Arvid Mæland, Haydom, Tanzania, fest
FELLESSKAP: Arvid Mæland sørgde for både latter og følelse av fellesskap då han samla festdeltakarane i ein stor ring. Foto: Keth Odland

(Dalane Tidende): Ein buss med stødige hender på rattet og litt mindre stødige passasjerar, både på taket og inni, kjem rullande på holete og humpete veg mellom høgreiste maisplanter. På ein open plass med hardtrakka raud jord blir transporten møtt av lokale dansande og syngjande menn inntulla i kjortlar og med kjeppar i hendene.

Kva er det som skjer?

Jo, denne veka er 27 personar, i hovudsak jærbuar og dalbuar, på reise i Tanzania med reiseselskapet til Arvid Mæland.

Måndag kom følget til Haydom, der jærbuen Ingar Kvia er sterkt involvert i renommerte Haydom Lutheran Hospital, først og fremst i drifta av verkstaden og utstyrsparken, og den store gardseigedommen som høyrer til sjukehuset.

Ved hjelp av stort kontaktnett og kreativitet hjelper Arvid den munnrappe kameraten sin til å samla inn pengar til prosjektet, som han nærmast har lagt sjela si i dei siste 25 åra. Blant mykje anna er Mæland annakvart år auksjonarius på auksjonen som samlar opptil 1.500 personar på Eiksenteret i Klepp. Og når han arrangerer turar til Tanzania, inngår alltid Haydom i reiseruta.

Dei to siste åra har Mæland rive i ein stor fest på Haydom-garden i anledning noregsbesøket. Så også denne gongen.

SYMBOLTUNG DANS: Sjølv om song og rop er uforståelege for ein nordmann, er det lett å forstå at dansen handlar om å vinna jentene sin gunst.
SYMBOLTUNG DANS: Sjølv om song og rop er uforståelege for ein nordmann, er det lett å forstå at dansen handlar om å vinna jentene sin gunst. Foto: Foto: Keth Odland
STAMMESAMFUNN: Dansarane tilhøyrer Datonga-stammen, éin av 125 tradisjonelle stammar i Tanzania.
STAMMESAMFUNN: Dansarane tilhøyrer Datonga-stammen, éin av 125 tradisjonelle stammar i Tanzania. Foto: Foto: Keth Odland

Dei 12-14 tilsette i verkstaden til Ingar Kvia har arbeidd i to dagar med å ordna og rigga. Nå er velkomstdansen i gang. Over gloheite glør er tre heile geiter ferdig grilla og klare til å serverast i lag med salatar og steikte potetar.

I tillegg til nordbuarane og dei 15 dansarane frå Datonga-stammen, er mange fleire frå same stammen, arbeidsfolka på Haydom-garden, familiane på nabobruka og leiinga på sjukehuset med på festen, nærmare 150 til saman.

VASKEKØ: Ein tur innom stasjonen med varmt vaskevatn og såpe må til før måltidet.
VASKEKØ: Ein tur innom stasjonen med varmt vaskevatn og såpe må til før måltidet. Foto: Foto: Keth Odland
FESTMAT: Heilsteikt geit er noko av det finaste du kan få servert i Tanzania.
FESTMAT: Heilsteikt geit er noko av det finaste du kan få servert i Tanzania. Foto: Foto: Keth Odland
FEST FOR ALLE: Stor og liten, høg og låg; alle var velkomne på festen. Denne karen føretrekte maisgraut framfor pommes frites.
FEST FOR ALLE: Stor og liten, høg og låg; alle var velkomne på festen. Denne karen føretrekte maisgraut framfor pommes frites. Foto: Foto: Keth Odland

Alle forventar at også cowboyen skal bidra til festprogrammet. Dei blir ikkje skuffa.

– Opp og stå, gi kvarandre hendene! instruerer den verdsvande bonden.

Ringen av innfødde og tilreisande nordmenn blir lang når også dei sjenerte smågutane som har gått etter lyden og våga seg ut av buskane og nesten heilt fram til festplassen, blir henta inn og hekta på lenka.

«Hei, eg heiter Jon, og eg arbeider på ein knappefabrikk», startar Arvid.

Han held fram med rungande røyst:

«Eg har kone og fire barn, og ein dag kom sjefen inn til meg og sa: Hei, har du det travelt?».

Nei, Jon har det ikkje travlare enn at han kan dreia knappar med både høgre og venstre handa, etter kvart også begge føtene, så rumpa og til slutt også tunga.

Dermed står nokon titals nordmenn og mange fleire afrikanarar tett i tett under mørknande tanzaniansk himmel, og oppfører seg fullstendig latterleg i lag. Den eine manglar det meste av det sidemannen reknar som heilt avgjerande for eit godt liv. Den eine meskar seg med akkurat det han eller ho vil kvar einaste dag, mens jenta ved sida av kjem til å hugsa snopet ho nettopp har fått i lange tider.

IKKJE KVARDAGSKOST: Godte(bere)posen til Roald Kverme er populær.
IKKJE KVARDAGSKOST: Godte(bere)posen til Roald Kverme er populær. Foto: Foto: Keth Odland

«Ja, vi elsker» og den tanzanianske nasjonalsongen blir sunge før Mæland til slutt splittar lenka slik at alle får tatt kvarandre i hendene eller gitt «high five».

– Makalaust gildt, oppsummerer han i bekmørket når reisefølget hans inntar plassane i bussen for å kjøra tilbake til sjukehusområdet.

– Dette er ein like stor fest for dei som bur her som for oss. Den største gleda ein kan ha, veit du, seier Mæland og konkluderer:

– Ein bør ikkje bare ta den asfalterte turistvegen når ein er ute og reiser i Afrika. Den humpete misjonærvegen er mykje meir spennande.