– Eg og KrF er så stolte over at me har komme dit me har i dag i saka med å bygga ein ny skule for 1. til 7. klasse på Vigrestad, sa Ann Helen Østrem under kommunestyremøtet torsdag i førre veke.
Østrem var spesielt opptatt av at det vert slutt på ein spesiell skulestruktur, med 1. til 4. klasse på det som før var ein barneskule og 5. til 10. klasse på det som fekk namnet «storskulen». Denne skulestrukturen, som det knapt finst andre av i landet, var meint å vera ei mellombels løysing i påvente av ein ny barneskule i Stokkalandsmarka eit par kilometer utanfor Vigrestad.
Stokkalandsmarka skulle vera Hå kommune sitt store vekstområde, men satsinga har aldri slått skikkeleg til, og det kom aldri noko grunnlag for å bygga ein eigen barneskule der.
Ny barneskule
Det er det som er bakgrunnen for at Vigrestad levde med den mellombelse skulestrukturen i to meir og meir nedslitne skulebygg i nærare 20 år før politikarane endeleg tok avgjerda om å bygga ein ny barneskule aust for Vigrestad sentrum, på ei tomt som ligg mellom Vigrestad barnehage og idrettsanlegget.
Den gamle storskulen skal gjerast om til ein rein ungdomsskule. Her skal òg den lokale bibliotekfilialen få plass. Prisen for det heile er venta å komma opp i 335 millionar kroner.
I tillegg kjem ein ny fleirbrukshall til rundt 50 millionar kroner. Den trengst for at alle barneskuleelevane skal få plass til gymnastikkundervisning. Planen er å bygga fleirbrukshallen i samarbeid med Vigrestad idrettsklubb.
Det skal òg byggast ein ny tilkomstveg til den nye skulen. Vegen skal gå frå Langgata i nord til Haugstadvegen i sør.
Den endelege avgjerda om å bygga skulen, vart tatt i november 2022. Likevel vil skulen neppe stå klar før i 2029.
Då vedtaket om at Vigrestad skulle få ny barneskule kom, var Ann Helen Østrem engasjert i saka som medlem av vellaget i Stokkalandsmarka. Seinare vart ho rekruttert inn i KrF, som hadde merka seg engasjementet hennar. I haust vart ho valt inn i kommunestyret.
– Ting tar tid
Torsdag fortalde ho at det ikkje tok ho lang tid å læra seg ein ting: Ting tar tid i politikken.
– Eg har sett meg nøydd til å forstå at kommunale bygg ikkje vert bygd så fort som mannen i gata håpar på. Når eg les at her skal ein til dømes ta omsyn til dyreliv, flaumforebygging, etablerte bustader, reguleringsplanar, jordvern, motsegner og så bort etter, forstår eg at slike saker tar tid. Eg vil rosa administrasjonen som ser ut til å ha tatt alle desse omsyna, seier ho.
Delar av finansieringa kom på plass i rett før jul, då kommunestyret vedtok budsjett for 2024 og budsjett og økonomiplan for 2024 til 2027. Så langt er det sett av 107 millionar kroner til prosjektet. Pengane kjem i slutten av økonomiplanperioden.
– Nå er me i februar og har allereie fått dette i hendene, sa Østrem og sikta til forslaget til planprogram politikarane hadde framfor seg.
Konsekvensutgreiing
Eit planprogram er ein oversikt over det som skal gjerast av planarbeid før bygginga kan begynna, når det skal gjerast og kven som skal involverast.
Blant anna må det gjerast konsekvensutgreiing. Her vert naturmangfald, jordvern, friluftsliv og landskap viktige stikkord. Kommunen skal òg gjera ein risiko- og sårbarheitsanalyse. Her er handtering av overvatn, trafikktryggleik, påverknad frå vind, brann i bygg og anlegg og forureining og støy identifisert som viktige tema.
Eit samrøystes kommunestyre var einige om å senda planprogrammet ut på høyring. Alle som har synspunkt dei meiner kommunen bør ta omsyn til, har frist fram til 7. april til å komma med høyringsinnspel.
På bakgrunn av desse innspela, skal det utarbeidast eit endeleg planprogram. Politikarane skal, etter planen, vedta dette planprogrammet ein gong før sommaren.
På bakgrunn av dette, vil kommunen legga fram eit første forslag til reguleringsplan som så vert send ut på høyring hausten 2025. Målet er at politikarane skal gjera eit endeleg vedtak i løpet av første kvartal i 2026.
Først etter dette vedtaket er gjort, og eventuelle klager er ferdig behandla, kan sjølve bygginga gå i gang.