgaardsbakken og Storgata. Blokka var kontroversiell då ho vart reist og fleire av dei folkevalde som gav klarsignalet, har seinare sagt at dei angrar på avgjerda.
Reier Carlsen kontrasterer blokkbebyggelsen i sentrum med storleiken på bygga i Smieparken. Han meiner volumet på dei bevaringsverdige husa er med på å skapa gode byrom, som slepp til sola og ikkje lagar vindkorridorar.
Byutvikling og berekraft
– For oss handlar dette mykje om byutvikling, og følgjer opp intensjonen som ligg bak mykje av sentrumsutviklinga med opprustinga av parken. Det handlar om å ta vare på og vidareføra byforteljinga om Bryne, seier Carlsen.
Arkitekten legg ikkje skjul på at prosjektet er kostbart og arbeidskrevjande. Men nye tankar om klimautslepp og sirkulærøkonomi gjer likevel at gjenbruk – framfor brenning og kasting av gamle, brukande materiale – seglar fram som eit attraktivt alternativ.
Arbeidet med bygningane i Smieparken går ut på føra tilbake dei til sin opphavlege sveitserstil. Samstundes skal dei få universell utforming og moderne komfort, med isolasjon og ventilasjon.
Bygningane er små, men kjem på same nivå og er laga for å kunna brukast i lag. Det er ikkje klart kven som skal inn i Smieparken. Det kjem dei tilbake til når kvartalet nærmar seg ferdigstilling.
Neste steg er å tetta Steinslandhuset og fullføra Smiå, fortel Rune Underhaug.
– Det er herleg å sjå at det kjem på plass. Nå skal me skunda oss forsiktig, og passa på kronene.
Eldste bevarte skulen i Time
Den første skulen i Time finst ikkje meir. Men i september vart den nest eldste, berga og flytta over vegen, for å gjerast om til bustad på tunet til Øyvind Nordsletten og Åslaug Undheim.
Dei bur i «Arkjå», jærhuset dei fekk flytta frå Undheim og ført tilbake, før dei returnerte til Norge etter eit langt liv i diplomatiet. Arbeidet fekk dei Time kommunes kulturvernpris for.
På tunet deira på Hognestad, står også ei gammal stolpebu som er henta frå Njå, og ein garasje bygt av treverk frå heimgarden til Nordsletten.
Skulen vart oppført på Line i 1865, flytta til Haugland i 1888, og så til Hognestad i 1893. Etter at den nye skulen i bygda stod klar, på midten av 1930-talet, fungerte den gamle som forsamlingshus.
Etter at Hognestad IL fekk nytt klubbhus ved fotballbanen, stod bygningen tomt. Kommunen ville ha han bort; viss ingen ville ha skulen, var riving alternativet.
Kultur for gjenbruk
Laurdag viser Nordsletten rundt i oppussingsobjektet, som på eit halvt år har fått fire soverom, kjøkken, bad og eige vaskerom. Inne er gamle, solide tømmerveggar komne til syne.
Ute er moderne kledning skifta ut med høvla, autentiske bord.
Den impregnerte kledningen vart sett opp for cirka tretti år sidan, då vern av kulturminne ikkje hadde høg prioritet. Kledningen er likevel ikkje kasta, han er brukt til å laga nytt vedskjul.
– Det er eit døme på noko som er ein gjennomgangsmelodi i heile dette prosjekt. Ikkje berre vern av kulturminne og lokale byggjeskikkar, men gjenbruk i alle ledd, seier Nordsletten.
For å få plass til skulen på tomta, måtte fleire store tre fellast. Mykje er blitt ved, men dei største vart frakta til sagbruket på Mossige. Ask og lønn er blitt kledning i eit soverom. Skuten har fått kledning av gran, frå eit stort tre som voks akkurat der.
Sirkulærøkonomi i praksis
Nordsletten gjer som arkitekt Reier Carlsen, og drar fram den sirkulære økonomien.
– Kulturvern og ta vare på det som var, er eitt viktig moment, men det er også miljøvern. Bruka på nytt, gjenbruk i staden for å kjøpa nytt, sirkulærøkonomi er det fine ordet for dette, seier Nordsletten.
Poenget er effektiv bruk av ressursar, ifølgje Miljødirektoratet, fordi verdas naturressursar er under press. Produkt må reparerast, oppgraderast og i større grad brukast om igjen. Når det ikkje lenger går, kan avfallet materialgjenvinnast og brukast som nye råvarer.
Nordsletten og kona har ikkje tenkt å bu i skulen sjølve. Der skal sonen Gunnar med familie, bu, når dei er på besøk i heimlandet. Skulen skal også vera husrom for sambygdingar.
Storkar på Undheim
Mens Reier Carlsen og Rune Underhaug flytta krambua i Storgata, til nabotomta, og Nordsletten fekk køyrt den gamle skulen over vegen, om lag 300 meter, måtte Mathias Wold ut av kommunen før han kunne setja huset sitt på plass.
– Det er ikkje alle som tar det like langt som meg, seier han og ler.
I eit døgn i november var han i alle kanalar. Det er ikkje kvar dag ein direktørvilla køyrer nedover langs kysten, frå Bryne til Undheim via Varhaug, på oppdrag frå ein 20 år gammal tømrarlærling.
[brick-component="brick-teaser-player"]:not(:defined) article.brick-teaser-player-overlay { display: none; } Vil du sjå neste video?Total krise i Time1:26
Kollegaane i Byggmester Slyk & Espevik plar seia at Wold får tredobbel læretid. Utanom arbeidstida, jobbar han kveldar og helger på huset sitt.
– Men det er vanvitig lærerikt. Eg har lært så utruleg mykje, seier han.
Siktar mot jula 2023
Den harde vinteren gjorde at han måtte halda seg innandørs, gjera rivearbeid og mura opp ny pipe. Arbeidet gjekk litt trått, seier han, kulda gjorde at han måtte kle på seg mange lag.
I januar vart taket tett, det var ein milepæl. Skiferen skal på i løpet av våren. Planen er å gå laus på kledningen i sommar.
Ambisjonen er å vera på plass til jula 2023, i eit tørt og ferdig renovert hus. Målet er at disponentbustaden skal sjå ut slik han gjorde i 1915, men få moderne komfort.
God mottaking
Elverhøy ligg i sentrum av Undheim, med samfunnshuset på eine sida og Smiegarden til Eli Undheim på den andre. Mange i nabolaget var ute og kikka då Elverhøy kom på plass i november.
Ein laurdag i januar, knipsa Eli Undheim eit bilde frå vindauget og skreiv på Facebook: «Min nye nabo, Mathias, hans far og kameratene, altså – i all slags vær og vind. Hatten av for den gjengen».
Innflyttaren fortel at både han og huset har fått ein varm velkomst.
– Eg har fått mange fine kommentarar. Eg hadde ikkje heilt venta det. Mange er innom og kikkar, og det verkar som dei synest det er gildt, seier han.