På grasplenen som ligg mellom klubbhuset til Ogna golfklubb og Helgåvatnet vil Hans Berge Stokkeland og Kjell Inge Reianes bygga ein ny campingplass med 26 hytter.
Tanken er at folk skal kjøpa hyttene, og betala årleg leige for grunnen hyttene står på.
– For folk flest
Reianes har, i lag med kona Camilla, eit firma som heiter Mini Suites. Firmaet driv blant anna med mikrohus, det vil seia einebustadar på 30 kvadratmeter eller mindre.
Då eit av Mini Suites sine mikrohus stod stilt ut hos IKEA på Forus, tok Hans Berge Stokkeland, som kjenner Reianes godt, frå både Ogna Scene og musikkmiljøet generelt, turen for å kikka.
Stokkeland enda med å bli så inspirert at han ringde Reianes for å høyra om ikkje dei to skulle finna på noko spennande saman.
Dermed var frøet sådd for det som, i alle fall inntil vidare, har fått namnet Grønefed camping. Her skal dei to tilby campinghytter for folk flest.
Hyttene er ikkje meir enn 25 kvadratmeter store, men har det grunnleggande på plass: To soverom, stove, kjøkken og bad.
Ute er det sett av seks kvadratmeter til terrasse og tre kvadratmeter til utvendig bu.
– Me har ein visjon om at vanlege folk skal ha råd til ein plass å feriera. Slik det har blitt i dag, har det blitt nesten umogleg for vanlege folk å få seg ei hytte, seier Reianes.
Litt av utearealet var hytte sitt uteareal skal kunna nyttast til å dyrka eigen mat.
Prisen på hyttene er ikkje klar, han kjem an på avtalane dei klarar å sikra seg med lokale leverandørar, men målet er å unngå å vippa to millionar kroner.
– Me håpar det. Det hadde vore kjekt, seier Reianes.
Kompakt camping
Stokkeland slår fast at det er ein marknad for det dei tilbyr.
– Det er mange som har spurt etter litt rimelegare campinghytter, seier han.
Her, på Grønefed, vil dei, ifølge Stokkeland, kunna få ferdige hytter på det han meiner er ein framtidsretta campingplass.
– Me har tenkt på at det skal vera berekraftig med tanke på vedlikehald og slike ting. I tillegg er det kompakt, plassutnyttinga er god, då set det ikkje så store fotspor. Sånn sett er det heilt toppers, seier han.
I og med at hyttene ligg tett, reknar dei med at sjansane er gode for godt miljø og godt naboskap hytteeigarane i mellom.
Frå før driv Stokkeland Grønefed kulturtun i same område, der Ogna Scene kan henda er den mest kjende attraksjonen. Han reknar med store synergieffektar.
– Definitivt, seier Stokkeland.
Reianes slår fast at både golfbanen og Ogna Scene er kjende destinasjonar i nabolaget. I tillegg kjem Helgåvatnet og stranda på andre sida av fylkesvegen.
– Alt ligg til rette for at folk kan seg ei roleg stund her nede, seier Reianes.
Dei to reknar med at den kompakte utforminga kan styrka miljøet på campingplassen.
– Det er ganske naturleg at det oppstår eit miljø når det er så tett. I tillegg er det nært både golfbanen og, ikkje minst, Ogna Scene, seier Stokkeland.
På lag med landskapet
Målet for Grønefed camping, ifølge planforslaget som i desse dagar er oppe til andre gongs behandling, er enkle campinghytter som spelar på lag med naturen, tar vare på området sine estetiske verdiar og unngår omfattande inngrep.
I forslaget heiter det at sjølv om tradisjonelle campingplassar i utgangspunktet handlar om mobile bueiningar, blir resultatet ofte av meir permanent karakter, med isolerte fortelt, større terrassar, tilbygg og parkeringsplass for bil med tilhøyrande vegsystem.
På Grønefed camping freistar dei å gjera avtrykket mindre.
Eit av grepa dei tar, er å bygga hyttene på eit stripefundament. Det sikrar at inngrepa i naturen ikkje blir større enn dei må, samtidig som det er eit mellombels tiltak, slik det òg vil vera å plassera ei campingvogn same plass.
Sjølve campingplassen blir bilfri. Parkeringa skal vera i forlenginga av golfklubben si parkering og på oppsida av vegen som går langs campingplassen og vidare til Ogna Scene.
Hyttene skal vera under fire meter høge og ha grøne tak.
Dei grøne taka skal gje både miljømessige og arkitektoniske fordelar. Hyttene blir betre integrerte i landskapet og taka bidrar til overvasshandteringa, skal ein tru planforslaget.
Området er allereie sett av til campingføremål i kommuneplanen.
Sjeldne fuglar
Likevel var det opp til fleire styresmakter som stegla då dei fekk sjå det første forslaget til reguleringsplan.
Både Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Statsforvaltaren i Rogaland fremja motsegn. NVE meinte faren for flaum ikkje var godt nok greidd ut, og Statsforvaltaren var uroa for påverknaden på miljøet, særleg sidan fleire raudlista fugleartar har tilhald i området rundt Helgåvatnet.
Dette blei løyst, blant anna ved å flytta campingplassen litt lenger vekk frå vatnet, ved å venda hyttene mot søraust og ved å sikra ei buffersone mot vatnet ved å setta opp eit gjerde og ein vegetasjonsskjerm.
Rogaland fylkeskommune fremja ikkje motsegn, men var uroa for at hyttene skulle få eit for permanent preg og få for stor innverknad på landskapet. Dette blei løyst ved å krympa storleiken på terrassane og buene.
Nyleg blei reguleringsplanen banka gjennom i Utval for samfunn, utan andre merknadar enn at det ser godt ut.
– Det er jobba godt med planen. Dei har tatt til seg dei innspela som har komme, sa Olaus Trygve Bjuland (KrF).
Siste ord i saka er det kommunestyret som har, men ut frå stemmegjevinga i utvalet, som samrøystes gjekk inn for å vedta den nye reguleringsplanen, tyder det meste på at planen vil gå gjennom der òg.
Interessa for hyttene er, ifølge pådrivarane, allereie stor, men dei avventar kommunestyrebehandlinga og høyringsfristen på tre veker før dei gjer noko meir.
– Men då blir det bånn gass, seier Stokkeland.
– Stor etterspurnad
Han roser kommunen for å vera til stor hjelp gjennom prosessen så langt.
– Det har vore ein fantastisk prosess. Kommunen har vore velvillig og behandla ting fort. Me er veldig glade for samarbeidet me har hatt med dei. Det har vore litt meir oll med Statsforvaltaren og fylkeskommunen, men me har komme i mål der òg, seier Stokkeland.
Han er med i eigenskap av å vera grunneigar, medan det er Reianes og kona, gjennom selskapet Reianes & Myrås, som eig sjølve prosjektet.
Stokkeland har god røynsle frå campingbransjen. På andre sida av Nordsjøvegen driv han Skogly camping.
Det er heller ikkje lange vegen til Brusand camping og Ogna camping.
– Kor mange campingplassar er det eigentleg plass til i Søre Hå?
– Eg vil absolutt seia at etterspurnaden absolutt er stor nok. Det er ein veldig interesse for turisme og fritidsbustadar i Søre Hå.