Det er hektisk å vera gründer og småbarnsmor. Det er berre andre gongen Aleksandra Patalon prøver å opna inngangsdøra, og det går ikkje så bra. Nøkkelen som fungerte i går, vil ikkje opna det som om nokre månader skal vera eit leikerom for barn.  
Det er hektisk å vera gründer og småbarnsmor. Det er berre andre gongen Aleksandra Patalon prøver å opna inngangsdøra, og det går ikkje så bra. Nøkkelen som fungerte i går, vil ikkje opna det som om nokre månader skal vera eit leikerom for barn.   Foto: Snorre Standish Norheim

For to år sidan opna Aleksandra og mannen Ville ting på Mariero – eit leikerom som drar besøkande heilt frå Jæren.

Det var kundar frå Bryne og Kleppe som sette ekteparet på ideen om å opna eit leikerom til. Ein av dei kjende ein meklar med eit lokale på Bryne, som paret vurderte ei stund.

Familiebedrifta tar mykje av tida deira, men i påske unnte paret seg ein ferie, og fekk då sett nærmare på Bryne.

Under ein spasertur i Storgata oppdaga dei eit anna tomt lokale. Dei ringde telefonnummeret som stod på banneret i vindauget, dagen etter var avgjerda tatt.

Her vil skapa det same som dei har fått til i Stavanger, som Ville ting sjølv samanfattar på denne måten:

Et sted der barna kan tilbringe tid i et gjennomtenkt miljø som stimulerer deres utvikling og fantasi, mens de voksne kan slappe av og møte nye mennesker.

Aleksandra starta fredagen med å ringa meklaren, som hadde nummeret til naboen, for å koma seg inn. – Det var tricky å opna med ein treåring. Nå får me sjå korleis det går å opna med ei på ni månader, seier ho.
Aleksandra starta fredagen med å ringa meklaren, som hadde nummeret til naboen, for å koma seg inn. – Det var tricky å opna med ein treåring. Nå får me sjå korleis det går å opna med ei på ni månader, seier ho. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Småjentene har styringa

Aleksandra fekk ideen då ho var nybakt mor, og etter kvart såg at det mangla eit tilbod til den førstefødde. Mia var tre år og fekk vera med og plukka ut leikene på Mariero.

To år seinare er det ei anna jente, ni månader gamle Nina, som er sjefkonsulent når foreldra gyver laus på sitt andre lokale.

På golvet har dei teipa opp den framtidige rominndelinga. Ut mot gata kjem det ein liten kafé for dei vaksne. På Mariero serverer Ville ting kaffi og sandwichar frå ei lokal bedrift, planen er å ha noko tilsvarande på Bryne.

Framme i lokalet har dei sett av plass til resepsjonen og ein liten butikk, som skal selja kvalitetsleiker Aleksandra har plukka ut, og som ofte ikkje er tilgjengelege andre stader i Norge.

Bak eit lågt gjerde kjem det klatreapparat og leiker – sjølve leikerommet. Det er ungane som er i fokus, frå eitt år og opp til skulealder.

Lokalet i Storgata har stått ledig lenge. Førre leigetakar var Harald Knutsen, som driv 3D-printarfirmaet Meisle i eit lokale vendt mot Mølledammen. Då Aleksandra ringde, fann naboen fram ein meisel og gamle kunstar, og fekk opp døra.
Lokalet i Storgata har stått ledig lenge. Førre leigetakar var Harald Knutsen, som driv 3D-printarfirmaet Meisle i eit lokale vendt mot Mølledammen. Då Aleksandra ringde, fann naboen fram ein meisel og gamle kunstar, og fekk opp døra. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Pedagogisk innretta

Aleksandra arbeidde som lærar i den internasjonale skulen (IB) i over ti år, før ho flytta til Norge i 2020, på grunn av jobben til mannen.

Ho jobba i fleire barnehagar og var kontaktlærar ved ein skule i Stavanger, før ho starta for seg sjølv.

Nettsidene til Ville ting forklarer at leikerommet er inspirert av naturen og filosofien til Maria Montessori og Reggio Emilia.

– Eg blandar ulike pedagogiske retningar, og liker ikkje å fokusera berre på éin, presiserer Aleksandra.

Slik er det med utvalet av leiker òg. Ja, mykje er laga av tre – men det er også togsett, duplo og Brio-produkt, som har plastdelar.

Éin ting som ikkje vil finnast i lokalet, er skjermar. Aleksandra oppmodar foreldra til å legga vekk telefonen og fokusera på ungane.

Somme tider legg ho ut pedagogiske synspunkt på sosiale medium. Ein av dei siste postane – om korleis ungane bruker sklia – seier mykje om tilnærminga hennar til leik.

– Det er mange foreldre som seier at ungane ikkje skal klatra opp sklia, og seier «nei, nei» – at dei må gå opp den andre vegen. Eg prøver å forklara dei kvifor det er så viktig at ungane får gjera det som fell dei inn.

– Eg elskar leiketøy av tre, men det er ikkje det einaste som gjeld. Ungane bør ha ulike alternativ å leika med, alt handlar ikkje om materialet. Det handlar om formålet, og kva ungane kan få ut av leiken.
– Eg elskar leiketøy av tre, men det er ikkje det einaste som gjeld. Ungane bør ha ulike alternativ å leika med, alt handlar ikkje om materialet. Det handlar om formålet, og kva ungane kan få ut av leiken. Foto: Foto: Amanda Paulsdatter Vennemo / RA Stavanger

Framleis i oppstarten

Aleksandra er van med leikerom frå heimlandet Polen, og veit konseptet har slått an andre stader i Europa, men var usikker på om det ville passa i Norge.

– Eg reknar oss framleis som ei oppstartsbedrift. To år er ikkje så mykje, sjølv om mykje har skjedd på dei åra, seier ho.

Nå har Ville ting fire tilsette, og treng fleire, men det har vore ein hard jobb for å få til berekraftig drift. Aleksandra meiner pilene peikar oppover og ser optimistisk på det å satsa på Jæren.

I Stavanger har foreldra mange alternativ på dagtid, slik er det ikkje på Jæren, meiner Aleksandra.

Ho har ikkje undersøkt mykje, men har høyrt om tilbodet Blå Kors har i Saron-bygget på Bryne. Andre alternativ kjenner ho ikkje til.

Bruker same formel

På Mariero forvandla Aleksandra eit stort kontorlokale og skapte Ville ting. Ho tar med den same oppskrifta til Bryne, men vil ikkje gjera alt likt – medlemmane som har tilgang til begge stadene, skal få ei litt annleis oppleving på dei to stadene.

Lokalet er mindre enn i Stavanger, men skal ha det same tilbodet av klatrestativ og leiker. Besøkande reserverer tid i eit enkelt bookingsystem.

På Mariero har Ville ting mellom anna hatt felles måltid, lesestund, samarbeid med ein yogainstruktør og ein doula (ein fødselsstøtteperson).

Nokre av samarbeidspartnarane har takka ja til å vera med til Bryne, og Aleksandra vil sjå om det er mogleg å få til noko med lokale aktørar òg.

Nina har overtatt sjefsrolla som systera Mia hadde under førre totalforvandling. For to år sidan vart eit lokale på Mariero omdanna. I sommar skjer det same i Storgata. Foreldra må jobba fort for å rekka fristen dei har sett seg, to veker går med til ferie i Gdansk.
Nina har overtatt sjefsrolla som systera Mia hadde under førre totalforvandling. For to år sidan vart eit lokale på Mariero omdanna. I sommar skjer det same i Storgata. Foreldra må jobba fort for å rekka fristen dei har sett seg, to veker går med til ferie i Gdansk. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Opnar i september

Besøkande kan betala per besøk eller teikna månadsabonnement. Dei vaksne betaler –men ikkje for seg sjølve, berre for ungane.

Besøket svingar i Stavanger. På sundagar kjem det normalt hundre barn, rundt seksti–sytti på laurdagane. På vekedagane kjem det gjerne mellom ti og tjue.

– Viss me får rundt tretti om dagen, hadde det vore strålande, seier Aleksandra om korleis snittet bør vera på Bryne.

Tilbakemeldingane etter at ho varsla opninga, i ein post på Instagram-kontoen til Ville ting, har vore oppløftande.

– Umiddelbart fekk me gratulasjonar og kommentarar frå folk som er glade for at me kjem, seier ho.

Ein lærar med deltidsstilling har til og med tatt kontakt med ønske om å jobba for Ville ting.

Ville ting har overtatt nøklane, men kontrakten startar 1. juli. Då har dei to månader på seg til å gjera lokalet klart for opning.

– Det var skummelt og risikabelt, men veldig gøy – me liker det. Me gjer dette for barna, sa Aleksandra då RA Stavanger besøkte Ville ting eitt år etter opninga på Mariero. Lite visste ho då at dei snart skulle gjera det same éin gong til.
– Det var skummelt og risikabelt, men veldig gøy – me liker det. Me gjer dette for barna, sa Aleksandra då RA Stavanger besøkte Ville ting eitt år etter opninga på Mariero. Lite visste ho då at dei snart skulle gjera det same éin gong til. Foto: Foto: Amanda Paulsdatter Vennemo / RA Stavanger